Gå til innhold
  • Bli medlem

Ni helikopterlandingsplassar rundt Jostedalsbreen


Anbefalte innlegg

Skrevet

Formannskapet i Stryn har nylig sagt ja til tre nye landingsplasser for helikopter i Oldedalen og på Gjørven i Strynedalen.

Dersom Luftfartsverket gjør det samme, blir det ni landingsplasser i områdene rundt Jostedalsbreen.

:Dhttp://www.nationen.no/nyheter/article2294953.ece

Reiseekspert Jens A. Riisnæs er kraftig motstander av helikopterturisme ved Jostedalsbreen. Han mener dette vil jage bort de turistene vi ønsker oss.

:?:http://www.nationen.no/nyheter/article2299383.ece

Sjørøvarar i lufta

:?:http://www.nationen.no/meninger/gjestekommentar/article2294987.ece

Som fly- og helikopterinteressert er eg relativt opptatt av det meste som skjer oppe i "lufta" og eg vil gjerne kommentere det som no skjer i områda rundt Jostedalsbreen nasjonalpark og andre stadar. Luftrommet er regulert slik at det har det lite å seie at ein flyr over ein nasjonalpark, eit bebudd område, ein fjord eller eit fjell og så vidare, viss ein overheld minstehøgda for det aktuelle området og eventuelle andre restriksjonar. Slik regelverket er idag, må ein ha konsesjon for ein helikopterlandingsplass for å drive regelmessig trafikk ut over eit lite antall landingar/avgangar pr veke og det er luftfartstilsynet som gjev eit slikt løyve/konsesjon.

Rundt Jostedalsbreen har luftfartstilsynet godkjent fleire helikopterlandingsplassar i det siste og fleire søknader er under behandling. Desse helikopterlandingsplassane blir nok nytta til mange forskjellig typar helikoptertransport, men det er nærliggande å tru at dette også kan medføre ei massiv auke i helikopteroverflyging av Jostedalsbreen nasjonalpark og andre naturområde. Dette er interessant i forhold til kva slags følger ei slik auke vil få, og om næringa sjølv vil avgrensa verksemda slik at ein ungår konfliktar. I og med at det er lite avgrensningar i trafikken i ukontrollert luftrom er det stort sett fritt fram for "alle", bare ein landar og tar av på loveleg vis, eksempelvis på dei nemnte helikopterlandingsplassane.

(litt meir konkret informasjon om minstehøgder skreiv eg om i dette innlegget: http://www.fjellforum.net/viewtopic.php?p=19553#19553)

Kva kan dette føre til?

Det er litt interessant å sjå dette i samanheng med planane på Kalda-Kari for ei tid tilbake. Dette prosjektet gjekk ut på å frakte turistar opp frå Veitastrondi med helikopter til ein kafe/resturant plassert på ein fjelltopp ved Jostedalsbreen. Sjølv om eg ikkje har høyrt om noko konkret plan for kombinasjon av eit slikt prosjekt med "Sightseeing" turar over nasjonalparken, er det relativt nærliggane å tru at iallefall noko slikt ville vore sansynleg på litt sikt. Hadde eg vore leiiar for eit slikt prosjekt, så hadde eg sørga for at det vart mogleg å frakte folk opp frå mange forskjellige stadar rundt breen kombinert med heftig sighteseeing over breen, slik at driftsgrunnlaget vart betre. No vart vel Kalda-Kari planane stogga av departementet/ministeren her for ikkje så lenge sidan, så det er kanskje litt på sida å kommentere noko som ikkje vart tatt i bruk. Likevel, hadde det vorte ein realitet, ville eg bare ha venta på første avis-artikkel om at turistar vart flogne inn frå fjern og nær, for eksempel frå Stryn, Olden, Fjærland, Sogndal og dei andre helikopterlandingsplassane som no er godkjente, til kafeen på fjelltoppen.

Sjølv om ein no ikkje får denne "stoppestaden" på breen, er det iallefall sikkert at turistar kjem til å få ein fin helikoptertur over nasjonalparken, det er det dei vil betale for kan eg tenke meg. Dei får iallfall ei god oppleving! Så lenge dette har vore svært sporadiske flygningar, så har støyproblem for andre i nasjonalparken vore få. Men no som det verkar det kanskje til at det vert ei stor auke i trafikken, kan det bli ein heilt anna realitet. Eg trur nok ikkje at ein har tenkt å bruke pengar på desse landingsplassane utan å få nokon til å fly derfrå, men det kan sjølvsagt tenkast at eg tar feil. Sidan det også er relativt dyrt å nytte helikopter, er det jo eit noko avgrensa marknad for denslags, noko som vil regulere aktiviteten. Vidare har vestlandet eit relativt varierande vèr, så det er også eit moment ein må ta i betraktning viss ein skal prøve å estimere kva slags trafikkmengder det kan bli.

I seg sjølv er eg på ingen måte imot helikoptertrafikk. Helikopter er eit godt og trygt transportmiddel som har mange fordelar: Det sett så og seie ingen spor, er effektivt og kan ta oppdrag som det hade vore svært vanskeleg å utført på alternative måtar.

Det er er imot er for mykje støy og motorisert ferdsel i utmark (spesielt nasjonalparkar), dette inkluderer også fly- og helikoptertrafikk. Ei stor auke i helikoptertrafikken over Jostedalsbreen nasjonalpark vil medføre ein god del støy og det synes eg prinsippielt at ein ikkje bør ha i ein nasjonalpark, det er tross alt ein grunn til at området er verna. Korleis vil ein tur som "Josten på langs" vera på ein flott og skyfri dag i mai, viss det i løpet av dagen susar 15-20 helikopter over breen? Det er nok ein situasjon som ikkje er heilt utan realisme!

Støy ved helikopterlandingsplassar

Forøvrig er det støy ved avgang og landingar som ofte skapar konfliktar, særleg med dei som bur i nærleiken. Dette er likevel ei anna problemstilling og gjeld stort sett "bebudde" område med mange andre støykjelder (bil, buss, båt/ferje og liknande). Her kan jo også kommunen nekte grunneigaren å etable helikopterlandingsplass og det avgrensar trafikken. Likevel ser eg at fleire kommunar etablerer helikopterlandingsplassar svært nær bebudde område, slik at det bare må bli problematisk for dei som bur der...

Samarbeid?

Eg savnar også litt heilhetstekning når det gjeld turisme. I Norge verkar vi til å mest mogleg prøve å øydelegge for kvarandre i motsettning til å samarbeide, det er det svært mange gode døme på. Det er ikkje særleg smart å fly sightseeing over Geirangerfjorden viss dette forringer opplevinga til svært mange andre turistar som har tatt seg dit, noko som igjen fører til at andre reiselivsbedrifter kan bli sterkt ramma. Alle reklamekronene nytta i utlandet er lite verdt viss det lokale reiselivet ikkje klarar å samarbeide slik at ein nettopp unngår iallefall slike opplagte konfliktar. Kva med litt samarbeid og samhandling når det gjeld å trekke turistar hit til lands?

Bakgrunnsinformasjon - relevante tema på fjellforum:

Helikopter til Kalda-Kari på Jostedalsbreen: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=930

Kalda Kari: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=3104

Med helikopter i Jotunheimen: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=2697

Helikopterstopp i Lom: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=5449

Heliskiing: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=5207

Støy mm. (utskilt): https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=2762

Annonse
Skrevet

Rent juridisk:

Holder det egentlig at Luftfartstilsynet godkjenner en Heliport ? De tar jo trolig bare hensyn til om det flygningstekniske er i orden.

Er det i det hele tatt noe organ som tar stilling til de miljømessige sidene ved helikoptertransport ?

Det er sikkert mange som tror noe rundt dette, men er det noen som vet ?

Skrevet

Konsesjonsbehandling

Slik eg har forstått det, godkjenner kommunen ein slik helikopterlandingsplass først og skal då ta ein del hensyn/avvegningar. Fylkesmannen (dvs staten) kan overprøve dette f.eks. viss dei meiner det er i strid med lover/reguleringer, av miljøhensyn o.l. Fylkesmannens vedtak kan bli anka inn for direktoratet for Naturforvalting og samferdselsdepartementet.

Sjå f.eks. dette brevet ang helikopterlandingsplassen til Kalda-Kari prosjektet:

http://www.dirnat.no/multimedia.ap?id=25721#search=%22luftfartstilsynet%20helikopterlandingsplass%22

Luftfartstilsynet gjer konsesjon for slike helikopterlandingsplassar. Eit vedtak der kan klagast inn for Samferdselsdepartementet. Luftfartstilsynet vurder tekniske og operative sider av saka, men også "miljømessige"/samfunnsmessige konsekvensar skulle eg tru. Om det siste er så veldig vektlagt hjå tilsynet, kan nok diskuterast. Iallefall fekk dei kritikk for å oversjå relevant dokumentasjon i konsesjonsbehandlinga til Kalda-Kari prosjektet.

Minstehøgder

Over Jostedalsbreen nasjonalpark er det 1000fot minstehøgde (ca 300m). Bare nokre av dei norske nasjonalparkane har denne grensa, men etter mi meining er den svært lite verdt i forhold til støyforureining. I tillegg er det ei streng minstehøgde over Briksdalsbreen under sommarsessongen. Sistnemnde er eigentleg interessant, då det i ein rapport om Jostedalsbreen frå 2003 synar at det er Forsvarstaben som har innført denne restriksjonen. Kva som ligg bak dette hadde vore interessant å få vite! Kor stor vekt dei ulike helikopteroperatørane legg vekt på minstehøgderestriksjonane kan nok også diskuterast. Den offisielle praksisen er sjølvsagt å følge alle lovar og reglar, men kva som faktisk er tilfelle nokre gonger, kan vera noko anna. Eg har sjølv både sett- og vore med ombord i helikopter som har brutt desse reglane og kan tenka meg at både kontroll og eventuelle reaksjonar er like null. Likevel trur eg nok dette er unntakstilfelle, då dei fleste aktørane er avhenigig av eit god forhold til Luftfartstilsynet.

Siterer frå ein annan tråd her på forumet:

Minstehøyder

Over nyere nasjonalparker er denne 300 m (1000 fot - flygere tenker i fot, untatt franske og russiske..), om ikke annet er sagt er den ellers 150 m (500 fot) - som ellers over spredtbygde områder. 1000 ft. er forresten samme minstehølyde som over tettbygd strøk.

Dette er selvsagt alt for lavt, om hensikten er å hindre støy i NP. Vi tok opp dette i høringen forut for vern av Dovrefjell, og krevde min 3000 ft. Dir. for naturforv. var forsåvidt enig, men pekte på at dette var et diskusjonstema med luftfartsmyndighetene, som holdt hardt på 1000 ft.

Så synderene sitter i luftfartstilsynet og samferdselsdept.

:Dhttps://www.fjellforum.no/oldLinkConverter.php?oldPid=19630#19630

Dette tyder jo på at det anten er Luftfartstilsynet sjølv, Avinor, eller samferdselsdepartemetnet som er så sterkt i mot dette.

No er nok trafikken med helikopter over nasjonalparkane føreløpig relativt låg og eg har til no ikkje opplevd det som noko stort problem. Likevel synes eg det er verdt trekke fram at til dømes Norcopter reklamerer med sightseeintruar i Jotunheimen, Trollheimen og Breheimen:

"Sightseeing fra luften i den norske breheimen glemmer du det aldri. Om sommeren flyr vi turer i Jotunheimen og Trollheimen til de mest kjente og dramatiske fjellformasjoner du kan tenke deg.

Vi kan også tilby sightseeing helikoptre for enhver sete sammensetning for optimal kostnadsutnyttelse. Du får et overveldende synsinntrykk med sightseeing fra luften og får med deg utrolig mye på kort tid. Enten det er over hovedstaden eller på noen av våre guidede turer i breheimen i Sør- og Midt Norge."

http://www.norcopter.com/sightseeing.html

Skrevet

Jeg er imponert over det arbeidet du har nedlagt her Ragnar. Det virker som de vurderingene du gjør av lovligheten er riktige.

Jeg er skremt over hvor lett det er å drive kommersiell helikopterturisme i naturområder. Ikke bare nasjonalparker, men utmarksområder generelt. Mesteparten av utmarka i Norge er ikke nasjonalpark.

Det burde være totalforbudt med helikopterturisme. Man skader veldig mange andres naturopplevelser og forstyrret trolig dyrelivet.

  • 3 uker senere...

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.