josteink Skrevet 23. oktober 2018 Skrevet 23. oktober 2018 Behov Trengte ein sekk til overnattingstur dvs ca 45-50 l som kunne rullast saman og fekk plass i kajakk og i sykkelveske. Dvs inga ramme. korleis Tok ein gamal og lite brukt 56 l sekk, klypte den opp og putta ryggplate i skumgummi, sele og hoftebelte til side. Fann noko silnylon og sydde til ein boks på 20x30x60 cm med nettinglommer + rulletopp. Inspirasjon var litt zpacks, mytrail og hmg. Sydde dette på ryggstykke frå gamal sekk og sette på skulderreimer. Lagde ein masse hol i hoftebelte, tok av stoff her og erstatta med silnylon. Brukte alt av reimer og spenner frå den gamle sekken. Kjøpte kun netting og 2 spenner. Resultat voila så har eg fått meg ein ny og lett ryggsekk på 600 gr som er ca 50-55 l, til ein veldig billeg penge. Bilete viser saman med osprey 58 l. Har prøvd 1 t med 7 kg i og den er god på ryggen, sit stabilt og fast. Overaskande lett når dei vanskelege delane, rygg, skulderreimer og hoftebelte, kunne gjenbrukast. Redesign av friluftsutstyr. No rotar eg i boden for å finne andre ting eg kan sette saksa i :-). 9 Siter
Populært innlegg josteink Skrevet 23. oktober 2018 Forfatter Populært innlegg Skrevet 23. oktober 2018 (endret) Fleir bilete Endret 23. oktober 2018 av josteink 11 Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.