Populært innlegg Terka Skrevet 7. desember 2018 Populært innlegg Skrevet 7. desember 2018 (endret) Ein fjellfant blir til Undertegna er vokst opp ytterst i Hardangerfjorden. Eigentleg så var sjøen ei like stor påverknad som fjell og skog, men etter å flytta derifrå så var det fjell og bratte gleder som fekk fokus. Aktivitetar på/i vatn har og gitt fine opplevelsar, men det er ei anna historie. ________________ Småfantar Når ein veks om med naturen rett utenfor utgangsdøra så blei skogen og fjellsida ein lekeplass. Eit utall hytter bygd av greiner og bregner som tak. Bondegårder av konglekyr. Små ekspedisjoner av småfantar. utan foreldre i nærleiken. Aking på skogsveier, og eit jorde som "skisenter". Naturen rundt heimen var lekeplassen. Ei av historiene mor mi trekk fram er når hu må gå på leit eitter barna som har tatt avgårde på på tur på eigenhånd. Hu avtaler med naboen at han skal flagge dersom barna kjem heim at før henne, og begir seg oppover lia i fotspora til barna. På veg opp mot 400 moh går ho i snø opp til knea, og no ser ho at naboen flaggar, nesten alle barna som har gått på tur har gått ned att på ei anna side av toppen og blitt kjøyrt heim. Eg derimot som bare var fem år og fekk beskjed av dei andre barna (som var to år eldre) om å snu når snøen vart djup, og tassar ned at på "rett side" åleine. Ansvarlige barn. I oppveksten så snakka me aldri om topptur, klatring, vinterturar, osv.. me gjekk ettermiddagsturar og søndagsturar, og på ski i påska med appelsin og kvikk-lunch. Naturen var der i bakgrunnen, ei ramme rundt liv og oppvekst som eg egentlig ikkje reflekterte over, den hadde jo alltid vore der rundt meg. ________________ Ei fjellpspire begynner å gro Som attenåring flytta eg sørover for å studere. Der var det fjellsportgruppe, og folk som var friluftsinterreserte. Det blei jevnlig fjellturar, Åsnes fjellski blei bytta ut med Tua Cirque, og eg begynte å klatre. Forskjellen var eigentleg at det som meir eller mindre hadde vært kvardagen blei no definert som "friluftsliv" og spesifikke aktivitetar blei tatt ein del lengre en før. Klatringa blei hovedfokus ei stund, og det blei nokre førstebeistiningar på meg. Første sommaren heimat etter eg starta å klatre blei kjøreturen gjort med augene klistra oppetter fjellsidene, eg såg heimkomunen min på ein heilt anna måte en når eg vaks opp. Her var det jo eit hav med muligheter som eg ikkje hadde benytta meg av! Bekleding er eit anna interressant tema som har utvikla seg mykje. Dongeribukse og gamasjar eller gummistøvlar, tjukk ullgenser, bommulsanorakk og vadmelsbukse, var normalen. Langt frå det presset det er i dag om å ha rett bekleding. Eg huskar eg vegra meg stort mot å gå over til plaststøvler og klossar under bindingane på telememarkskia. (Men det var og ei stor åpenbaring når eg gjekk over på nytt utstyr. no kunne det svingast bra både i laus og på hard snø!) Etter kvart kjøpte eg meg Helly Hansen AdventureTech (eller navn deromkring) skallklær. Dette må ha vært verdens raskaste bekledning! Falt du i skibakken eller is akselererte du opp i fart fram til du møtte ei fysisk hindring. Telemarksvingane satt greit etterkvart, og følte eg mestra bratt fjell. Men nokre samtalar med bestefar min som spurte kva slags svingteknikkar eg nytta meg av, og spørsmål frå ein onkel av far min om eg kunne ta han med oppe eit bratt fjell hadde lyst å prøve seg på, det har gjort meg ganske så ydmyk i forhold til kva andre andre folk kan ha av erfaring og kompetanse rundt fjell. Bestefar min gjekk i fjellet så lenge han kunne, til fots og på ski, det var bare ikkje naturlig for han å fortelle om det (Andre har etterkvart fortalt meg om turane hans). Og onkel til far min hadde eit like stort rack med klatreutstyr som eg hadde, han klatra ikkje men brukte det til å hente ut sauer som hadde gått seg skårfast i fjellet. Dei hadde mange fleire år med erfaring frå bratt fjell en eg antagelig noken gong kjem til å ha. ________________ Fjellfanten tar form Jobb med fast inntekt gav nye muligheter for friluftsliv og bratte gleder. Frå -98 og ti år framover var det skikjøring som var hovedfokus. Frå november til og med juni blei det jakta på snø, i snitt ein fjerdedel av året var med ski under beina. Hemsedal var base på vinteren, Jotunheimen og spesiellt Hurrungane var heimebane på våren, og Stryn sommarkisenter var fast utgangspunkt for turer når sommarskisesongen der var på topp. Ein tok gladeleg mange timar i bil på jakt etter snø, og det blei veker og månader forskjellige stader i alpane. Ei interresant betraktning er at eg har nær ingen bilder frå denne tida. Mobiltelefon var telefon, og kamera var heller ikkje noko me prioriterte å dra med oss, turen og opplevelsen stod i fokus. ________________ Fjellfanten i dag - kvardagen Etter kvart krever jobb og kvardagsliv sitt. Meir ansvar på jobb gir mindre rom for lengre perioder på tur, og det er no fokus på barna og nærturer i helger og kvardag. Men suget etter fjellet er der, og det må få meir plass. Fanten karrar seg etterkvar opp fjellsida igjen, og innfører lystbetonte bratte aktiviteter for borna - med eit håp om at dei også skal få kjenne på samme gleda og suget etter fjellet. Det er mange uforløyste draumar om turer der inne. Kanskje blir nokre av dei til verkelegheit etterkvart, og kanskje vinn kvardagen. Eg forstår forelda mine bedre no og deira valg. Balansen mellom draumar, opplevelsar, og kvardagsliv er kanskje det vanskeligaste. Kvardagen er fundamentet i livet, men når muligheten byr seg og du har overskudd til det - dra på tur. Endret 8. desember 2018 av Terka 42 6 1 Siter
Imp Skrevet 7. desember 2018 Skrevet 7. desember 2018 Så fint å lese Terka, og morsomt å se gamle bilder av dongeribukser og glatte kinn Du er virkelig ikke lik deg selv, syns nå jeg. Takk for fint innlegg 1 Siter
Kjell Iver Skrevet 8. desember 2018 Skrevet 8. desember 2018 Takk for et kjempegodt julekalenderinnlegg! God lesning til kaffekoppen på morningen. Litt av en utvikling på alle områder gjennom denne forholdsvis korte tidsperioden, også friluftslivet. Av og til tenker jeg at ting var enklere før. Mulig ting er i ferd med å snus - at det enkle kanskje blir mer verdsatt og uten at man blir satt i bås. 1 1 Siter
martin.m Skrevet 8. desember 2018 Skrevet 8. desember 2018 Dette var ei fin luke @Terka. Hadde en avslappet stund med kaffekoppen mens jeg leste om fjellfantens utvikling. Hadde nesten glemt at jeg hadde vadmelsbukser som nedoverskibukse da jeg bodde på Voss på begynnelsen av nitti-tallet. 1 1 Siter
+tshansen Skrevet 8. desember 2018 Pålogget Skrevet 8. desember 2018 Veldig hyggelig lesing Takk for godt innlegg 1 Siter
Terka Skrevet 8. desember 2018 Forfatter Skrevet 8. desember 2018 Takk for fine tilbakemeldingar folkens!😊 Eg var litt spent når eg skreiv dette mtp om eg bomma heilt eller ikkje ift å skrive noko i julekalenderen på som var "lesbart" for Fjellforumfolket. 🙈 @Imp, eg hadde vel glatte kinn på Fjellforumturen på Hurumlandet for eit par år sia, eller var hårveksten begynt å gro nedover allt då? 😂 1 Siter
Imp Skrevet 8. desember 2018 Skrevet 8. desember 2018 Hehe, det stemmer det...men fullt så barnlige og hvite var de ikke 1 Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.