Agnar Skrevet 27. juli 2007 Skrevet 27. juli 2007 Sist veke vart tilbringa i Jotunheimen, med fire dagar på vandring. På veg mot Eidsbugarden vart siste regnbyga passert i Årdal, men om kvelden var det perfekt for ein kveldstur til Skinnegge. Dei neste tre dagane var det mest sol, med litt skodde på toppane om morningen. Søndag starta litt grå, men det skein opp på ettermiddagen. Så då gjorde det ingen ting om regnet kom dagen etter, då skulle vi berre tilbake til Eidsbugarden med Bitihorn. Og sjølv om det låg litt nysnø på Besshø fredag og på Glittertind på lørdag, var det behageleg temperatur å gå i. Så meir perfekt går det ikkje an å få det. Og det er store kontrastar, frå dei slake toppane på sørsida av Bygdin, til irrgrøne Gjende med utsikt til stortoppane i alle retningar. Med lange periodar utan å sjå andre, til litt meir folksomt på Veslefjell. Siter
morten Skrevet 28. juli 2007 Skrevet 28. juli 2007 Dere fikk gjort litt av hvert må jeg si Agnar. Ikke verst. Er helt enig i at området er kontrastfylt og flott. Litt østland og vestland nesten på en gang liksom. Siter
Agnar Skrevet 29. juli 2007 Forfatter Skrevet 29. juli 2007 Ja det blei ein skikkeleg fin tur. Etterpå vart det nokre dagar på Beitostølen, med besøk på Bitihorn, med barn og barnebarn. Tenkte eg skulle fått med Rasletind siste kvelden, men måtte prioritere familielivet. Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.