Gå til innhold
  • Bli medlem

To dagar i Trollsteinkvelven 4.-5. august 2006


Anbefalte innlegg

Skrevet

(Ein turrapport utan dramatikk. Og utan bilete.)

Som vanleg hadde eg planar om ei lita veke i Jotunheimen denne sommaren, og som vanleg vart planane endra. Meininga var at Andreas og eg skulle ta ei langhelg i slutten av juli, men den helga vart fyrst sambuar Marit sjuk, deretter Guffen (14 mnd), og til slutt fekk eg samme suppa sjølv – to dagar med oppkast og diaré. Løysinga vart ein kortare tur denne helga, i litt lettare terreng. Formen er ikkje som han skal vera – det er fint å gå med Guffen i barnevogn eller i beremeis, men det har ikkje same treningsnytten som turar til fjells.

For ein gongs skuld nærma eg meg Jotunheimen frå Oslo, og turen gjennom Valdres var fin. Det er stort når Jotunfjella dukkar opp i horisonten. Eg køyrde over Valdresflya, vidare til Randsverk, og inn til bommen i Veodalen. Sekken var fullpakka, for fyrste gong på lenge – eg rekna meg fram til at det var minst ti år og minst femten kilo sidan sist eg hadde full oppakking på ein solotur. Eg tok raskt av frå bilvegen, og hadde ein flott tur innover Trollsteinkvelven. Kjem ein fyrst over kanten er det heilt flatt innover, og eg fann meg ein teltplass på nordsida av det smale vatnet, like ved fossen som kjem ned frå Trollsteintjønne (1755). I andre enden av vatnet stod to telt frå før, og der finst mange flotte teltplassar her inne. Medan eg ordna meg til for kvelden kom tre personar gåande ned frå Trollsteinhøene, truleg dei som heldt til i dei to telta.

Dag 1: Trollsteineggje – og to til
Guffen får altså skulda for at eg er dårlegare trent enn vanleg, og han får òg skulda for at eg også i ferien vaknar mellom seks og halv sju. Ut av teltet, til ein fin soloppgang. Fleire reinsdyr ruslar i nabolaget; i det heile er Trollsteinskvelven ein dal med mykje rein.

Eg la vegen innover mot Svartholsglupen, forbi dei svære morenene under Grotbrean, og svinga sørover mor Svartholshøe (2067). Ein relativ anonym topp, samanlikna med det som ventar. Neste topp, Trollstein-rundhøe (2170) har ein imponerande austvegg, og ein like imponerande varde på toppen. Ein liten pause her, med mat og drikke, før eg går ned i det neste skardet, og tek fatt på bakkane opp mot hovudmålet for dagen, Trollsteineggje (2300). Egga vert gradvis meir interessant og spanande. Det mykje omtalte utsette punktet rett før toppen er lett å unngå. I eit lite søkk er der eit område med grus og småstein, der ein tek ein liten runde til høgre før ein lett kjem seg opp att på ryggen. Toppen har flott utsikt, både nedover og oppover. I luftline er toppen på Glittertind rundt ein kilometer unna, og eg ser heile tida nye folk som viser seg der oppe.

På veg ned att ser eg det fyrste teiknet til liv i Trollsteinkvelven denne dagen, eit taulag på sju personar som passerer Grotbreahesten på veg vestover. Me krysser kvarandre nesten i skardet nord for Trollstein-rundhøe, og to av dei sju løyser seg ut av tauet, og legg i vegen til denne toppen i eit imponerande tempo, før dei snur nedatt omtrent like fort. Ein rask og effektiv måte å samla toppar på!

Eg går same veg attende til teltet, der eg kokar opp litt halvgod mat, før eg slappar av i teltet med ei halvgod bok.

Dag 2: Nørdre Trollsteinhøe – og fire til
Opp til vanleg Guffen-tid. Eg finn ut at eg satsar på å nå dei toppane i nabolaget eg ikkje har vore på før, og pakkar ein lettare sekk enn dagen før. Eg går frå teltet alt i sjutida, og turen går fyrst opp bakken ved sida av fossen, omtrent rett nord, før eg svingar vestover mot det store platået på Nørdre Trollsteinhøe (2201). Her har eg vore før, men ikkje i så klart og fint ver som no. [Den gongen gjekk ruta via Austre, før eg møtte veggen i form av ei tjukk skodde på veg til Nørdre. Dum som eg var, heldt eg fram til topps, utan å tenkja på at kompasset låg att i bilen. Kva retning eg returnerte i då, veit eg ikkje, men det var i alle fall ikkje den vegen eg burde gå! Kompasset var sjølvsagt med denne gongen – ein lærer jo litt av feila sine – men denne gongen mangla det nyinnkjøpte digitale kameraet. Eg legg difor ikkje ved bilete her, men spesielt interesserte kan når som helst stikka innom i Gamlevegen i Volda for å sjå lysbileta.] Toppen er ein av dei flataste, og er ikkje så veldig spanande, men byr likevel på ei overrasking for meg: Då eg var her for nokre år sidan, stoppa eg ved det trigonometriske trafikkskiltet, og såg ikkje noko anna topp-punkt. No ser eg ein varde berre ti-femten meter unna – skodda må ha vore tjukk sist eg var her. Klokka er rundt halv ni.

Eg kjem til å tenkja på at det er Vinjerock-dag, utan at eg høyrer noko til dei. Her er heilt vindstille, alt eg høyrer er elvesus nede i dalane, og min eigen tinnitus i venstre øyre. For å heidra Vinje dreg eg like godt i gang ”Blåmann, blåmann”, alle seks versa, og sidan det er på dagen 193 år sidan sjølvaste Ivar Aasen vart fødd, held eg fram med ”Tidt eg minnest ein gamal gard”. Eg reknar med at det er fyrste gong dette har skjedd, i alle fall så tidleg på morgonen.

Etter litt vatn og nokre kjeks går eg sørover mot Søre (2161), og vidare mot Gråhøe (2154). Utsikta mot Galdhøpiggen og nabotoppane er fin frå den siste toppen. Eg tek same vegen attende, og sidan eg har ambisiøse planar for resten av dagen, skippar eg Austre, sjølv om det er ein flott utsiktstopp.

Eg er nede ved teltet att i elleve-tida, og tek ein times pause der eg får i meg litt mat. Deretter tek eg fatt på den lange, jamne og seige motbakken opp mot Austre Glittertindoksle (2260). Undervegs merkar eg at beina ikkje er heilt sikre på om dette var ein god idé, men viljen er god, og me kjem oss opp. Flott utsikt også her – også denne toppen ligg omtrent ein kilometer frå Glitterting i luftline. Eg har brukt rundt to timar til toppen, som er den femtiande 2000-toppen eg er på. Hadde eg hatt lut kunne eg feira med lut og kaldt vatn, no vert det berre kaldt vatn.

Eg er altså ferdig med dei femti fyrste, men ser ingen grunn til å venta med å koma i gang med dei femti neste. Begge dagane har eg hatt god utsikt til Grotbreahesten (2018). Som så ofte før ser eg meg ut ei god rute, som så ofte før tek eg ein snarveg når toppen nærmar seg, og som så ofte før innser eg for seint at eg burde halde meg til den fyrste ruta. Eg gjekk til topps frå aust, der det var relativt laust, og relativt bratt. Det er nok betre frå sørsida, der eg gjekk ned att frå toppen, som eg nådde rundt klokka fire. Eg var ved teltet igjen bortimot halv seks.

På veg til parkeringsplassen morgonen etter er eg godt nøgd. Det er eit fint område her inne, nesten fritt for folk. Eg finn ut at Trollsteinkvelven nok er favorittkvelven min i Jotunheimen.

Åtte toppar på to dagar – bra til å vera meg.

Vis rapporten i Turkartet

Annonse
Skrevet

Kan jo legge til noen bilder siden jeg da var på disse toppene nesten samtidig som deg. Var det du som hadde teltet nede ved fossen? Da var det jeg som kom nedover mens du la deg til å slappe av ved teltet :)

Disse bildene er fra 4.aug med unntak av to som er fra 3.aug

ehh, ja, har ikke lagt ut så mange bilder her før så de kom jo i motsatt rekkefølge som i forhåndsvisninga :D Så da kan dere jo bla dere fra bunn og opp hvis dere vil :?

Litt off-topic til slutt:

Noen som har noen tips til hvordan man best komprimerer bildene til under 400kb??

post-1657-133474430553_thumb.jpg

post-1657-133474430594_thumb.jpg

post-1657-133474430615_thumb.jpg

post-1657-133474430658_thumb.jpg

post-1657-13347443068_thumb.jpg

post-1657-133474430722_thumb.jpg

post-1657-133474430737_thumb.jpg

post-1657-13347443076_thumb.jpg

post-1657-133474430783_thumb.jpg

post-1657-133474431117_thumb.jpg

Skrevet

Mayhassen skrev:

Litt off-topic til slutt:

Noen som har noen tips til hvordan man best komprimerer bildene til under 400kb??

Jeg benytter et freewareprogram som heter IrfanView som kan hentes på http://www.irfanview.com/ Her åpner jeg bildet som skal forminskes, og taster ctrl+r, da kommer et valg om å endre størrelse og jeg velger vanligvis 1280x960 og lagrer deretter bildet i egen mappe. Størrelsen på filen vil variere alt etter hvor detaljert bildet er, men dette gir en bildestørrelse om fyller skjermen for de fleste.

For meg er i alle fall dette den enkleste måten jeg vet om.

Skrevet

Fin rapport med god humoristisk selvironi! Kjenner meg litt igjen der... :?

Noen som har noen tips til hvordan man best komprimerer bildene til under 400kb??

Med mindre det er helt spesielle detaljer som skal fremheves eller studeres i bildet (fx rutevalgdetaljer i en bergvegg el.),

der man maksimerer bildet langt ut over skjermstørrelsen, så er stort sett visning av hele bildet innenfor skjermarealet godt nok.

Man bør derfor resize bildet til fx 1024x768 eller 1136x852 eller der omkring, slik at bildet i sin helhet faller innenfor skjermen,

selv når bildet vises i full størrelse. Da minker også antallet pixler drastisk, og dermed også filstørrelsen i KB.

Hvis man gjør en oppskarping av bildet i PS, så øker filstørrelsen, fordi lokalkontrasten pixlene imellom øker,

og dermed informasjonsmengden som lagres i bilder u/ JPEG-formatet. For å minimere slik økning, kan man selektere

de arealene i bildet som trenger oppskarping, og utelate oppskarping på pregløse flater som himmel, snø- og vannflater.

Skarpes slike arealer (hvor det egenlig ikke finnes noen detaljer å skarpe opp), pådrar man seg egentlig bare kornstøy

i disse pregløse bildearealene. Men slik selektering krever litt mer jobb på bildene da...

En annen mindre reduksjon, normalt 10-15 KB, kan innspares v/ å fjerne EXIF-data på bildet.

EXIF-data er ikke visuelle bildedata, men nedfelte skjulte data i bildefilen om kl.slett/dato, kameradata (blender/lukkertid), kameramodell, optikk ol. Dette kan lukes vekk m/ freeware som fx Metstripper (www.photothumb.com).

Med mindre du tar jobben med en adekvat digital etterbehandling i PS, så vil du altså spare mest ved å redusere bildestørrelsen

til noe nær ovennevnte størrelser (eller mindre), samt litt til ved å fjerne EXIF-data.

Skrevet
Med mindre det er helt spesielle detaljer som skal fremheves eller studeres i bildet (fx rutevalgdetaljer i en bergvegg el.),

der man maksimerer bildet langt ut over skjermstørrelsen, så er stort sett visning av hele bildet innenfor skjermarealet godt nok.

Man bør derfor resize bildet til fx 1024x768 eller 1136x852 eller der omkring, slik at bildet i sin helhet faller innenfor skjermen,

selv når bildet vises i full størrelse. Da minker også antallet pixler drastisk, og dermed også filstørrelsen i KB.

Hvis man gjør en oppskarping av bildet i PS, så øker filstørrelsen, fordi lokalkontrasten pixlene imellom øker,

og dermed informasjonsmengden som lagres i bilder u/ JPEG-formatet. For å minimere slik økning, kan man selektere

de arealene i bildet som trenger oppskarping, og utelate oppskarping på pregløse flater som himmel, snø- og vannflater.

Skarpes slike arealer (hvor det egenlig ikke finnes noen detaljer å skarpe opp), pådrar man seg egentlig bare kornstøy

i disse pregløse bildearealene. Men slik selektering krever litt mer jobb på bildene da...

En annen mindre reduksjon, normalt 10-15 KB, kan innspares v/ å fjerne EXIF-data på bildet.

EXIF-data er ikke visuelle bildedata, men nedfelte skjulte data i bildefilen om kl.slett/dato, kameradata (blender/lukkertid), kameramodell, optikk ol. Dette kan lukes vekk m/ freeware som fx Metstripper (www.photothumb.com).

Med mindre du tar jobben med en adekvat digital etterbehandling i PS, så vil du altså spare mest ved å redusere bildestørrelsen

til noe nær ovennevnte størrelser (eller mindre), samt litt til ved å fjerne EXIF-data.

Kort fortalt, disponerer en photoshop velges "save for web", juster kvalitet til filen er i ønsket størrelse (helst ikke lavere enn 40-50, jeg bruker helst 55-60). Hvis kvaliteten blir for dårlig, reduser først antall piksler i bildet. Metoden fjerner også exif-data/filens egenskaper.

Hvis man ikke disponerer Photoshop, kan bare det å åpne bildet i paint (standard i windows) for så å lagre det på nytt gjøre bildet mye mindre (antall kb). Jpeg-komprimeringen er relativt stor i paint... For hver gang man lagrer bildet i jpeg tapes informasjon/detaljer, altså bildet blir mindre og mindre i antall kb.

Skrevet
hehe, ja jeg så det der i ettertid ;)

Men hvordan kunne du se åssen kamera jeg har brukt? (det var nok ikke kjesso som skrev det..)

Ahh ok.. surret med navnene der... Jeg bruker Microsoft Picture manager som Viewer, og når man tar Properties her så får du de dataene til høyre.

Du kan også ta Properties i Explorer - Velg Summarytaben og velg Advanced...

Skrevet

Mit kamera (Canon EOS 300D) har originalformat 3076x2048 pixels, d.v.s. et 3:2-format i modsætning til skærmens (og de fleste kompaktkameraers) 4:3-formater. Jeg formindsker normalt til 768x512 pixels, d.v.s. at én pixel i det formindskede billede svarer til 4x4 pixels i originalen. Jeg ved ikke, om det betyder noget i praksis, at reduktionsforholdet er et heltal. De formindskede billeder fylder typisk 50-60 kB men kan blive både større og mindre afhængigt af detaljerigdommen.

Når man viser billeder på skærmen, bruges både det øverste og det nederste af skærmen til andre ting, så man kan ikke udnytte hele arealet. Når jeg klikker på et thumbnail-billederne her på Fjellforum for at få det vist i stor størrelse, sker der oftest det, at så længe billedet er ved at blive overført, vises det med det pixel-antal, som det er lagret med, men så snart overførslen er færdig, bliver billedet automatisk formindsket, så det kan vises på den del af skærmen, der udnyttes i praksis. Hvis der er detaljer, som jeg er nødt til at se med det fulde pixel-antal, kan jeg højre-klikke og lagre filen på min egen computer, så jeg kan åbne den med et andet program f.eks. Paint. Hvis der ikke er nogen speciel grund til at vise små detaljer fra billedet, kan de, der uploader billeder til Fjellforum, lige så godt formindske billederne til noget i samme størrelsesorden, som jeg foreslår, d.v.s. betydeligt mindre end eaa foreslår.

Lars M

Skrevet
Hvis man ikke disponerer Photoshop, kan bare det å åpne bildet i paint (standard i windows) for så å lagre det på nytt gjøre bildet mye mindre (antall kb). Jpeg-komprimeringen er relativt stor i paint... For hver gang man lagrer bildet i jpeg tapes informasjon/detaljer, altså bildet blir mindre og mindre i antall kb.

Svein har rett i det han sier, dette er jo mulig, men likevel en kvasiløsning man rett og slett bør unngå. Ikke bare tapes kvalitet og detaljer, men uønskede bieffekter skapes. Store, grumsete og særs kornete "glorier" oppstår rundt kontraster/lysskiller i bildet, fx langs horisonter, i skillet snø/fjell/vann, rundt personer eller trær stående mot annen farge- eller kontrastbakgrunn osv. osv...

I utgangspunktet jevne og glatte bildearealer ødelegges av stygge båndliknende strukturer og meget synlig grums, såkalte "jpeg artifacts". Slik lagring er derfor en ren nødløsning, så komprimering gjennom en eller annen kapabel bildeeditor er sterkt å anbefale. Lite vits i å investere i bra kameraer og optikk hvis dette er løsningen på komprimeringen, nemlig å ødelegge alt i aller siste trekk..! ;)

Mit kamera (Canon EOS 300D) har originalformat 3076x2048 pixels, d.v.s. et 3:2-format i modsætning til skærmens (og de fleste kompaktkameraers) 4:3-formater. Jeg formindsker normalt til 768x512 pixels, d.v.s. at én pixel i det formindskede billede svarer til 4x4 pixels i originalen. Jeg ved ikke, om det betyder noget i praksis, at reduktionsforholdet er et heltal.

Min erfaring er at det visuelt ikke betyr noe om reduksjonsfaktoren er et heltall eller ikke, sålenge forholdet bildehøyde/bildebredde ikke endres.

Hvis der er detaljer, som jeg er nødt til at se med det fulde pixel-antal, kan jeg højre-klikke og lagre filen på min egen computer, så jeg kan åbne den med et andet program f.eks. Paint. Hvis der ikke er nogen speciel grund til at vise små detaljer fra billedet, kan de, der uploader billeder til Fjellforum, lige så godt formindske billederne til noget i samme størrelsesorden, som jeg foreslår, d.v.s. betydeligt mindre end eaa foreslår.

De fleste nettlesere vil automatisk tilpasse bilderne så de vises helhetlig i skjermen. Hvis bildet egentlig er større enn dette, behøver man ikke først lagre lokalt for så å ta bildet opp i fx Paint. Bare bruk nettleseren, og dra musepekeren inn i bildet. Da vil MS-Internet Explorer vise et ekspansjonsikon i nedre høyre, og klikker du på dette, fyker bildet opp i sin egentlige fulle størrelse. Og motsatt når bildet vises maksimert, da dukker et tilpasningssikon opp. Tilsvarende vil Firefox vise et forstørrelsesglass når musepekeren dras inn i bildet, og et klikk vil da forstørre, neste klikk tar størrelsen ned igjen.

Når jeg foreslår størrelser rundt 1024x768 / 1136x852 er dette ment for 17-18" skjermer i oppløsning 1280x1024.

De fleste (unntatt bærbare) har jo skjermer større eller lik 17" i dag, og de fleste kjører normalt oppl. 1280x1024 på disse.

Så med slike skjermer vil bilder som jeg foreslår være best.

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.