Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Med flexitid i sommarjobben er det eigentleg helg frå torsdag kveld, men denne helga var det ingen turkameratar tilgjengelege før etter arbeidstid fredag. Når sant skal seiast var det godt å ha ein roleg dag etter å ha jobba heile veka på 4 dagar...

Men, det var duka for tur. Som nevnt i ein annan tråd var turmålet Fuglen, aka Fuglafjellet, på Kvamskogen. Eg har som tidligare nevnt eit hjarte for denne sida av Kvamskogen. Etter å ha ete middag kom me oss omsider avgårde, midt i køen som skulle til fotballcup på Voss. Men heldigvis går ikkje vegen til Voss om Kvamskogen, så bilturen gjekk tåleg greit. Litt før kl 21 var me klar for avmarsj frå Øvre Steinskvanndalen, med los på solnedgangen kl 1108. På tørr og fin sti gjekk det greit til eit stykke opp i ura nedanfor Gråurdaskardet, og her kom snøen endeleg til syne. Det var faste og fine forhold, så den vidare turen opp toppen av skaret gjekk fint det og! Her var det så klart for å få tunge ski og plaststøvlar av sekken, etter berre ca 300 høgdemeter til fots... Føret var upåklageleg slush, og sola skein fint der ho hang like over horisonten.

Det er alltid like fascinerande å komme opp i Gråurdaskaret på denne årstida. Det Kvamskogen bilfarande ser gjev inntrykk av at her herskar sommaren betingingslaust. Den oppmerksame skientusiast vil dog bite seg merke i snøfonna som ligg dannar ei kvit grense mellom urda og himmelen i toppen av Gråurdaskaret. Når ein kjem hit er det som å komme til ei anna årstid, for her ligg plutseleg snøen tjukt. Rett nok stikk det jo opp eindel knausar, men det er definitivt skiføre, og nærmast ikkje behov for å bære ski herifrå til toppen. Då vi likevel valde å gjere det inatt, var det først og framst fordi det til tider er gysleg bratt når ein skal bestige Fuglen frå denne sida...

Frå skaret tok me austover, inn i gryta under "vestveggen" på Fuglen. Her skein sola sjølvsagt framleis, og snøen var fin og passe hard. Det var dermed greit å komme seg opp, og berre eit lite parti valde me å klyve over stein for å omgå ei særdeles bratt flanke. Dessverre vekte me nok konkurranseinstinktet i sola, for ho gjekk litt for fort ned... Eit fint bilete vart det då likevel. Me nådde toppen omlag 2330, og som seg hør og bør vart toppunktet feira med Cola og Sitronkake frå Hardanger Bakeri. Etter litt fotografering, litt eting og litt påkledning var det så tid for å vende skituppane nedover omlag ved midnatt. Føret var vesentlig skarpare på toppen no, men det gjekk då heilt greit å komme ned til der vi bar ski på vegen opp. Å bære dei ned att same veg var uaktuelt, og etter ein litt ekkel travers over nokre lumske steinar og snøsprekker fekk me sett nok svingar i bratt slush på veg til å fryse at. Fint! Dei litt slakare partia nedanfor gav nokra svingar til, og alt i alt fekk me vel omlag 8-10 fine svingar ned her. Returen til skaret, og ned i dalen baud på ein fantastisk raud himmel, og bratte grassdekte bakkar. Vel tilbake i bilen var det tid for ny feiring, denne gong med seigemenn. Etter ein rask stopp på hytta med ein nøkkel var vi atter på veg heim, og eg fann senga kl 4 inatt.

Vel nøgd med ein gild tur!

post-339-133474471578_thumb.jpg

post-339-133474471586_thumb.jpg

post-339-133474471597_thumb.jpg

post-339-133474471605_thumb.jpg

Annonse
Skrevet

Ser ut som ein skikkeleg flott tur!

Eg sat på Bjørnaknausen og Gråhorgi i dag og kikka bort på blant anna Fuglafjellet. Lyt prøve å kome meg opp der i løpet av sommaren.

Skrevet

vi blei litt seine, siden vi måtte hente post i ålvik før vi kunne starte... har aldri fått noe særlig med fisk i kalderassen sjøl, men har jo ikkje fiska så mye de siste årene heller... men fikk en på oppunder halvkiloet i sundvordalen under en solformørkelse noen år tilbake.

FU: veit ikkje om du har vært på fuglen på sommerføre før, men du finner litt info på sidene til arnt, og det går ei varderekke opp omtrent der vi forserte det bratteste partiet igår. hiver du deg rundt og er snar er det nok skiføre en stund til... råkene i isen på vatnet der oppe var frosne igjen...

Skrevet

Har ikkje vore på Fuglen verken sommar eller vinter. Har heller ikkje vore på Iendafjellet, så eg lurer litt på å ta turen etter arbeid i morgon. Det er litt kortare enn opp på Fuglafjellet. Må nesten nytte det fine veret... Det skulle vel gå greit å gå på beina opp dit no, sjølv om det ligg ein del snø der? Og går det fortsatt an å leige nøkkel til bommen hjå NAF-campingen ved Jonshøgdi?

Skrevet

jepp, du kan leige nøkkel... det gjorde vi. brukte vel totalt ca 5,5 timer på turen vår, og hadde vel fått med oss Iendefjell og om vi hadde spandert 1,5t ekstra. det er ikkje så langt frå toppen av skaret. Du ser jo forøvrig snøforholda på Iendefjell på eit av bilda...

Snøen var fast og fin då me var der på fredag, til tross for ein varm dag.

god tur!

Skrevet

Eg kom meg på Iendafjellet i ettermiddag :). Varmt og fint, bortsett frå akkurat rundt Iendatoppen der det var varmt nok, men ganske svart over. Det er eit veldig flott område dette, heilt frå Steinskvanndalen (bortsett frå den dårlege vegen inn, letta over at eg ikkje punkterte der) og opp via Gråurdskaret (varmen gjorde ikkje akkurat skaret mindre bratt...), og til toppen. Må bli Fuglafjellet ein annan gong!

post-908-133474472453_thumb.jpg

post-908-133474472481_thumb.jpg

Skrevet

ser ut som du hadde ein flott tur! ser og ut som det har smelta litt snø i helga... er litt usikker på nøyaktigheita på eindel av ruta, men har iallfall forsøkt å tegne ho inn på biletet ditt teke frå iendefjellet. området inne i den blå ringen er rimeleg nøyaktig. dette er det bratte partiet, og nøkkelen til å komme seg på ski på fuglen på denne tida av året. traversen me tok på veg ned igjen var litt ekkel, om eg skal være ærlig. andre telemark-/randonee-lyn kjenner seg sikkert igjen når eg seier det var skikkeleg ekkelt å hive seg rundt for å komme inn i første svingen? så bratt var det iallfall for meg...

post-339-133474472488_thumb.jpg

Skrevet

Takk for det, lurte litt på kor det gjekk an å gå opp på Fuglafjellet, og tenkte kanskje opp den snøfonna i den blå rundingen din.

Det gjekk ganske ferske fotspor direkte frå Iendafjellet og opp på Fuglafjellet, så nokon har i alle fall gått begge fjella ein av dei siste par dagane.

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.