jarle Skrevet 1. oktober 2007 Skrevet 1. oktober 2007 Fredag: Vi var ein gjeng på 6 frå NTNUI Ski og Fjellsport, som skulle på bretur. Eller som vi sa på turmøtet: "Blir det fint vær, så kan vi vel lure oss opp på ein topp eller to"... Ved avreise Trondheim på fredag var vermeldinga for Sognefjellet veldig lovande for laurdag formiddag, men kl 14 skulle det skye til. Difor vart det fatta vedtak om "alpin start", og vekkerklokka vart stilt til 0500 etter middag og litt småprat om ruteval.Laurdag: Det var ein kald trekk i min ende av teltet alt før vekkarklokka kima, og eg var glad for at det var på tide å stå opp og komme seg igang. Og lykke! Rett nok var det kaldt å gå ut for å pisse i stilongsen, men himmelen var skyfri og månen kasta skuggar! Frukost, pakking og slikt vart overstått, slik at vi var klar for avmarsj litt over 6.Første utfordring Alt ved parkeringa på Krossbu møtte vi dagens første utfordring. Brua låg demontert for vinteren, og steinane i elva hadde kragar av is! Det siste ein ønskjer ein kald septembermorgon er å bløyte sko og sokkar før turen er igang, men over måtte vi og over kom vi tilslutt. Med ein stadig lysare himmel over oss, dukka meir og meir av kvite Hurrung-fjell opp etter som vi vann høgde opp mot Leirbrean/Bøverbrean. Eit vakkert syn i morgonsola! Oppe ved breen slo vi raskt fast at det såg greit ut å gå utan tau. Litt oppe på breen, i konversasjon over kartet, vart vi og einige om dagens rute: Travers av dei Søre Smørstabbtindan, med ein avstikkar på Gravdalstinden, det heile avrunda med ein familie Bjørnar om veret tillet det. Som sagt, så gjort: lett trav over breflata, med fotopausar etterkvart som sol og tindar dukka opp.Sørvestre Smørstabbtinden Omlag kl 9 nådde vi toppen av denne lette, men flotte toppen. Forholda var perfekte på breen, og like flotte på toppane og ryggane; Tørr nysnø på tørr stein. Ingen lumsk is som lura i ura her nei! Toppfoto vart teke med sjølvutløysar, og vi fortsette ned i skaret mot Søraustre for ein rask rast. Her var det ly, sol og eit og anna lemen. Sjokolade og varm toddy gjekk ned på høgkant, før vi fortsette over skaret, og opp langs den imponerande vindgryta under "vesle Gravdalstinden"Gravdalstinden Vi kom opp på ryggen mellom Gravdalstinden og Søraustre Smørstabbtind. Og følgde ryggen bort til vesle. Her tok vi ned på breen, og stakkatogjekk oss opp snøbratta ganske nære ryggen. Vidare var det grei skuring til topps, og fleire toppfoto. Utsikta fra Gravdalstinden er imponerande! Det syntes tydeligvis og eit ravnpar som sat på toppvarden då vi kom. Under oss stupa det bratt ned på breen og vidare ned i Gravdalen, der isen låg langs land. Falketind kneisa i det fjerne, allereie med ei linseforma sky som ein kalott over seg.Søraustryggen Vi gjekk så tilbake samme vegen som vi kom, og fortsette over Søraustre Smørstabbtindan. Lett opp til 2033, og så vidare. Her vil den observante bibellesar dog oppdage at ein liten gul trekant har teke residens. Denne vart i forskjellige stilar forsert av halve turfølgjet før fjerdemann oppdaga ein stor og laus stein. Han venta diskret til det var klar bane, og så for steinen flygande ned mot breen. Etter denne vesle vekkaren tok vi på hjelmen, og vi kunne fortsetje meir eller mindre udramatisk ut ryggen. Men i aust kraup skyene nærare og nærare.Storebjørn Vi kom greit ned på breflata igjen, og bestemte oss for å prøve på Storebjørn sjølv om himmelen tetna til, og vinden auka litt på. Den vanlege vegen opp til like under "tutten" som stikk opp på ryggen, no på god veg inn i skyene. Her skal eg innrømme at eg hadde mest lyst å snu, sidan eg ikkje er kjempefan av toppar og uver, men vi enda opp med å sele oss opp i tau og all slag krimskrams og kom greit til topps. Her var det jo overraskande nok lite å sjå, så vi kom oss like raskt ned igjen. Ned igjen på breflata til Smørstabbreen tok vi ut ein kompasskurs litt vest for Kalven og labba i veg inn i grauten. Vi tilbakela omlag to kilometer inne i han, før vi endelig kom ut under skylaget nede ved nordvestfoten. Herifrå og ned til innsteget var det berre å spasere, og vi fekk eit lite stykke følge av to lemen som må ha hatt ein striare tur enn oss. Etter kursen å dømme må dei ha komme fra Sørvestre Smørstabbtindan eller der omkring, og hadde kurs ned mellom brevatna under Leirbrean. Vi kan vel ikkje seie oss noko anna enn nøgde med så god uttnytting av finveret. Det var berre Storebjørn av toppane vi ikkje besøkte i sol. Dette burde og illustrere kor raskt veret skiftar i fjellet, det er jo ikkje så langt frå austraste av dei søre smørstbbtindane og over til Storebjørn... Vis rapporten i Turkartet Vis større kart Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.