Populært innlegg Bjellesau Skrevet 17. august 2022 Populært innlegg Skrevet 17. august 2022 (endret) Vassfjøro er eit realt blikkfang av eit fjell, der det tronar majestetisk opp bak Ulvik innst i Hardangerfjorden. Sjølv oppdaga eg Vassfjøro då ein kollega av meg fortalte at ho hadde vakse opp der inne. Eg ville sjå litt i kartet for å orientere meg, og då fall augo raskt mot denne særmerkte toppen. Og litt av eit namn på eit 1633 meter høgt fjell! Planen var å gå frå Ulvik sentrum og opp til toppen via vatnet Ljoneskrulen for så og følgja ryggjen til Vassfjøro nordaustover. Etter råd frå kjentfolk og forumet her hadde eg sikta meg inn på nedstigning nord for Skrulsvatnet. Siste etappe var å møta turstien frå Osa til Hallingskeid på omlag 1200 meter og følgja den til Bergensbanen, der eg skulle hoppa på eit tog til Oslo. Då værmeldinga for 13. og 14. august var så strålande god, klinkar eg til. Tog frå Oslo til Geilo, buss til Eidfjord og båt inn til Ulvik. Allereie når båten krusar inn mot Ulvik ser eg Vassfjøro over åskanten. Det er full sommar i Hardanger og ikkje eit vindpust. Landskapet vibrerar i den brennande ettermiddagen. Vegen går opp til Solsævatnet, fyst på asfalt, så på traktorveg og tilslutt på sti. Frå Solsævatnet er det umerka sti til Ljoneskrulen forbi restane av dei gamle Sveigstølane. Det er bratt og eg svettar som ein gris oppetter lia. Men eg nærmar meg: Oppe ved Ljoneskrulen treff eg ein turgåar som akkurat har vært på Vassfjøro. Han fortel om ein heller utrygg nedfart mot Ljoneskrulen og anbefalar ikkje den vegen om eg skal opp. Eg skal vedgå eg vert litt betenkt. Men eg får vel sova på det. Teltet vert reist på ein odde i nordenden av vatnet. Eit mektig og nesten litt trugande landskap. Alle kleda er søkk blaute av svette og eg legg alt til tørk. Eg vaknar i grålysinga. Liggeunderlaget har sklidd ned i eine sideveggen. Heile innerteltet er dekka av små kondensperler. Soveposen er fuktig og klam. Og kleda er like våte som igår. Våtare faktisk. Det må være lite sol her for sjeldan har eg opplevd så mykje fukt og kondens. Klokka 8 er morgonsola framleis ein time i frå teltet. Det blir ein kjapp frukost og ein kaffi før eg pakkar sakene. 11 kg har eg på ryggen. Eg går roleg oppover. Inga kaving eller stressing. Tek meg tid til å finna den beste vegen. Det er bratt, men eigentleg ikkje noko problem. Lett klyving nokre stader. Snart kan eg sjå ned på Ljoneskrulen. Det er eit vilt og knudrete landskap her oppe. På omlag 1400 meter tek snøfonner over heile landskapet. Og endeleg, over 3 timar sidan eg braut leir, ser eg toppvarden framfor meg. På toppen er det eit flott utsyn til både Folgefonna og Hardangerjøkulen og fjorden. Eg kan kjenne at eg har lite energi, så eg fyrer opp primusen for å koka nudlar og spekepølse. Eg legg òg ut både telt og sovepose til tørk. Medan eg sit slik kjem det opp ein kar med hund frå den andre sida av fjellet. Me har oss ein liten prat før han legg på veg nedover. Eg kosar meg på toppen i 1 og 1/2 time før eg set kompasskurs innover fjellryggen. Det er gnistrande flott i fjellet. Navigeringa ned til Skrulsvatnet går greit, og eg følgjer anbefalinga med å gå rundt og ned på nordsida av vatnet og ikkje den bratte sørsida. Snart kan eg høyre ein veldig fossadur. Det er ein stor og stri bekk som eg må forbi. Heldigvis renn den ned i eit mellombasseng der den flatar ut. Der går det greit å vasse over. Vidare rundt vatnet er det eindel mikroterreng å ta omsyn til. Stundom går eg meg litt fast og må finna ein ny veg. På ein bratt stad finn eg ein lur korridor mellom bergveggen og ei snøfonn. Ikkje lenge etter rundar eg nordsida på Skrulsvatnet og då er det ikkje lenge til eg skal slå leir. Og teltplassen denne natta blir av dei betre. Tørt underlag i 100% vater. Fine nakne svaberg rett utafor teltdøra og fin bekk med iskaldt smeltevatten rett i nærleiken. Eg kan leggje alle kleda til tørk på berget og det er varmt nok til at ein kan sitja i berre trusa på 1300 meter klokka 9 på kvelden. Eg kokar middag og lar fjellroen senka seg. Betre enn dette er det kanskje ikkje mogeleg å få det? På natta blir det væromslag. Regn og vind. Det får bli frukost og kaffikoking innandørs. Og så er det berre å treffa den merka turstien frå Osa. Det blir litt leiting etter trygg veg når ein går på tvers av furene i terrenget. Men brått får eg auge på ein stor varde. Og ein endå større utsikt: Då er det berre å følgja dei raude T-ane heilt fram til Hallingskeid stasjon. Eg går no inn i eit litt gudsforlatt område og stien følgjer ein svart og steil fjellvegg nokre kilometer. Kanskje det er været som gjev landskapet eit litt dystert preg, med skydekke og småregn. Det er mykje snø her, sjølv om eg berre er på 12-1300 meter. Har faktisk aldri sett så mykje snø på denne høgda før midt i august. Men snøen må sleppa taket når eg kjem meg lågare ned, og i Buadalen før Hallingskeid stasjon er det atter frodig fjellvegitasjon. Då er det berre å vente på toget. Og på Bergensbanen er det jo alltid forseinka. Men det gjer ikkje noko. Eg kjenner berre stor glede etter ein uvanleg flott tur. Fantastisk område dette. Ein tur med litt hår på brøstet. Endret 17. august 2022 av Bjellesau Vis rapporten i Turkartet Vis større kart 18 1 Siter
Kjell Iver Skrevet 17. august 2022 Skrevet 17. august 2022 Det var en flott rapport og det så ut som en nydelig tur! Fint at du la ut kartutsnitt også - frister for en tur, men det må være enklere å gå motsatt vei - om været er OK og knærne er gode.. Siter
Bjellesau Skrevet 18. august 2022 Forfatter Skrevet 18. august 2022 Kjell Iver skrev (12 timer siden): Det var en flott rapport og det så ut som en nydelig tur! Fint at du la ut kartutsnitt også - frister for en tur, men det må være enklere å gå motsatt vei - om været er OK og knærne er gode.. Ja, det må være en ildprøve for knærne med nedstigning på 1633 meter og litt tyngde på sekken... 💪 Siter
Håkan S Skrevet 18. august 2022 Skrevet 18. august 2022 Fint väder fick du på turen jag var några mil därifrån 21/7-2/8 då var det regn och ca 5-7 gr på dagarna. Mkt fina bilder spec effekt med svartvit inställning. Jag saknade mitt HB unna som du hade i regnet men inte vikten då jag gick närmare 190 km. Siter
Bjellesau Skrevet 18. august 2022 Forfatter Skrevet 18. august 2022 Jeg var også veldig i stuss om jeg skulle ta med Unna, eller et lettere og luftigere telt. Slik været var på turen kunne jeg brukt et annet telt. Men om noe uforutsett hadde skjedd, og jeg måtte slå leir høyt og utsatt til ved uventet væromslag føltes Unna litt tryggere. Så da ble det 750 g ekstra. Siter
+sneakyowl Skrevet 19. august 2022 Skrevet 19. august 2022 Ser ut som et utrolig fint område! Kan umulig være den værste ideen å gå på fisker-loffen i Skrulsvatn-området en langhelg? 😎 Siter
Bjellesau Skrevet 20. august 2022 Forfatter Skrevet 20. august 2022 (endret) sneakyowl skrev (På 19.8.2022 den 8.37): Ser ut som et utrolig fint område! Kan umulig være den værste ideen å gå på fisker-loffen i Skrulsvatn-området en langhelg? 😎 Å gå med fiskestanga i dette området høres helt sjef ut. Jeg ville da valgt å gå fra Hallingskeid. Fra Osa må du bratt opp 1200 meter. Endret 20. august 2022 av Bjellesau 1 Siter
Håkan S Skrevet 21. august 2022 Skrevet 21. august 2022 (endret) Val av tält. Om man väljer ett lättare och mer ömtåligt och kallare tält så är det bra med reserv plan på tur för att komma ner snabbt i mer skyddad terrräng,nu i år när jag tog ett lättare tält blev det kallt vissa nätter men jag fick även välja mer skyddade ställen men det går ofta med bara några hundra meter extra sträcka från en markerad led att hitta ,samt att man känner skillnad på temperatur troligen pga olika luftfuktighet och lite mindre vind,även här på små avstånd från där det känns kallare. Även för er som är med i DNT och har köpt nyckel så kan en stuga vara bra att ha nära,även ev lä om man väljer anv tält nära eller ha en trygghet att kunna gå in om man ångrar sig. Förra året då jag gick runt Abisko i SV så var det bara 1-2 mil från där jag var storm så vissa var i nödstuga vid Unna Reita i 4 dagar utan kamin,vissa anser att det var det sämsta vädret på 35 år på sommaren i Juli/Aug. Endret 21. august 2022 av Håkan S Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.