Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

På tur heim nordaførr dura eg i bilen nedover E18 gjennom Vestfold. Sat der og kom til å tenke på kor mange fylkestoppar eg hadde vært på. Kom til at det måtte bli ein del og at eg måtte få dei opp på ei liste når eg kom heim. Men Fylkestoppen i Vestfold hadde eg aldri tenkt eller høyrt om. Einaste kart over Vestfold i bilen var Cappelens Store Kartbok i målestokk 1:325000. Ein rask sveip over kartet vist at Skibergfjellet oppe ved Eidsfoss måtte være den høgaste. Heile 632 moh. Så eg vrengte bilen av E18 ved Tønsberg og tok oppover riksveg 312. Spennende siden detta var første gang var utafor E18 i Vestfold. Innover flate bygder gjekk det styggfort. Gravdal, Vivestad og Kleppane blei passert. Svære bondegårder og låge skogkledde åser. Trur ein gard her ville romme alle gardane i Evje Len. Ikkje bare hvalfangst i dette fylket. Men GPSèn viste heller lite stigning. Kjørte fleire mil på høgder mellom 30 og 40 m. Såg fram til at det ville bli baksing i tett skog 500 høgdemeter. Det grove kartet viste ingen veger innover og ikkje noe finere kart å oppdrive på denne søndags kvelden. Passerte Hof i god fart og like før Eidsfoss dukka det sanneleg opp eit skilt med Skibergfjell på. Her viste GPSèn heile 41 moh. Tok innover her og oppover gikk det. Måtte avstå noen mynter i ein vegbomm før ferda gjekk vidare innover tett storskog med ugjennomtrengelig underkratt. Vidare oppover og noe brattare blei det. 4-5 hårnålsvinger blei passert, ikkje dårleg det. Og noen plasser var det tilogmed skote med dynamitt for å få fram vegen !! Etter kvart flata det noe ut og GPS`en passerte heile 400 meter. Skogen blei noe meir glissen, ikkje på grunn av høgda men heller på grunn av meir hogst. Så rett etter 500 høgdemeter var eg tydligvis framme med base camp. Her stod ein bil parkert og skilta sti fram til Skibergfjellet. Heile 2,8 km var det vistnok att. Ein heil familie med lokale tindebestigare kom dettande ned stien og ei småjente på 5-6 år viste stolt fram klokka si og proklamerte at returen hadde tatt 35 minutter. Ja da var det håp om å greie bestigninga før mørket kom. Bred sti innover i slak oppover. Et par hytter og selfølgelig ei brei kraftline måtte selfølgelig passeres. Så med et blei det ein åpning i skogen og Skibergfjellet dukka opp i all sin prakt med postkasse med loggbok, mast og telesamband. Her hadde et tydligvis vært en del folk før. Ein merkelig cementpokal på over meteren markerte topppunktet. Utsikten var vel ikkje all verdens men hva får en for 632- meter. At Skibergfjellet fortjener navnet sitt kan sikkert diskuteres. Korte ski må ein ihvertfall ha dersom ein skal gå på ski, for å kunne svinge mellom alle trea. Men toppen blei nå bestegen og ein ny Fylkestopp kunne tas med på lista. Tilbaketuren foregjekk uten dramatikk.

post-728-133474491306_thumb.jpg

post-728-133474491311_thumb.jpg

post-728-133474491315_thumb.jpg

post-728-133474491371_thumb.jpg

post-728-133474491378_thumb.jpg

post-728-133474491385_thumb.jpg

post-728-133474491391_thumb.jpg

post-728-133474491398_thumb.jpg

post-728-133474491405_thumb.jpg

post-728-13347449141_thumb.jpg

Annonse
  • 3 uker senere...

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.