Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Annonse
Skrevet

Gd.no stresser så fælt med å arkivere artiklene sine! :evil: Du lan ut denne igår kveld morten, og nå er den arkivert, noen timer senere...

Skrevet

Ja de er kjappe til å arkivere og visste at det kom til å skje fort. Derfor kopierte jeg artikkelen så jeg kunne legge den ut i dag.

Nei til cruise på Gjende

100-ÅRSJUBILEUM: Samferdselsminister Liv Signe Navarsete vil ikkje ha cruisebåtar på Gjende, men Beitostølen-general Steinar Hovi trur det tvingar seg fram.

AV KETIL SANDVIKEN

MOBIL: 901 35 460

Sterk dametrio som åtvara mot for sterk kommersialisering i fjellheimen . Fr.v. DNTs nye generalsekretær, tidlegare forsvarsminister Kristin Krohn Devold, fylkesmann og tidlegare miljøvernminister Kristin Hille Valla og samferdselsstatsråd Liv Signe Navarsete.

FOTO:KETIL SANDVIKEN.

Prominensar og folk flest lo godt av Jakob Eide som oppattstått Jo Gjende. Fremst gudmor Kari og son Kåre Øvstedal, statsråd Liv Signe Navarsete og fylkesmann Kristin Hille Valla.

FOTO:KETIL SANDVIKEN.

Bestemor Kari (86) var gudmor for Gjendine, gleida av Harald Rune og mor Synnøv Øvstedal.

Nybåten Gjendine.

Jakob Eide dukka opp som Jo Gjende, det var 122 år sia sist...

Les også disse sakene:

- Meir pengar til stigen

Lo av Jo Gjende

GJENDE: - Det kan gjerne koma mange fotturistar hit, men det er viktig at naturen står i sentrum og ikkje cruisebåtar på Gjende. Vi må ivareta dette som eit fredeleg og roleg område. Det var samferdselsminister Liv Signe Navarsete som avslutta si gratulasjonshelsing til Gjendebåten og familien Øvstedal på denne måten for fleire hundre frammøtte under eit storstila 100-årsjubileum laurdag.

Like føreåt avduka statsråden heilt nye og, i følgje distriktsvegsjef Kjell Seim, eksklusive vegskilt for Besseggen og Gjendebåten i Maurvangskrysset.

Spørsmål om tid

Også fylkesmann Kristin Hille Valla og generalsekretær Kristin Krohn Devold i Den Norske Turistforening ropa reit varsko mot stadig aukande tilrettelegging av våre fjell.

- Cruise kan du få over alt, men dette med båttransport innover Gjende får du berre her. Det er unikt, og det må vi ivareta, understrekar Navarsete over for GD.

- Ja, eg høyrde ho sa det, men det er nok berre spørsmål om tid. Om 15 år så er det nok cruise her, seier Steinar Hovi, Mr. Beitostølen i eigen person. Han stod i fjor haust fram i GD og sa at Gjende og Besseggen er verdas beste turistprodukt, og at dette må utnyttast langt sterkare. Han har spesielt stor tru på tilrettelagte båtturar med omvising og servering.

- Det går an å få til dette utan særleg forureining. I dag finst det solcellepanel og lukka kloakksystem og da kan ein leggje til rette for servering og få langt større inntening, Seier Hovi.

Motor-paradoks

- Eg har ikkje gjort meg opp så mange tankar om dette, men med den nye båten er meir tilrettelagt for guiding og servering, og vi håpar at dette kan føre til litt meir kjøring med grupper. Gjende-skipper Harald Rune Øvstedal fortel at det i år er på gang eit lite samarbeid med Hovi og Beitostølen om dette, men at det ikkje er marknadsført i stor stil og at det i sommar er lagt opp til vanleg rutetrafikk. Tre månaders sesong, og ein av dei svært hektisk, set grenser for kva ein kan få til, meiner Øvstedal.

Fylkesmannen trekte fram at da Jotunheimen nasjonalpark vart oppretta i 1980 så vart drifta av Gjendebåten sikra som eit unntak i vernereglane.

- Det er her vi finn paradokset. Båten er eit gode for friluftslivet, sjølv om motorferdsel i verneområda i prinsippet er i strid med nasjonalparktanken, sa Hille Valla. Fylkesmannen sa at Gjendebåten gjennom sine 100 år har gjeve mange lettare tilkomst til denne delen av Jotunheimen, og at det nå er rett å kalle rutebåttrafikken på Gjende for ei berekraftig næringsutnytting av nasjonalparken.

- Sjølv om vi i dag opplever rutebåten i liten konflikt med vernet, vil eg nødig at dette skal brukast som argument for å fremje motorisert transport av turistar inn i verneområde på andre måtar og i andre delar at våre nasjonalparkar. Vi må aldri gløyme at opplevinga av urørt fjellnatur i ro og stille er ei merkevare i det produktet som nasjonalparkane er, sa Fylkesmannen.

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.