Kathrine Skrevet 23. august 2007 Skrevet 23. august 2007 Hei! Planen var eigentleg å gå i Tafjordfjella no til helga, men sidan det har meldt 2 grader og regn(snø?) reiser vi heller på svigers si hytte i Sunnfjord og går turar derifrå. Tenker å bli der i 1-2 veker, og vil legge inn i alle fall ein telttur i tillegg til dagsturar. Nokon som har tips til kvar det er fint å gå i området? Gaularfjell? Vikafjellet?? Tips til dagsturar og lengre turar mottas med stor takknemlighet! Kathrine Siter
Agnar Skrevet 24. august 2007 Skrevet 24. august 2007 Forslag til dagsturar: Blægja frå Rørvik, Blægja og Kvamshesten frå Heilevang, eller Kvamshesten frå Bygstad. Tindefjellet frå Vassenden, gir veldig flott utsyn. På Jølster finst det ei mengde fine turmål. Frå Gaularfjellet: Gottopphesten/Jostefonn eller Johannesberget. Litt lenger vest Geitebotsfjellet og Skardfjellet. Frå Haukedalen er det fleire muligheiter. Rundt Nordalsfjorden nær Florø: Ålfotbreen og Gjegnen, i tillegg til mange andre toppar. Forslag til litt lenger tur: Frå Stongfjorden/Askvoll via Nipebu, til Blægja/Kvamshesten og til Langeland, eller den kan forlengast vidare mot Rørvikfjellet og Haukedalen. Frå Sandane til Longevasshytta og vidare til Ålhus eller Angedalen. Mange fine toppar underveis. Siter
Kathrine Skrevet 24. august 2007 Forfatter Skrevet 24. august 2007 Sitat Frå Haukedalen er det fleire muligheiter. Passar jo fint, for det er der "hytta" ligger. Frå før av har vi bare vert ein tur på Årskogstøylen og en tur oppover i dalen fra der lysløypa går. Har heilt klart tenkt meg en tur på Kabusen før eller seinare, men det spørs om eg får lokka med meg sambuaren min opp den bratte stien der.. Takk for mange turtips! Skal kjøpe oss eit kart i morgon, so får vi litt betre oversikt. Siter
sigurd Skrevet 24. august 2007 Skrevet 24. august 2007 Hytte på Årskogstølen ? Det har eg og Ellers er Gaularfjell området bankers Siter
Kathrine Skrevet 25. august 2007 Forfatter Skrevet 25. august 2007 Vel, det er ikkje eigentleg ei hytte, heller eit gammalt hus som ligg ned i dalen. Derfor "hytte". Gledar oss til å gå på turar inni der og kryssar fingrane for at metereologane tar feil dinna gongen og. Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.