Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Flott 3-4 timars føremiddagstur til Toreheia 713 moh rett opp frå fjorden og døra mi i Stongfjorden i går! (Fordelen med å bu landleg til, er å sleppe å bruke heile helga på å reise på fjelltur:-))

Det er lite snø i høgda her ute ved havet, så toppane på 700-900 moh er greie å ta til fots. Dvs.greie og greie - lite smart å ha isbroddane (Icer;s) hangande på veggen i kjellaren heime når det er is i høgda. Det var sjølvsagt ein generaltabbe å ikkje ta dei med... :D For er det noko som er sikkert ved å gå i fjellet på vestlandskysten om vinteren, er at du treng isbroddar og i værste fall stegjern til å nå toppane...! Det var difor på hekta at eg kom meg opp på Toreheia i går. Mykje og sterk austavind har polert sør/austhellingane til reine skøyteisen og det var med naud og neppe eg tok sjansen på siste skaret opp...! Eg sigla skikkeleg 5-10 meter på isen eit par gonger i oppstigninga og det er ikkje moro når steinar stikk opp av isen/skaren på ferda nedover på ræva...Men eg fann ein kam som var delvis dekt av is og stein og då kom eg meg opp. Nedatt på vestsida gjekk det betre då her låg ein del fokksnø.

Det er flott utsikt mot havet i vest frå Toreheia. Du ser bl.a Alden (Den norske hesten) og øyane i Florø. I sør ser du Skålefjellet, Moldura, Vardenova og Portafjellet. Austover er det sjølvsagt Blegja, Kvamshesten og ryggane til N- og S-Kringla, Fossedalshengenipa og Markahengenipa som fangar auga. I nord ser du Florø og Ålfotbreen.

Dårleg/flatt lys gjorde det dessverre vanskeleg å fotografere....

post-2379-133474452519_thumb.jpg

post-2379-133474452533_thumb.jpg

post-2379-133474452547_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Annonse

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.