Gå til innhold
  • Bli medlem

Gjennom ville dalar og flotte fjell! Frafjord til Røssdalen, 17-18.06 2006


Ragnar

Anbefalte innlegg

Fitjadalen og Røssdalen er to ville dalføre opp av Frafjord i Rogaland. Ei helg i juni tok vi turen innover desse flotte og varierte heiene.

Det var lørdags morgon og endeleg var det klar for helgetur. Turen skulle gå i sørlege delar av Ryfylkeheiane, i området mellom Frafjord og Espedal, omlag ein times med bil frå Nord-Jæren og Stavanger. Her er det flotte fjell- og dalføre og du kan vandre nesten heilt frå sjøkanten og opp på snaufjellet. Det som venta oss var vill og urørt natur med fleire høge fossefall, frodig skog, enorme steinurer og bratte fjellvegger. Men det var også vidstrakte sletter, snaufjell, idyllske vatn, eit rikt dyre- og planteliv og samt fleire kulturminner frå ei svunnen tid. Det var igrunnen ikkje min idè med denne turen, det var søskenbarnet mitt, Lars Erik Hoff, som lenge hadde ymta frampå om ein real fjelltur. Han ofra glatt fotball VM for ei helg, til tross for utruleg fotball-engasjement. Eg vart meir med som turfølge, men fekk dog både bestemme ruta og ta meg av telt, transport og mat.

Sola kom som bestilt då vi spente på oss sekkane og gjekk oppover den nye stien mot Månafossen. Denne fossen med fritt fall på 92 meter er litt av eit skue, der den stuper loddrett ned! Stien opp til fossen og vidare inn til fjellgarden Mån er nyleg satt i stand av Jæren friluftsråd. Litt turister kjem det også for å sjå Rogalands høgste, og Norges 7.høgste, fossefall, men særleg mange er det ikkje. Etter å ha forsert ein del høgdemeter, flater dalen ut oppe ved Mån. Her ved den gamle garden er det store grassletter og flott utsikt oppover Fitjadalen. Bygningane er i den siste tida satt i stand og i våningshuset tilbys det overnatting (må bestilles på førehand). Det er også ei open varmestove i kjellaren som kan vera grei å ha på dagar som ikkje er så fine som denne. I elva like ved fekk vi fyllt vassflaskene før vi rusla vidare over slettene innover dalen.

Den merka stien svinger over på motsatt side av dalen like før Månavatnet og går gjennom ei stor steinur. Her passerer elva under steinane, så det er vanlegvis ingen vading. Ved liten vassføring som det var no, kan det nok vera greiare å følge følge vasskanten innover, men då må elva vades lengre oppe. Vi holdt oss på stien og tok oss fram i den skogkledde sida eit godt stykke opp frå vatnet. Det er til tider litt kronglete oppover dalen og ein liten utilsikta avstikker frå stien kan fort skje, sjølv om den er godt merka. Innimellom er det nokre få fine teltplassar, særleg nede ved elva. I vinter har det tydelegvis gått ein del ras frå dei stupbratte fjellsidene og fleire tre var velta over stien.

Barføtt

Ved bredden av Fitjavatnet var det på tide med lunsj. Og så varmt det var i sola! Av med sko og sokker for her var det bare å sprade rundt barføtt i graset. Det var fristande å ta eit bad, men det fekk holde med litt vassing; Vatnet var nok ikkje så varmt som det såg ut til å vera.

Vidare er landskapet meir òpe og terrenget meir lettgått. Fleire pausar må til på denne flotte dagen og vi sit lenge å nyt inntrykket av den fine naturen. Eit stykke ut på ettermiddagen kjem vi opp til Fidjastølen og tar av stien, som fortsetter opp til turisthytta Blåfjellenden. Først skal vi vade over elva og det er ikkje spesielt utfordrande med den relativt beskjedne vassmenga. Ved større nedbørsmengder kan det nok vera meir enn vanskeleg å ta seg over skulle eg tru.

Telting på snaufjellet

Nokre høgdemeter og ei kronglete bjørkeli langs ein bekk ventar oss, før vi når over tregrensa. Så ventar snaufjellet på oss. Då det lir mot kveld er det på tide å sette opp teltet tenker eg, men turfølge mitt kunne gjerne ha tenkt seg å fortsatt eit stykke til. Lars Erik Hoff har nemleg nyleg vore å traska ein del kilometer i Nepal, så formen hans er upåklageleg. Det vesle Rondane teltet blir satt opp på eit passe flatt område ved Lunnarvatnet. Litt stein må til for å få teltet til å stå i det skrine jordsmonnet. I mens sola er på god veg bak skyene, kryp vi inn i teltet og fyrer opp primusen. Vi har tatt med oss meir enn nok med pølser, ferske pølsebrød og ketchup, så det blir eit realt festmåltid. Etter ein lang dag blir det ein tidleg kveld og underteikna slukner iallefall temmeleg fort. Skyene kjem innover frå kysten i løpet av natta og det regner godt ei stund. På morgonkvisten, eller rettare sagt utpå formiddagen, så er imiddlertid sola der igjen. Frokost ute i det fri med utsikt nedover Indre Dalen er ikkje å forakte!

Indre Dalen og Røssdalen

I ti-tida rusla vi vidare. Langt der framme kunne vi sjå dei grøne jordene til bøndene nede i Espedal og no venta ville og vakre Indre Dalen og Røssdalen. Det er på ingen måte ein merka sti nedover, men av og til var det nokre små vardar som visar veg. Litt ulent var det til tider, men vi tok oss greit fram. Regntunge skyer kom farande inn og det byrja snart å dryppe litt. Varmt var det, så det var først då regnet verkeleg tok til, at jakken måtte på. I regnvèret vart det temmeleg sleipt på steinane og det vart raskt nokre litt ukontrollerte manøvarar. Langs Indravatnet kom vi heilt av stien eit stykke, viss det i det heile er ein sti der. Her passerte vi også ein flott foss, som stupte ned den loddrette fjellsida like ved oss. Praktfullt! Eit lite stykke ned i Røssdalen kom vi innpå den merka stien, men først hadde vi då tatt oss gjennom ei litt ulent steinur med store steinblokker. Det er imiddlertid ikkje noko i forhold til den store steinura som ligg like ved, men vi tok heller stien som går rundt (begge er merka). Nede på dei flotte grasslettene like ved Røssdalsvatnet var det på tide med lunsj igjen og her var det også eit par familiar på søndagstur. Det siste stykket ned til parkeringsplassen går på veldig god sti og til slutt ein kjerreveg. Kanskje for godt tilrettelagt for enkelte, fordi turfølget mitt insisterte på at vi måtte følge militær disiplin og småjogge det siste stykket...

Etter ein halv time vart vi plukka opp og satt snart i ferjekøen på Oanes, der vi fekk kjøpt oss ein is i kiosken.

:lol:Meir om turen og fleire bilde på breogfjellsport.no

post-5-133474423462_thumb.jpg

post-5-133474423472_thumb.jpg

post-5-133474423482_thumb.jpg

post-5-133474423493_thumb.jpg

post-5-133474423504_thumb.jpg

post-5-133474423516_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Her var det mye fin natur. Mange plasser man skulle ha vært ja. Vet du hvordan fisket er i dette området?

Jeg vurderer en tur til Lysefjorden i sommer, men det kunne vært fint å komme seg litt vekk fra turiststrømmen til Kjærag også. Er vel ikke så mange folk som tråkker i disse fjella?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

"Sammar'n" her gitt!

Godt med en berrføttsommer av det gamle slaget innimellom! :)

Ser at bildefilene dine er langt over standardbegrensningen på 400 KB.

Har du tatt deg til rette som moderator her eller..?

For dette er vel noe vi andre dødelige ikke får lov til? :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

"Sammar'n" her gitt!

Godt med en berrføttsommer av det gamle slaget innimellom! :)

Ser at bildefilene dine er langt over standardbegrensningen på 400 KB.

Har du tatt deg til rette som moderator her eller..?

For dette er vel noe vi andre dødelige ikke får lov til? :)

Det var ikkje meininga det nei...har ikkje for vane å laste opp for store filer, men sjekka det nok ikkje så nøye denne gongen.

Ingen begrensning for admin, då det i visse tilfeller kan vera nødvendig med større filer.

Skulle forøvrig sett at vi kunne auke filstorleiken litt, men vi må passe på diskplassen, iallefall slik det er idag. Det er mange bilder som etter kvart har blitt posta (og bra er det!). Eit anna element er båndbreddebruken (vi har no godt og vel 15000 unike besøkande pr mnd, rundt 20GB/mnd)

Vi kan nok gjera unntak for spesielt fine bilder, f.eks. panorama, eller noko anna som krev store filer.

Send då ein mail til [email protected]

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.