Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Hallo.

Jeg lurte på om noen har et godt forslag til hvor man kan finne snø begynnelsen av mai? Jeg tenkte da på alpine gleder . Er ikke enkelt å finne noe info om dette på nettet, og de fleste steder i alpene stenger 1 mai.

Annonse
Skrevet

Høyfjellene i Sør-Norge har ofte brukbar snø godt ut i juni, men du må normalt over 1000-1200 moh. Jotunheimen og Hurrungane er flotte steder for toppturer med randoneè eller telemark i mai. :wink: Det er mange fine turbesrivelser her på forumet hvis du søker litt.

Her er ett par eksempler:

https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=5494

https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=5334

Tenker du på slalombakker er ikke jeg den rette å spørre, men det finnes sommerskisentre ved Juvasshytta og ett på Strynefjellet.

Skrevet

Noen tips på andre snøsikre områder på denne tiden:

Områdene ved Eidsbugarden/Olavsbu/Leirvassbu

Sognefjellet med Smørstabbtindane

Lomseggen og Hestbrepiggane

Jostedalsbreen og områdene mot Sognefjellet

Hallingskarvet

Med andre ord alt litt vestpå over ca 1000 meter ! :wink:

knut

Skrevet

Er det alpin bakker du mener? tror de fleste bakker stenger i god tid før mai. Eneste stedet jeg vet om er bakken på Venabygdsfjellet, det ligger høyt, men solen peker rett på så det blir nok raskt snøfritt der også.

På Dovrefjell og omegn så er det ski føre i slutten av mai flere steder, men i år har snøen smeltet veldig raskt så du får bare se ann været fremover.

Uansett så må du komme deg høyt for å finne snø da.

Skrevet

I Vest er det mye snø i høyden i år (10 meter på jostedalsbreen enkelte steder). I disse områdene kan du nok velge og vrake i fine turer. Jotunheimen er en klassiker i mai og i år vil du sikkert kunne få fine dager på ski i begynnelsen av juni også. Skarvheimen og deler av Hardangervidda vil sikkert også kunne by på fine forhold i mai, men dette er jo ikke så alpint landskap da...Uansett må du selv bruke beina for å komme deg opp. Husk solkrem. God tur B)

Skrevet

Vikjafjellet (rv. 13 Voss - Vik i Sogn) er eit godt utgangspunkt for skiturar i mai. Frå parkeringsplassen i Sendedalen på Vosse-sida (ca. 2 km. nedanfor fylkesgrensa) er det berre å ta seg skiturar vestover mot Sendedalen og Grøndalen, og kanskje halda fram over Hundeggi mot Selhamar og inn i Stølsheimen. Derifrå er det ein kort tur til Finnbufjellet. Austover kan ein gå over i Grungedalføret (betre frå Sendedalen enn frå Holo og Kvassdalen pga. rasfaren), og deretter trekkja opp mot t.d. Bjørndalskammen via Flisramtjørna. Det er óg mogleg å halda frma austover og trekkja over i Jordalen eller gå ned til Stalheim, eller nordover frå inst i Grungedalføret mot det regulerte Muravatnet og halda fram mot bygdane i Vik. Det er nok ikkje lenge til ein kan gå mot Vik, og sleppa unna brattene der inne med å gå til fots på bar mark i dei skogkledde liane.

Lenger inne på Vikjafjellet kan ein stoppa ved Skjellingen, 1-2 km. forbi fylkesgrensa på Sognesida. Derifrå kan ein trekkja vestover mot Grøndalsfjellet og Skjellinganosi, med utsyn ned på Sognefjorden og innover mot Jostedalsbreen og Jotunheimen. Ein kan óg trekkja over Svartavatnet og gå ned innanfor vatnet. Deretter må ein gå oppover frå vegen mot sør til ein byrjar å nærma seg nordveggen i Skjellinganosi, for der vegen går dannar det seg ein mange meter høg loddrett skavlkant som ikkje er forsvarleg å forsera utan øks og tau. Deretter får ein svinga nedom ryggen på vestsida og trekkja mot nord eit godt stykke, og deretter svinga seg att og fram ned mot vegen og inn i bratthenget ned mot Bjergane. Skitur nord for Skjellinganosi til Bjergane og inn i Stølsheimen derifrå må ikkje gjerast når det er rasfare. Det er som nemnt nokre brattheng, så dette er nok ikkje aktuelt før snøen har sett seg skikkeleg langt ut i mai. Rett tid er når raudsildra byrjar å blomstra på dei kalkrike snaurabbane nord for Skjellinganosi. Dette går fint som ein sommarskitur tidleg i juni. Sjølv gjekk eg ein sommarskitur vestover 17.-19. juni 1997. Ruta var Skjellingen/Vikjafjellet - Svartavatnet - som nemnt over til Bjergane - Raudbergdalen - Selhamar (overnatting) - Treverkavatnet ved Raudberget (isen på større og lågareliggjande vatn var i ferd med å gå opp) - Rappen - Tindafarangen - Åsedalen (overnatting) - Halsetsstølen - Stordalen (pakka saman skiene, til fots derifrå) - Berdalen - Stølsvatnet - Steinsland i Modalen. Fjellet var folketomt, men det var full vårløysing og øyredøvande elva- og bekkje-sus overalt.

Ved Fossestølen lenger nord på Viksida av fjellet er det berre å tusla oppover mot Fossfjellet i sør, eller austover forbi Muravatnet og over Svelget til Fresvik-Jordalen og kanskje vidare til Fresvikbreen, Blåfjellet, Tverrbotnanuten eller Svinadalsholtane, alle på 15-1600-talet. Frå Storehaugtunnelen sin sørende kan ein gå vestover mot Sopande og vidare vestover mot Rivedalen, Turrdalen, Liabakken med nedrenn mot Bødalen (til snøen tek slutt) eller heilt ut mot Krokeggi og Saursete med utsyn mot Arnafjorden. Vikjafjellet har mykje å by på for skituristen.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Som Sigurd nemner har eg tru på Gaularfjellet, som dessverre framleis er vinterstengt. Det er nok mykje snø der som han nemner, så det er nok greitt å starta skituren frå der vegen er brøytt til frå Gaularsida. Balestrandsida er nok mindre aktuell før vegen er open heilt over, for der er det bratt og rasfare. Har Sigurd høyrt nokon dato for opning av Gaularfjellet denne våren? Vegen burde nok opna dei næraste vekene, sjølv om eg tvilar på noko opning før etter 17. mai. Når de høyrer noko om vegopning, kan de fortelja oss det. Berre brøyteskavlane i skardet er verd turen før ein eventuell skitur startar.

Helsing Stuttjukken.

Skrevet

Ved Fossestølen lenger nord på Viksida av fjellet er det berre å tusla oppover mot Fossfjellet i sør, eller austover forbi Muravatnet og over Svelget til Fresvik-Jordalen og kanskje vidare til Fresvikbreen, Blåfjellet, Tverrbotnanuten eller Svinadalsholtane, alle på 15-1600-talet. Frå Storehaugtunnelen sin sørende kan ein gå vestover mot Sopande og vidare vestover mot Rivedalen, Turrdalen, Liabakken med nedrenn mot Bødalen (til snøen tek slutt) eller heilt ut mot Krokeggi og Saursete med utsyn mot Arnafjorden. Vikjafjellet har mykje å by på for skituristen.

Blir det ikkje ein veldig dryg tur frå Vikafjellet til Fresvikbreen, med ein del opp og nedturar?

Vert veien innover Fresvik-Jordalen brøyta, eller må ein vente til snøen er vekke? Lurer på

ein tur om 3 veker, dersom det går å køyre innover dalen.

Skrevet

Eg tvilar på at vegen innover Fresvik-Jordalen vert brøytt på lenge endå. Når det er sagt plar våren koma fort der inne, så snøen er tidleg borte frå dalføret om føresommaren, samanlikna med andre dalføre i same høgde på Vestlandet. Det er ikkje det mest snøtunge området på Vestlandet, for åsei det slik. Når alle vegane er stengt, er det faktisk Vikjafjellet som er det næraste utgangspunktet frå open veg på seinvinteren og våren. G-arnt si webside har bilete frå skituren der. Visst er det ein heller lang tur, men det er no nokon som tek denne turen kvar seinvinter og vår. Dei tek ut frå Fossestølen nord på Vikjafjellet, der det er bra parkeringsplass. Så trekkjer dei austover og over skardet bak Vossavatnet til det regulerte Muravatnet. Deretter ber det gjennom skardet ved Svelgavatnet aust for midten av Muravatnet og ned til Fresvik-Jordalen. Så er det austover til Fresvikvarden og opp til Fresvikbreen. Går ein innover Fresvik-Jordalen frå Nåsen, har ein 10-15 km. innover dalføret til ein kjem til staden der løypa kjem frå Vikjafjellet. Når vårsnøen ligg blaut i dalane og er fastare i høgda, spørst det kva som er lettast. Langt er det uansett.

Visst Ragnar ventar til snøen er tint langt innover Fresvik-Jordalen, er det aktuelt å ta seg inn den vegen. Det kan jo henda at snøtininga går fort, men dei siste vårane har no vore kalde då. Når ein kan køyra innover til Nedstedalen, er mykje av turen innover dalen gjort. Agnar ser sikkert kor det er på kartet.

Helsing Stuttjukken.

Skrevet

Stuttjukken har nok rett i at det er relativt lite snø nede i Fresvikjordalen.

Trur nok likevel tre veker er for kort tid til snøsmelting i vegen innover Fresvikjordalen. Har vore på fleire skiturar der i mai.

Det pleier også å vera eit par snøskred som går over vegen eit stykke før Breidalen, som forsinkar "åpning" av vegen ytterlegare.

Du kan køyra til Nosi, og har då omlag 10 kilometer til Øvstedalen, i ganske flatt terreng, sånn sett kjem ein vel "best frå det" med start i Nosi framfor Vikafjellet, utan at eg har prøvd på ruta frå Vikafjellet. Går sjølv med planar om ein skitur på Fresvikbreen, og hadde tenkt meg Nosi som utgangspunkt. Men det ser ikkje ut til at det blir i år, med mindre snøen og lysta held til kristihimmelfarts-helga :)

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.