Populært innlegg Gaupe Skrevet 13. august 2017 Forfatter Populært innlegg Del Skrevet 13. august 2017 Hei, folkens! Her er siste oppdatering om situasjonen: Kona og eg var oppom hytta i dag. Det fyrste meg såg var då at folk hadde rive ned alle dei skilta me hadde sett opp med "privat veg". Vel, det er greitt nok, dei hadde eg tenkt å fjerne uansett (både av di det truleg har vore på kanten av lovverket å ha dei der, samt at dei kunne vere eigna til å provosere unødig). Det eg var litt meir overraska og skuffa over var at nokon òg hadde rive ned dei skilta eg hadde brukt for å indikere kor den alternative stien går. Dette er berre snakk om to blå piler, noko som absolutt ikkje burde provosere nokon etter mitt syn. No vel, det kan vel ha vore ein slags reaksjon på "privat"-skilta, men så vidt eg kan sjå så er det ikkje meir lovleg å ta seg til rette og rive ned skilt enn det er å setje dei opp. Vel, nok om det. Eg sette opp att skilta med dei blå pilene og let "privat veg"-skilta vere nede. Dei kjem nok ikkje opp att heller. På den positive sida så ser eg at ein del har begynt å bruke den nye vegen, men det er langt frå alle. Det eg har gjort no er å sende ein E-post til velforeininga i hyttefeltet som ligg nedanfor der me har hytte, for å prøve å få i stand ein dialog. For dei som er interesserte så er teksten frå denne E-posten ordrett sitert her (med unntak av at namn, stadnamn og anna som kan gjere det mogeleg å identifisere personar og stadar er fjerna): Spoiler Hei! Eg sender denne E-posten til deg då eg forstår det slik at du per i dag er formann i XXXXXX velforening? Viss dette skulle syne seg å ikkje stemme så bed eg deg sjå bort frå denne E-posten og beklagar bryderiet (men viss du i så fall veit kven andre eg skal kontakte i staden for deg så set eg pris på om du vil sende meg kontaktinformasjon til dei). For å kort presentere meg så er eg og kona mi eigarar av den hytta som ligg oppe ved fossen ovanfor XXXXXX hyttefelt (XXXXXX, gnr. XXXXXX, bnr. XXXXXX). Me har, i tida etter at den store hytteutbygginga i XXXXXX starta, opplevd at det naturleg nok er mykje meir folk som går tur i skog og hei rundt i området. Personleg ser eg på det som ein generelt særs positiv ting at folk søkjer ut i naturen og ynskjer å bruke denne mest mogeleg. Når det er sagt så er det ein ting som me i augneblinken ser på som utfordrande, og det er at svært mange som er ute og går tur brukar den stien som går rett forbi hytta vår. Dette opplevast som veldig sjenerande når me er på hytta, for det betyr at folk passerer rett forbi verandaen og stovevindaugo på hytta. I tillegg fører det med seg mykje slitasje på tunet utanfor hytta, ikkje minst så er det myrlendte området mellom hytta og elva til dels kraftig opptrakka. Me som hytteeigarar har ikkje noko ynskje om verken å verte sett på som vanskelege eller å prøve å nekte folk å ferdast i området (noko me uansett ikkje har heimel til), men me er veldig interesserte i å finne ei løysing som fungerer for alle partar. På denne måten vil me kunne få ha litt meir privatliv på hytta og mindre slitasje på hyttetunet, medan dei som vil gå tur vil kunne bruke området meir eller mindre akkurat som før. Det me har prøvd på no, for å gje folk eit alternativ til å gå rett utanfor hytta vår, er å rydde og merkje opp ein ny sti på ikring 150 meter som går på baksida av hytta. Denne stigen er tydeleg merkt med blå farge på tre/steinar, samt blå piler i kvar ende. For dei som ynskjer å gå tur opp til XXXXXX eller områda der ikring så vil faktisk dette vere ein liten snarveg, samt at det er ein atskilleg tørrare veg enn å gå over myrane bak hytta vår. For dei som ynskjer å gå bort til elva/fossen rett bortanfor hytta vår så vil dette sjølvsagt vere ein liten omveg på kanskje 50-100 meter, men me hadde sett umåteleg stor pris på om me kunne få dei som ferdast i området med på å leve med denne vesle ulempa for at me som hytteeigarar kan få tilbake eit normalt privatliv på hytta. (Alternativt går det òg an å gå over platået på nedsida av hytta, då vil dei som går der heller ikkje vere direkte synlege frå hytta. Me ser det er enkelte som gjer dette per i dag.) Stundom når folk har gått forbi når me er på hytta så har eg høfleg spurt dei om dei kan vere så snille å gå på baksida i staden for. Dei aller fleste syner forståing for at me ynskjer dette, men seier at dei ikkje trudde der var folk på hytta. Saka er berre den at slik som terrenget rundt hytta er så er det så godt som umogeleg å sjå om der er folk eller ikkje før ein er inne på sjølve tunet framføre hytta, og då er det slik sett «for seint å snu». Difor er det veldig ynskjeleg for oss at folk brukar den alternative vegen på baksida av hytta uansett. No er det sikkert langt frå berre folk som er tilknytte XXXXXX velforening som går tur i dette området, men eg vil tru at det er ein god del av dei som har hytte i XXXXXX hyttefelt som nyttar turterrenget oppover i XXXXXX. Det er difor me ynskjer å kontakte dykk for å prøve å få i stand ei felles forståing og eit samarbeid på dette området. Viss de kunne informert medlemene dykkar om det som eg har nemnt her og prøvd å få dei med på å bruke den nye vegen me har laga så hadde me vore veldig takksame for det. Som sagt tidlegare så ynskjer me å kunne få til ein positiv dialog i staden for at dette skal behøve å verte noko negativt for alle partar. Eg går ut frå at det ikkje er spesielt moro for dei som går tur heller viss dei føler at dei trakkar rett inn i andre sin private sfære. Er det andre ting me òg kan leggje til rette slik at både dei som går tur og me som hytteeigarar kan få nyte utmarka i fred og ro så tek me gjerne ein prat om dette! Sei ifrå viss det er noko meir du lurar på i høve til denne saka, eller viss det er noko som er uklårt i det eg har skrive. Ha ein flott dag vidare! Med helsing XXXXXX Neste steg er å skrive eit brev til kommunen om kva tiltak me vil kunne gjere for å avgrense ferdsla rett utanfor hytta. Eg legg nok ut ein kopi av dette òg når det er klart, for viss den prosessen eg går gjennom no kan vere til hjelp for andre i ein tilsvarande situasjon så er det ingenting som er betre enn det! Nok ein gong vil eg seie takk for mange gode innspel her i denne tråden, og ikkje minst for at så mange av dykk har ei forståing for at me ser på dagens situasjon som ugrei. Det er gildt å vite at ein ikkje har blitt heilt sprø og sær berre fordi ein ynskjer eit minimum av privatliv på hytta si! 10 Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gaupe Skrevet 18. august 2017 Forfatter Del Skrevet 18. august 2017 Vel, då er brev sendt til kommunen, så får me sjå kva slags svar me får frå dei! 🙂 Eg ventar litt med eventuelt å leggje ut brevet her i tråden til eg har fått svar, for viss det vert noko att og fram i denne saka så er det kanskje ikkje så gunstig at korrespondansen ligg open ute på nett (sjølv ikkje i anonymisera form). Eg har i alle høve fått mykje gode innspel og idear frå denne tråden med tanke på utforminga av brevet, mange slags takk for det! 👍 Elles har eg ikkje fått noko svar frå velforeininga enno etter E-posten eg sendte (sjå førre innlegg). Førebels så vel eg å tru at dette enten kjem av at vedkommande ikkje har fått sjekka E-posten sin enno, eller at han har hamna i eitt eller anna søppelpost-filter på vegen (eg har mange slags dårlege erfaringar med E-post på den fronten). Eg får vente litt til, og så eventuelt sjå om eg finn nokon andre måtar å kontakte dei på. Eg gjev lyd frå meg att når eg har noko nytt å kome med! 😉 3 Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gaupe Skrevet 10. oktober 2017 Forfatter Del Skrevet 10. oktober 2017 Hei, folkens! No var det kanskje nokon som trudde at eg hadde gløymt vekk heile tråden her, men det er absolutt ikkje tilfelle! Eg har hatt det veldig travelt i sumar og i haust, og det drygde veldig med svar frå kommunen. Eg fekk endeleg somla meg til å purre på dei på E-post i går, og fekk akkurat no i stad svar frå ein av rådgjevarane i kommunen. Det var han som hadde fått saka på bordet, og no vil han gjerne kome for å vere med på ei synfaring i området rundt hytta for å vurdere dei problemstillingane eg har lagt fram i brevet! Eg vonar å få gjennomført synfaringa denne veka, og så får me sjå kva som vert resultatet. Eg oppdaterer tråden når eg veit noko meir. Ha ein strålande haust så lenge! 6 Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Sovjetunionen Skrevet 10. oktober 2017 Del Skrevet 10. oktober 2017 Lykke til med saken @Gaupe håper det ordner seg for dere. Personlig har jeg det helt dårlig med å trakke rundt på folks hyttetomter når jeg er ute og går, da går jeg heller en liten omveg for å ikke tråkke inn på en familiemiddag eller lignende. Det høres ut som det er noen litt slitsomme folk som ikke skjønner problemstillingen rundt der dere har hytte. Håper dere får fred etter hvert og at dere slipper å sette opp gjerde. 2 Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gaupe Skrevet 1. november 2017 Forfatter Del Skrevet 1. november 2017 Hei igjen! Synfaringa med kommunen gjekk i grunnen veldig bra! Kommunen sin representant såg veldig fort problemstillinga, og var heilt einig med meg/oss i at dagens situasjon ikkje var haldbar. Me vart einige med kommunen om at me, i tillegg til den turstien på baksida av hytta som me allereie har rydda, skal rydde og merkje opp ein sti til. Denne stien skal gå i lia litt nedanfor hytta for å ta unna dei som ikkje skal vidare innover i terrenget, men berre vil ut til fossen for å sjå på utsikta (sjå tidlegare innlegg). Då skal der ikkje vere noko som helst "behov" att for å gå gjennom hyttetunet vårt. Når det gjeld gjerdet me ynskjer å setje opp så var han heilt einig i dette òg. Han såg poenget mitt når eg sa at eg ikkje trudde det var nok berre med nye stiar og merking, for folk har teke seg til rette såpass lenge no at her må det nok ei fysisk hindring til for å oppnå ei varig åtferdsendring. Det einaste eg kunne tenkt meg for å kunne seie at eg hadde fått 100 % gjennomslag i denne saka var eit litt meir tydeleg svar angåande eit slikt framtidig gjerde. Sjølv om eg fekk grønt ljos til å setje det opp akkurat slik eg hadde tenkt så ville kommunen ikkje formelt "godkjenne" det (det vil seie at han gav uttrykk for at der kanskje måtte gjerast ei ny vurdering viss dei fekk inn mange klager på gjerdet, men at kommunen likevel ville "forsvare" både gjerdet og meg så langt det let seg gjere). Eg skulle sjølvsagt gjerne hatt eit skriftleg vedtak i handa som eg kunne dele ut kopiar av til dei som eventuelt klaga direkte til meg, men no vonar og trur eg ikkje at det treng å verte stort klager på dette her. Med to nye stiar rundt hytta (som ikkje utgjer nemneverdig omveg) så er det ingen område som vert avstengde for ålmenta (ut over området akkurat rundt hytteveggen vår), så eg ser føre meg at dei einaste som kjem til å klage er dei som alltid skal ha det akkurat nøyaktig slik som dei vil, og gjer ei slags prinsippsak ut av det heile. Eg vonar det ikkje kjem til å vere så mange slike som ferdast i området, men nokon av den typen er det som regel alle plassar, diverre... Eg kjem til å fylgje sporadisk med i denne tråden frametter, og skulle det skje nokon interessante utviklingar i den eine eller den andre retninga så høyrer de nok frå meg! Då eg ser føre meg at dette kan vere ei sak som er interessant for fleire så skal eg svare på eventuelle spørsmål (her i tråden eller på PM) så godt eg kan - viss det tek litt tid før eg svarar så kjem det ikkje av vond vilje, berre av at det skjer mykje på mange frontar slik at det kan hende eg gløymer å kikke innom her i kortare eller lengre periodar. Eg har sagt dette mange gonger før, men enno ein gong tusen takk for all hjelp og støtte som eg har fått i denne tråden - ikkje minst har det vore veldig oppløftande og motiverande for oss at det store fleirtalet som har posta her har hatt stor forståing for vår frustrasjon i høve til den noverande situasjonen. Ein kan av og til begynne å lure på om det er ein sjølv som er urimeleg og/eller ikkje fylgjer med i tida, men eg sit til slutt og rest att med ei kjensle av at me nok ikkje er så vanskelege og urimelege likevel. (Som ein tilleggsobservasjon så ser eg det har vore ein del skriveri i media den siste tida om auka belastning mange stadar som fylgje av den sterke auken i turismen (både her i landet og elles rundt om i verda), og at gnissingar mellom innbyggjarar og turistar vert meir og meir vanleg. Eg vonar at dei som styrer og steller både her og der kan begynne å vakne litt meir opp etter kvart slik at lover/reglar vert tilpassa for å ivareta alle partar på ein god måte, og at informasjonsflyten kan verte betre slik at alle veit kva som er greitt og ikkje. Me får sjå korleis ting utviklar seg!) Då ynskjer eg alle ein fin (sein)haust vidare, og mange gode naturopplevingar i tida frametter! 7 Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Miamaria Skrevet 1. november 2017 Del Skrevet 1. november 2017 Men fikk du noe som helst respons hos den velforeningen? Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gaupe Skrevet 1. november 2017 Forfatter Del Skrevet 1. november 2017 22 minutter siden, Miamaria skrev: Men fikk du noe som helst respons hos den velforeningen? Nei, null og niks respons derifrå. Til deira forsvar så skal det seiast at eg berre har sendt den eine E-posten til han eg trur er formann og ikkje purra noko meir, så der er ei mogelegheit for at det eg sendte har kome bort på vegen. Viss vedkommande har fått det eg sendte og berre ikkje vil svare så lyt eg berre ta det til etterretning med tanke på samarbeidsvilje og generelle haldningar der i garden. Det eg vurderer å gjere i staden for å gå rett på velforeininga enno ein gong er å i staden gå til dei som står for hytteutbygginga i området. Det er dei som legg til rette for det meste av aktiviteten i området, blant anna dei "offisielle" turstiane der er. Dette er folk som eg kjenner veldig godt og veit at eg får svar frå, så tanken er å spørje dei om dei kan hjelpe til med å kunngjere desse nye turstiane til dei hyttefolka som brukar området. Då lyt eg uansett vente til eg får laga i stand tursti nummer to, og om eg får gjort det i haust eller ikkje før til våren er eg ikkje heilt viss på enno. 1 Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
+PTG Skrevet 1. november 2017 Del Skrevet 1. november 2017 Enig med @Sovjetunionen, beste er å gå rundt for ikke å forstyrre. Kunne ett skilt som forteller "Vi er på hytta nå" vært noe? Da er det ikke "privat" som provoserer noen, men en indirekte beskjed som de fleste vil forstå. Eventuelt med skilt og kart for å vise hvor de nye stiene går. Om du ønsker å gå etter de som river opp skilt m.m. så hadde jeg vurdert å sette opp "viltkamera". PS Jeg er svært for allemannsretten, men om den skal bestå og ikke innskrenkes så må begge sider "oppføre" seg. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gaupe Skrevet 1. november 2017 Forfatter Del Skrevet 1. november 2017 (endret) 46 minutter siden, PTG skrev: Kunne ett skilt som forteller "Vi er på hytta nå" vært noe? Da er det ikke "privat" som provoserer noen, men en indirekte beskjed som de fleste vil forstå. Eg ser absolutt poenget ditt, men eg har personleg ei stor innvending mot eit slikt skilt (eller andre tiltak meint for å markere når me er på hytta og ikkje): Viss me set opp eit slikt skilt så seier me samstundes (indirekte) at det er heilt greitt å ta seg til rette rundt hytta når me ikkje er der. Det signalet me ynskjer å sende ut er at i området generelt er det sjølvsagt fri ferdsle i høve til allemannsretten, men at me ynskjer å ha ei privat sone i ein radius på nokre få meter frå hytteveggen vår der gjennomgangstrafikk av turgåarar ikkje er greitt - uavhengig av om me er på hytta på det aktuelle tidspunktet eller ikkje. Dei to nye stiane utanom hyttetunet vil som sagt ovanfor verte skikkeleg merkte i alle høve, både med "proffe" skilt laga av kommunen og med blå merking på tre og steinar (som er standarden i området for merking av turstiar). Endret 1. november 2017 av Gaupe 3 Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Björn Skrevet 1. november 2017 Del Skrevet 1. november 2017 7 timer siden, PTG skrev: Om du ønsker å gå etter de som river opp skilt m.m. så hadde jeg vurdert å sette opp "viltkamera". Viltkamera i syfte att fotografera människor som är identifierbara, är väl olaglig? Kommer i alla fall att bli det under 2018 när dataskyddsförordningen införs. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.