Agnar Skrevet 13. mai 2007 Skrevet 13. mai 2007 Grovabreen ligg innafor Jostedalsbreen Nasjonalpark, men heng ikkje saman med hovedbreen. Den ligg på grensa mellom Jølster og Førde, og er høgste toppen i Førde kommune. Værmeldinga sa enkelte byger ut på dagen, så vi skulle egentlig ha komme oss avgårde grytidleg, men først kl 9.00 kunne vi gå ut av bilen på Dvergsdalstølen, etter ein fin biltur langs eit blikkstille Jølstravatten. Og på stølen var det også stille, og sola strålte frå blå himmel. Etter å ha kryssa elva, og gått nokre få hundre meter var det berre å spenne på skia. Snøen var hard etter den kalde natta, så det var lett å ta seg innover Fagredalen. I bjørkeskogen skremte vi opp eit par ryper, som likte lite å bli forstyrra i beitinga tidleg på morningen. I botnen lengst inne var det å ta fatt på 500 høgdemeter opp til sjølve breplatået. Frå 1200 m gjekk det over til nysnø, men skiene sakk berre 5 cm ned i snøen. Etter ein kort matpause på dei siste steinane på 1500 m, bar det innover breen, og no begynte dei varsla skyene å legge seg ned på fjella rundt oss. Så det var berre å traske innover og håpe på det beste. Og sjølv om utsikta vart dårlegare etter kvart, hadde vi blå himmel over oss heilt til topps. På toppen var det like stille som då vi starta frå bilen, så det var verkeleg ei flott oppleving. For ikkje å snakke om returen, med 5 cm pudder, så sjølv ein amatør kunne sette telemarksvingar. Så returen gjekk rekordraskt, og heile turen var unnagjort på 5 timar. Tilbake på stølen gjekk dei første bygene på nordsida av Jølster, men kva gjorde det når vi hadde sol på heile turen. Vis rapporten i Turkartet Vis større kart Siter
eaa Skrevet 13. mai 2007 Skrevet 13. mai 2007 Det var et spennende innblikk i et landskap med få turrapporter! Sjøl har jeg ikke glemt Grovabreen siden jeg en speilblank julidag i -97 skuet opp mot iskappa himmelhøgt deroppe, idet vi fór ut av tunellen fra sør og kjørte langsmed den tinnblanke Kjøsnesfjorden retning Førde. Digre våte bergvegger sto rett til himmels overalt omkring oss, og under himmelen der oppe glitret det vakkert i turkise istunger på Grovabreen. Norsk prospektkort på sitt beste! Og det er brennsikkert verdt turen opp, for å nyte utsikten fra skarpkanten på prospektkortet! Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.