Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Vi har tenkt oss på tur til Stølsheimen i midten av juni og har planlagt å dra torsdags kveld (evt. fredags morgen) til søndag. Vi vil ikke gå så alt for langt hver dag, siden de siste turene har blitt litt stress siden vi har begrenset med tid og må rekke bussen :?: Denne turen er planen å ta seg god tid og kanskje få tid til litt fisking.

I den forbindelse ønsker jeg ruteforslag. Vi har tenkt til å sove i telt så områder for telting er også interessant. Vi har ikke bil og er av den grunn ikke så fleksibel på start og endested (vet noen noe om bussruter?). Vi ønsker også tips om fiskevann.

Linn

Annonse
Skrevet

I midten av juni vil det i år fortsatt vere mykje snø i Stølsheimen, både i aust mot Vikafjellet og mot vest. Det vil sikkert vere råd å gå dalane frå t.d. Stølsvatnet mot Solrenningen og innover Berdalen mot Åsedalen. Men utover desse dalane bør ein vere førebudd på veldig mykje snø og at elver som seinare på sommaren er lette å passere vil medføre kald vading i midten av juni.

Skrevet

Grei og lett tur som kan anbefales er som følger; ta bussen til Sundve på E16, gå til Torvedalshytta via Engjaland og Reppane. Neste dag går dere til Tvinnestølen, gjerne med en tur oppom Kvitanosi. Siste dag er det en fin dagstur til Voss sentrum. Det kan også være muligheter til å overnatte på Engjaland dag 1.

God tur!

Skrevet
Grei og lett tur som kan anbefales er som følger; ta bussen til Sundve på E16, gå til Torvedalshytta via Engjaland og Reppane. Neste dag går dere til Tvinnestølen, gjerne med en tur oppom Kvitanosi. Siste dag er det en fin dagstur til Voss sentrum. Det kan også være muligheter til å overnatte på Engjaland dag 1.

God tur!

Når føret tillater det vil eg heller foreslå å ta bussen litt lenger, til starten av Sendedalen på Vikafjellet og følge denne til Torvedalen. Då kan ein gå på sti heile vegen, slepp asfalt og grusveg kilometervis frå Sundve og slepp også den tunge kneika opp til Mykjedalsvatnet. Dessutan er Sendedalen ein flott dal! Sidan de skal ha med telt er det sikkert fordel å sleppe stigninga. Mien som sagt er eg redd juni er litt tidleg i år, det er fortsatt flott skiføre i store delar av området.

Skrevet

Vi gikk i utkanten av stølsheimen i helga 8-10. mai, og da var det nesten ikke noe snø på strekningen Andvik - Kalvedalshytta - Stusdalen. Vel er dette vel litt lavere og terrenget var fortsatt vått, men ski kunne man iallefall ikke bruke. Vi trasket kun over snø på et 50 meters strekk og det var rett etter kalvedalshytta.

Har dere noen andre bra anbefalinger? Er Bergsdalen et bedre alternativ?

Skrevet

Ser ut til at vi velger å gå i Bergsdalen istedet. Vet noen noe om eventuelle snøforhold der og om det er bra å telte?

Skrevet

Varmen på Vestlandet dei siste vekene har nok gjort mykje med snøen, også i Bergsdalsfjella. Har ikkje gått i fjella i det siste, men legg ved eit bilete eg tok sist søndag frå Byrkjefjell på Kvamskogen mot Svartavatnet og Bukkafjella (Bergsbukken og Småbrekkebukken som antyder tilstanden då. Elles kan det vere greit å kikke på Senorge sine snøkart: http://www.senorge.no/mapPage.aspx

Har ikkje telta i området, så teltplassar veit eg ikkje så mykje om, men skulle eg tru var greit å finne?

post-908-133474549868_thumb.jpg

Skrevet

Er ikkje så ofte innom no, men eg fann denne tråden. Når det gjeld store delar av Stølsheimen er det nok store snømengder der som vil verta liggjande til fram mot seinsommaren, iallfall i nord og vest som mellom Modalen og Masfjorden, og mellom Modalen og Sognefjorden. De brukar telt, nemner de. Kva med å ta turen til fjellpartiet mellom Eksingedalen sin midtre del og Modalen? Områda rundt Hesjedalsvassdraget innanfor Stamnes (innanfor Dale) er nok fine no. Så har me områda frå Bolstadfjorden mot Øvstedalen og vidare innover, men der må ein pårekna eindel vandring på veg. På Sognesida er framkomsten buss og eller båt/ferje. Kjem de inn til Ortnevik er nok Brydalen fin på denne tida. I Arnafjorden er det nok greitt å koma seg til Vatnane frå no av, reknar eg med. Vidare frå Vatnane og innover i Stølsheimen er det nok for mykje snø i vekevis endå. Gå heller ein tur på Fagerdalshalvøya og kikk ned i Finnafjorden, Stølheimen sitt vakraste og mest spektakulære skue. I Bergsdalen er det nok eindel snø i fjella endå, men held varmen på framover kan det verta aktuelt å gå i området mellom Hamlagrøosen (Alexander Grieghytten) ogBolstad eller Evanger. Det er omtrent ikkje bussamband i Bergsdalen heile sommaren, men det går ei postrute oppover frå Dale om føremiddagane. Ring TIDE i Lonevåg på tlf. 56 39 38 50 for informasjon om bussruter i området. Sundagen bør de gå mot Bolstad eller Evanger. I Bergsdalen går det ingen buss på sundagar, men frå Bolstad og Evanger går det både buss og tog. Ein kan óg gå både til og frå Bolstad eller Evanger. Har de tid nok til å gå ein langtur frå E 16 eller jernbanestoppet på Bulken, der ei lang vandring på veg må påreknast, kan de gå oppover vegen frå Bulken mot Hodnaberg (evt. tinga taxi). Når de er på Narheim kan de følgja ein sti som går mot sørvest til vakre Lundaholmen. Dette er ei vakker perle av dei sjeldne, der det er ein spreidd støl som ligg i området. Ta turen bort til selet på sjølve holmen. Derifrå kan de gå vestover mot Lonane, og så trekkja ned mot Evanger eller Bolstad.

Helsing Stuttjukken.

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.