Gå til innhold
  • Bli medlem

2000 metere man kan se fra havflatenivå


Anbefalte innlegg

Jeg har observert 4 topper over 2000 meter fra havflatenivå.

Fra Naddvik (Årdalsfjorden):

- Austabotntind, Store

- Austabotntind, V-1

- Austabotntind, Sørlige

Like før Skjolden (når man kommer fra Sogndal):

- Fannaråken

3 av disse toppene er lett synlige, mens den Sørlige Austabotntind er vanskelig å se da den ligger i forgrunnen av Store.

Jeg hadde satt pris på tilbakemeldinger om noen mener det er flere topper man kan se fra havflatenivå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Har mine sterke tvil til at Storen kan sees hvis man befinner seg under 500 moh.

Jeg anbefaller alle å ta en kjøretur mellom Øvre Årdal og Tyin. Der vil man få et fantastisk skue mot Storen i vel 500 meters høyde.

Steindalsnosi er ikke mulig å se fra havflaten.

Mars 2001 var jeg en tur på Fannaråken. Da vi såvidt hadde passert Skjolden observerte jeg plutselig toppen. Vi stoppet umiddelbart. Ikke bare så vi toppen, men sporene i snøen var også synlige med det blåtte øyet.

Dette kan jeg også dokumentere med video.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har mine sterke tvil til at Storen kan sees hvis man befinner seg under 500 moh.

Jeg anbefaller alle å ta en kjøretur mellom Øvre Årdal og Tyin. Der vil man få et fantastisk skue mot Storen i vel 500 meters høyde.

Dette puktet ligger vel ikke så mye over 400 meter... Lokalt kalles i alle fall stedet "400-metern", mens toppen av gamleveien kalles "1000-metern".

Jeg kan forresten anbefale alle Hurrung-interesserte å ta turen opp alle svingene på gamleveien her. Fra 1000 meter har man en fantastisk utsikt mot Hurrungane. God parkeringaplass på 400 meter, og derfra kan man gå eller sykle (bratt grusvei).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Skal ein sjå Store Skagastølstind frå så lågt som mogleg, spørst det ikkje om ein skal venda nasa utover Sognefjorden. Eg kan ikkje lova at det ikkje finns lågare stader å sjå Storen i frå, men eg var i 5-600 meters høgde ein gong eg såg Storen, og frå denne høgda såg eg langt nedover fjellsidene på Storen og andre toppar i Hurrungane. Det som er spørsmålet er kor lågt ein kan koma på staden, for ein misser Storen av syne på denne staden. Det har eg ingen planar om å finna ut, då eg ikkje har noko å gjera i den bratte villskogen i akkurat denne sognelia.

I byrjinga av november i 1998 ver eg ein tur til Vangsnes (utanfor Vik) i midtre Sogn (sørsida) for å ta turen til stølen Endresete i Vangsnesmarki. Det var ein solrik dag, og det var noko hardfrosen nysnø oppe i høgda. Så gjekk eg fram mot ryggen nordaust for stølen for å oppleva utsynet mot Sognefjorden med Leikanger, Hermansverk, Norane (nært Sogndal) og Fimreite. Eg vart overraska av å sjå Hurrungane med Store Skagastølstindane så lågt nede. Det var likevel ei forklaring på nett det. På linja frå Vangsnes mot Hurrungane, finn ein den låge høgda mellom Henjadalen i Hermansverk og Hodlekve (skisenter) i Sogndalsdalen. Så sveva Hurrungane gyllent i ein svak dis av mystikk over denne låge fjellryggen, og lyste opp som eit Soria-Moria-slott, grovt tippa rundt 10 mil unna i luftlinje. Eg har sett mot Hurrungane frå vest mange gonger, men denne novemberdagen opplevde eg det vakraste synet av Hurrungane nokosinne.

Turen er her tilrådd, men vent til ein solfylt novemberdag, visst du vil oppleva stemninga som eg opplevde. Er det ikkje snø i Vangsnesmarki, betyr ikkje det noko. Hurrungane når så høgt at du kan stola på at det er nysnø der inne.

God tur!

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra Pico del Teide, 3718 moh kan man se havet i alle retninger, her er ikke mer enn 13 kilometer horisontalt til havnivå på det korteste. Og det er nok andre eksempler. Jeg antar at man fra Damavand i Iran, ca 5600 m.o.h kan se det kaspiske hav 60 kilometer unna, ca. 28 m.u.h. Og det er en rekke andre høye fjell man kan se ned til havnivå fra. Etna, Fuji, Gunung Agung(Bali), Gunung Rinjani(Lombok) for å nevne noen flere stratovulkaner i størrelsen 3000-4000 meter.

Så kaster jeg et spørsmål ut i luften : Hva er det høyeste fjellet man kan se sjøen fra ?? Er det f.eks. mulig å se Stillehavet fra Aconcagua ???.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så kaster jeg et spørsmål ut i luften : Hva er det høyeste fjellet man kan se sjøen fra ?? Er det f.eks. mulig å se Stillehavet fra Aconcagua ???.

Ja, jeg mener å huske at jeg kunne se Stillehavet da jeg var der oppe. Tok også et papirbilde mot vest, og når jeg nå i ettertid kikker på det, er jeg 97% sikker på at det er Stillehavet jeg ser som en stripe i horisonten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Teoretisk burde det være mulig å se Storen fra noe tilnærmet havflaten ved Sylvarnes. Noen lokale som kan ta turen dit og sjekke?

ein annan måte å finna ut av dette på er sjølvsagt å reisa til storen (eller andre fjelltoppar), og sjå om det er råd å sjå havflata derfrå.

E

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det finnes en del GIS (geografiske informasjonssystemer) hvor man kan finne luftlinjer. Da kan man velge ønsket punkt (f.eks. 2000m+ topper) og se hvor langt luftlinja går. Sikkert mulig å få markert alle områder med luftlinje til et gitt punkt. Kommer ikke på noen gode eksempel i farten, sikkert noen her som har mer peiling.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du har i og for seg rett, det er bare VELDIG mye lettere å se toppen av et fjell mot himmelen, enn ei lita vik av ei fjord nede i en allerede blå dal...

det er eg med på, men det er ikkje alltid like lett å sjå kva for ein topp det er, eller om det er sjølve topp-punktet på fjellet. på den andre sida er det vel ikkje alltid like lett å sjå om det er saltvatn eller ferskvatn heller, så då er me sikkert like langt, og vel så det.

E

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ser fleire har nemnt at Store Skagastølstind er synleg frå enkelte stader ved Årdalstangen. Det trur eg stemmer. Nokon har nemnt at Storen kanskje kan vera synleg lågt nede ute ved Sylvarnes, vest i Vik kommune, litt utanfor midten av Sognefjorden. Eg var på Sylvarnes (båt frå Ortnevik) i 1996, og gjekk oppover lia og over Kleivfjellet til Hanekambdalen og turisthytta Solrenningen (Stølsheimen). Det var ikkje råd å sjå Storen der i frå, men den kan vera synleg i sogneliane i nærleiken, utan at veit noko om det. Eg har sjølv tenkt tanken at det kan vera lågtliggjande punkt for utsyn mot Storen i desse traktene óg. Storen er sjølvsagt synleg i god tid før ein når opp til Kleivfjellet, men då er ein høgt oppe.

Elles er turen over fjellet frå Sylvarnes ein flott tur med spektakulære utsyn over Sognefjorden, ikkje minst frå Blånipa. Fastbuande på Sylvarnes sa i 1996 at dei ikkje såg fjellvandrarar obver fjellet til/frå Sylvarnes meir enn max. 4 gonger i året. No er den gamle gardsvegen langs fjorden frå bilvegs ende i Ortnevik lenger ute og innover forbi fleire veglause gardar mot Sylvarnes rusta opp, og det gamle skulehuset der kan nyttast til overnatting. Dei siste 2-3 åra har fjellvandringa over Kleivfjellet teke seg litt opp. Det er god stølsveg/sti over fjellet, godt varda, og utan raude T-ar. Då eg gjekk turen, tok eg båten frå Otnevik til Sylvarnes og gjekk over fjellet til Solrenningen første dagen. Andre dagen bar det over forbi Urdanipi til Åsedalen. Tredje dagen bar det over til Rappen og ned på gamle stølsvegar til Arnafjorden vest for Vik. For å illustrera kor ukjend Sylvarnes var for fjellvandrarar i 1996, nemner eg at då andre fjellvandrarar på Solrenningen spurde kor eg hadde gått i frå då eg kom der i halvmørkna denne augustkvelden, sa eg at eg hadde gått frå Sylvarnes. Bortsett frå fjellvandrarane på hytta som kom frå Vik i Sogn, visste ikkje folk kor dette var. Nokre hadde ikkje høyrt namnet ein gong. Sylvarnes, kun ein dagsmarsj frå Solrenningen. God tur over Kleivfjellet, det største lokale høgfjellsplatået i Stølsheimen, der det lågaste punktet er vatnet på 1196 m.o.h. Dette er utanfor allfarveg.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 år senere...

Eg har skrive om dette ein annan stad i dette forumet, men eg tek det likevel oppatt her.

For det første: Store Skagastølstind er godt synleg frå busetnaden på Lægreidssida på Årdalstangen. Eg bur sjølv her. Oppe i Langvollvegen på ca 70 moh stikk toppen opp over fjella i framgrunnen.

For det andre: Storen er godt synleg frå sjøen, men då må ein forlata den vanlege leia inn Årdalsfjorden. Det gjorde nok ikkje Slingsby på sine ferder, dei fylgde nok roleia/rutebåtleia og gjekk glipp av observasjonen.

Du ser Storen frå sjøen dersom du gjer fylgjande: Inne i fjordbotnen fer du mot sørsida, forbi kaianlagga til Hydro og bort mot den fossen som kjem ut midt oppe i lia frå ein tappetunell. Ute på fjorden nær der denne fossen når sjøen, ser du Storen som ein stabbe som stikk opp i skardet som dannar seg mellom Hitaneset og Botnanosi. Andrews renne er ofte lett å sjå når det ligg ein snøstrek i ho så observasjonen skulle vera udiskutabel. Eg har og hatt innlegg i Fjell og vidde om denne observasjonen, samt hatt ein liten artikkel med bilete i Årdal Sogelag sitt medlemsblad der me på same bilete ser både robåten me sit og Storen i bakgrunnen.

Dette til underhaldning og vederkvegelse, og det var visst nokon i innlegga ovanfor som snakka om ein vinnar quod erat demonstrandum.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.