Gå til innhold
  • Bli medlem

Bukkeholstindane 30.juni - Definitivt betre på fjellet enn på kontoret


Anbefalte innlegg

Skrevet

I anledning god vermelding var det på tide å kome seg til fjells igjen. Det faste breåtet Øyvind hadde meldt helgefri og var særdeles klar for lengre fjelltur, og underteikna sørga kjapt for å avspasere fredagen med godver i sikte. Ein del timer i bil seinare var vi på plass ved Leirvassbu og begynte å klargjere sekkane for å rusle inn til planlagt teltplass ved Kyrkjetjernet. Ørliten nedtur å finne ut at saftflaska var lekk, og hadde fordelt innhaldet utover store deler av sekken.... :D Nedtur nr 2 når eg fann ut at a) digitalkameraet hadde flatt batteri, og ingen reservebatteri var med. Heldigvis er mobilkameraene begynt å bli ganske bra, slik at turen ikkje vart heilt udokumentert.

Fin rusletur innover langs ruta til Spiterstulen, og fann ein utmerka mjuk teltplass rett før det går nedover mot Visdalen. Ei kort natt seinare var det opp med glidelåsen på teltet, berre for å konstatere at godveret framleis var der. Etter ein kopp kaffe og ein kjapp frukost, hadde vi pakka sekkane med breutstyr og anna naudsynt stash og var på veg mot Søre Bukkeholstind.

Prøvde å halde høgda før vi svingte av mot toppen på Søre. Måtte litt innover før vi fann ein grei plass å krysse Tverrbytna, men ikkje verre enn at vi kunne dra rett oppover mot Søre Bukkeholstind. Svingte etterkvart utover mot austegga når vi nærma oss første fortoppen. Som vi skulle finne ut var det opp til fleire fortopper som medførte litt berg-og-dalbane gåing, men omsider kom vi oss inn til toppen av Søre.

Vidare mot Store var vi oppom minitoppen "Vest for Søre", runda den på snø etterpå og vidare opp mot Store Bukkeholstind. Kryssa snøfeltet rett før toppen og klyvde opp frå sørvest, men såg når vi kom heilt opp at det hadde vore like greit å gå rett på egga slik tilhøva var denne dagen. Etter kaffepause på Store bar det vidare mot Midtre. Luftig klyving nedover egga, men greit på tørt føre. Etter at det begynte å flate ut vart det enklare, men framleis låg snøen så langt ut at det vart litt vassing i roten snø. Frå midtre og opp til V1 var det greit å gå, var såvidt ute på brekanten opp første stigninga.

Over Bukkeholsbandet til Nørdre var det fram med tau og breutstyr. Kort passasje javel, men snøtilhøva innbaud ikkje til å ta sjanser. Kom oss greit over og vidare til toppen på Nørdre. Gjekk vidare til dei to austre toppane (Ø1 og Ø2). Når vi stod på Ø1 og såg på hammaren opp til Ø2, vart vi kjapt einige om at det var eit greit alternativ å gå rundt...

Tok med oss Nordaustre Bukkeholstind og, før vi stabba oss delvis til knes nedover snøkanten på Bukkeholsbreen. Heilt greit å kome ned til vanleg steinrøys etterkvart. Av med breutstyret, så bar det ned på vestsida av Bukkeholshøe og opp dalen til teltet og reinsdyrflokken ved Kyrkjeglupen.

Ufatteleg kor godt Real turmat og litt kald drikke på boks kan smake etter slike dager og 10 nye topper :evil:

post-1557-133474424699_thumb.jpg

post-1557-133474424711_thumb.jpg

post-1557-133474424724_thumb.jpg

post-1557-133474424737_thumb.jpg

post-1557-133474424748_thumb.jpg

post-1557-13347442476_thumb.jpg

Annonse
Skrevet

Et par nedturer der ja før tinderanglinga tok til. Ingen drømmestart akkurat, men fortsettelsen så ut til å ha vært prima! :P

For de som går motsatt vei og avslutter med søre Bukkeholstind, kan jeg anbefale den lange snøfonna lengst til høyre i det andre bildet. Den benyttet vi, og vi sto på skoene og skled uten stans fra toppen og helt ned så langt fonna går på bildet. Vi var der 12. juli 1995, og fonna var minst like stor da! :(

Slik så fonna ut dengang:

post-42-133474425292_thumb.jpg

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.