Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Hei, er det noen som har gått denne ruten, ned til Undredal over Syrdalsbreen til Undredal "sentrum" :D ikke på veien ned til Undredal. Hvordan var det i såfall 8) Har lyst til å gå denne turen.

Annonse
Skrevet

Eg har kun gått "normalruta" frå Langhuso i Undredal til Grindafletna. Dette er det same som den merka ruta. Så vidt eg veit kan ein gå etter den merka ruta frå Grindafletna, over Skammadalshøgdi (flott utsyn over fjellandskapet med Nisedalen nordover mot Nærøyfjorden), dyregravene over Jonadalsbotnen, ned til hytta på Fessedn (Fossane) og opp i høgda nedanfor Store Breen (kun ein liten klatt att i dag, og er meint som fjellnamn i vår tid). Der den merka stien hallar ned høgda (ca. 1570 m.o.h.) under Store Breen (1662 m.o.h.) plar folk traska ut over det breie fjellpartiet overstrødd med steinrøysar i retning Stiganosi, 1761 m.o.h., der ein passerer Syrdalsbreen. Folk plar trekkja nedover fjellryggen til den kjende høgdagarden Stigen, der det bur folk sommarstid som tek i mot fjellvandrarar. Det skal vera merka sti frå Undredalsbygdi og opp i fjellet over Hovdungo, og ned mot Stigen. Når ein går ned frå Stiganosi, kan ein gå ned til denne stien og følgja den til Undredal. Dette er ein skikkeleg lang dagsmarsj, og folk i vanleg turform treng over halve døgnet på turen. Det tek nok 3-6 timar lenger tid denne lange ruta enn det ein treng på den merka stien ned til Langhuso, mellom tunnelane oppe i Undredalen. Elles nemner eg at lokalkjende i Undredal fortalde om ei umerka rute, truleg på det næraste stilaust. Denne gjekk frå Grindafletna og nedover Undredalføret til ein nærmar seg elvakløfta mot Langhuso. Dei forlot dalføret og gjekk opp til vatna i Undredalsmoen og gjennom Fjellmannskard, før dei trakk ned att i Undredalføret og følgde dalen vidare ned til opninga frå Gudvangatunnelen ovanfor Langhuso. (Eg veit at det siste ikkje har noko med spørsmålet ditt og gjera, men eg nemner denne ruta eg har høyrt om likevel).

I Undredal hadde dei ein støl i Nisedalen ovanfor Nærøyfjorden. Det er råd å få auga på ei nyare hytte oppført på gamle stølstufter, frå nordsida av Skammadalshøgdi (1605 m.o.h.). Buførevegen gjekk opp frå Undredal ved Aurlandsfjorden, innover dalføret til Langhuso (geitedrift i dag), opp i Jonadalen (stølstufter) og inn i botn, opp på nordsida til overgangen litt nedanfor toppen av Store Breen (passerer ca. 1570 m.o.h.), ned på Fessedn, og deretter ned Nisedalen til stølen, ca. 900 m.o.h., litt over skogen. Dette er ein solid stølsveg som det står respekt av. Det var nok dei utmerka gode beitene i Nisedalen som gjorde det umenneskelege slitet med buføringa over høgfjellet der verd slitet. I dag driv grunneigarane hjortejakt i Nisedalen og ned mot kanten mot stupet ovanfor Nærøyfjorden. Dei driv det tradisjonelt med kløvhest over Store Breen til hytta deira på Fessedn (1397 m.o.h.). Eg fekk møta desse karane frå Undredal på ei kløvjing før jakta oppe på Fessedn for nokre år sidan. Dei fortalde om Systraskardet, rett opp mot vest frå stølen i Nisedalen (kan sjåast på avstand frå Skammadalshøgdi), der det er luftig utsyn rett ned i fjordbotnen mot Gudvangen i Nærøyfjorden. Der kunne eg tenkt meg å gå sjølv ein gong.

Vil de vita meir om turområdet, ta kontakt med Hege Strømme på Stigen gard, eller grunneigarane Stig Arne Borlaug, Magne Underdal, Jon Underdal eller bussjåfør Svenn Vidar Stegen (har tilgang til nyoppført hytte på Flenjaeggji), alle bur i Undredal. Tlf.nr. finn de i katalogen eller på nettet, Aurland kommune i Sogn og Fjordane.

Helsing Stuttjukken.

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.