Agnar Skrevet 11. september 2006 Skrevet 11. september 2006 Dette er ein topp som har lagt der å venta i mange år, og endeleg så klaffa det. Sjølv om været såg tvilsomt ut kl 06.00, så valgte vi å reise til Jølster og Stardalen. Og ved avgang frå Haugadeln var det litt lettare skydekke, sjølv om skodda låg rundt toppane. Rein transportetappe innover dalen, og oppover mot Haugabreen. Pga ingen snø på breen, og voldsomt med sprekker, var det ikkje aktuelt å gå den tradisjonelle ruta. Vi tok bratt oppover på vestsida av breen. Litt klyving i ur og morenemassar, før vi nådde breen oppe på ryggen. Her var det fram med breutstyret, og nokre timar med brevandring låg framfor oss. Skodda låg framleis på toppane, så sikten var minimal. Det var restar etter nysnø rundt toppen, og ein kald vind gjorde det til ein utriveleg stad. Været var lovd bedre på ettermiddagen, og det var tydeleg at eit kvart heldt på å skje, for i eit glimt såg vi utover Myklebustbreen. Men det vart til at vi returnerte til breen, og starta tilbaketuren i samme trasèen. Og naturlegvis, ein halv time etter at vi hadde forlatt toppen, begynte det å klarne opp. Vi fekk i alle fall litt utsikt austover Jostedalsbreen, og snart låg Lodalskåpa klar og snødekt rett i aust. Og før vi tok til på nedstiginga såg vi både Kjenndalskruna og Høgste innimellom skoddedottane. Bak Oldeskardet stupte Briksdalsbreen bratt ned mot dalbotnen, mens Kattanakken og Hanekamben låg mørke og snøfrie under storbreen. Då vi kom ned igjen i dalen lyste sola fint opp på fjella på sørsida av Stardalen, frå Kvannebakknova til Galden. Endeleg var Sunnfjord sin høgste erobra, samtidig som den er høgast i to kommunar. Vis rapporten i Turkartet Vis større kart Siter
morten Skrevet 11. september 2006 Skrevet 11. september 2006 Snønipa er en topp jeg lengter etter. Var dog mye blåis å skue innover flatene på Josten, men godt å se at også Kåpa hadde fått et strøk av vinter på toppen. Siter
Agnar Skrevet 12. september 2006 Forfatter Skrevet 12. september 2006 Snønipa er en topp jeg lengter etter. Då har du to toppar liggande og vente Morten, Blægja og Snønipa. Begge er jo fine på ski om våren. Så det er berre å sette av tid til neste år, så er dere velkomne over. Siter
500fjell Skrevet 23. mars 2008 Skrevet 23. mars 2008 Jeg besteg Snønipa på en annen variant, fra Innvikdalen i juni 2006, her er film fra turen (delt i to deler): og Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.