Curling-generasjonen Skrevet 20. november 2017 Skrevet 20. november 2017 Hei! Eg har så smått begynt å sjå på mogelegheitene for å organisere ein ekspedisjon/tur til Grønland i området rundt Gunnbjørns Fjeld (3693moh). Målet med ekspedisjonen er å få skikkeleg villmarksfølelse, svimlande utsikt, bra skikøyring, og gjerne nokre kule toppar. Det kostar ca 300 000 kr for flyreisa t/r Island - basecamp for 4 pers med utstyr. Om det fins vesentleg billigare alternativ med ville fjell med bra skikøyring i samme område så er det veldig interessant. Er det nokon som veit om det må søkast om løyve til ein sånn tur og om det er krevjande/dyrt å få løyve? Nokon som har andre tankar eller erfaringar frå ein slik tur? Siter
Tessatroll Skrevet 20. november 2017 Skrevet 20. november 2017 Ein liten start her. https://exp.gl/ 1 Siter
Curling-generasjonen Skrevet 21. november 2017 Forfatter Skrevet 21. november 2017 Supert! Takk! Siter
Tessatroll Skrevet 21. november 2017 Skrevet 21. november 2017 denne sida gjer ting ein del lettare. Når eg først tok til og orientere meg opp på Grønland var det noko vanskeleg å finne info, og søknad for løyve, radiopermit osv var ikkje digitalisert. Dei digitale løysingane kom for fullt i år meinar eg, men har hatt litt rusk i maskineriet. Om du skulle trenge hjelp og ikkje kjem gjennom på rette staden på tlf eller epost så kan du sende meg ein PM. Har nokre direkte tlf nr og e-postadresser til folk på ekspedisjonskontoret. Om de skulle trenge bistand på andre vis så er det eit stalltips ta kontakt med Lars Ebbesen. Han sel ymse tenester knytt til slike turar. 1 Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.