Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Hei, folkens!

Eg har nokre ting som eg prøvar å finne ut av i samband med allemannsretten og hytte i utmark som eg vonar nokon her kan hjelpe meg å nøste opp i.

Lat meg fyrst begynne med å seie at eg på ingen måte er nokon motstandar av allemannsretten – tvert imot, eg har hatt mykje glede av denne sjølv, og eg er sjeleglad for at folk heller tek ein tur ut i Guds frie natur enn å sitje inne framføre ein skjerm. Dette er ein rett me lyt hegne om og ta vare på. Når det er sagt så tykkjer eg nok stundom at det vert litt for mykje fokus på kva rettar ein har i høve til lovverket, og at det vert sagt for lite om pliktene.

Eg vonar folk har tolmod til å lese alt eg skriv, då dette nok vert eit rimeleg langt innlegg. 🙂 Eg tykkjer likevel at eg lyt skrive såpass for at eg skal få fram alle aktuelle og relevante moment.

Problemstillinga mi er som fylgjer: Me har ei hytte i utmark, som fram til for få år sidan låg 30-40 minutts gangtid frå næraste bilveg. Denne hytta har alltid vore «friplassen» til familien vår, der me reiser for å kople av i ro og fred. Slik har det vore heilt til for nokre år sidan, då det vart etablert eit stort hyttefelt i nærleiken. Hyttefeltet gjer at ein no kjem nærare hytta med bil, så no er det berre 10-12 minutt å gå opp dit.

Vidare så er det slik at frå dette hyttefeltet så er der ein oppmerkt tursti til ein fjelltopp i nærleiken. Denne turstien er i periodar sterkt trafikkert av turgåarar. Frå turstien går der ein sidesti som går opp til hytta vår. Denne sidestien er ikkje merkt som tursti (og har ikkje tradisjonelt vore brukt som dette), men det tok ikkje så lange tida før folk begynte å ta denne i bruk.

Så langt er for så vidt alt greitt. Problemet vårt er at stien som går opp til hytta vår vert brukt for å kome opp til eit fiskevatn i nærleiken (eller berre for generelt å gå tur i området). Denne stien går rett gjennom hyttetunet vårt, og på grunn av terrenget så vert folk gåande rett forbi hytta vår (og når eg seier «rett forbi» så meiner eg så nær at dei bokstaveleg tala kan leggje handa på verandarekkverket når dei går forbi).

Då det i høgsesongane er veldig mykje folk som går denne vegen så har dette blitt særs sjenerande for oss. Det vert ikkje betre av at mange tykkjest meine at det er heilt greitt å stå og kikke inn vindaugo våre, fyre opp bål rett i nærleiken av hytta, forsyne seg med ved frå vedlageret vårt, bade splitter nakne i direkte utsikt frå stovevindauga vårt eller stele ei grillrist for å lage seg mat (alt dette er reelle ting me har opplevd, og noko av det skjer relativt ofte).

Eg har mange gonger prøvd å prate med folk som går forbi og bede dei (på ein roleg og høfleg måte) om å i det minste gå på baksida av hytta når dei går forbi. Det svaret eg har fått frå dei fleste er at dei ikkje trudde det var folk på hytta, men dette er som oftast umogeleg å konstatere før ein er på framsida av hytta og kikkar inn stovevindauga, og då er «skaden» allereie skjedd.

Etter å ha levd med dette i nokre år så ynskte me no å gjere tiltak for å prøve å avgrense denne ferdsla. Det me gjorde var å lage ein «tursti» på baksida av hytta, der me brukte eit par dagar på å rydde skog og merkje opp med blåfarge (slik som andre turstiar i området er merkte). For dei som skal til det tidlegare nemnde fiskevatnet eller berre generelt gå tur vidare innover heia så er denne nye stien eit både kortare og tørrare alternativ enn å ta vegen rundt hytta vår og vasse gjennom myra på baksida av denne.

I tillegg til dette så sette me opp skilt med «privat veg» dei siste 50 meterane eller så frå hytta som ei ytterlegare bevisstgjering i høve til den nye turstien me hadde laga på baksida.

(Her bør òg nemnast at hyttetomta ligg på ein plass rett attmed ein foss der det er fin badeplass og god utsikt, noko som gjer at folk trekkjer dit av dei grunnane. Me vona likevel at den nye turstien på baksida, samt dei skilta me sette opp, ville vere med på å bevisstgjere folk på vårt ynskje om privatliv på hytta vår.)

Me var på hytta no i helga, og det fyrste som møtte oss var at nokon hadde rive ned det eine skiltet med «privat veg» og hiva det langt til skogs. Ikkje lenge etterpå begynte folkestraumen forbi hytta på same måte som tidlegare (inkludert dei nakenbadarane eg nemnde tidlegare). På veg ned att trefte me nokon som var på veg til å gå forbi hytta, og me spurde dei (igjen heilt roleg og høfleg) om dei kunne vere så greie å gå den nye turstien me hadde laga. Fyrst fekk me eit halvsurt svar om at det ikkje var godt å sjå denne stien (trass i at han er svært godt merkt der han begynner), og deretter ein like halvsur kommentar om at då fekk dei ikkje sett på utsikten utanfor hytta vår på vegen til fiskevatnet. Det vart likevel til at dei snudde og bruka den nye stien.

(Det skal seiast at me ser at ein del har brukt den nye stien, men tydelegvis vel mange å berre ignorere han.)

Eg tykkjer ikkje noko av dette er noko moro, for både eg og kona mi er i utgangspunktet blide og folkekjære menneske, og eg har liten lyst til å verte oppfatta som «han sure hytteeigaren» (eller som «Gamle Bry’n» for dei av dykk som høyrer på Hellbillies 😉). Problemet er berre at alternativet (i alle fall for oss) er verre, og det er å misse store delar av privatlivets fred på hytta vår, samt å leve med kraftig auka slitasje og anna ugreie som den store trafikken fører med seg.

Det eg lurar på er i botn og grunn kva mogelegheiter eg har til i høve til lovverket, både med tanke på kva eg kan seie til folk som argumenterer med allemannsretten i dette høvet og med tanke på kva tiltak eg kan gjere for å hindre denne ferdsla gjennom hyttetunet vårt.

Eg har lese grundig gjennom «Lov om friluftslivet (friluftsloven)» utan å verte heilt klok på kva som gjeld i dette høvet og ikkje. Under her har eg lista opp utdrag av enkelte paragrafar, samt dei spørsmåla eg har i høve til desse. Vonleg er det nokon her som har noko å fare med i denne samanhengen:

Frå § 1 a: «Som innmark eller like med innmark reknes i denne lov gårdsplass, hustomt, dyrket mark, engslått og kulturbeite samt liknende område hvor almenhetens ferdsel vil være til utilbørlig fortrengsel for eier eller bruker.»

  • Kan hyttetunet vårt, når hytta ligg i utmark, definerast som «gårdsplass»/«hustomt», eller i det minste som «liknende område», og såleis gjelde som innmark?
  • Vil det, ut frå det eg har beskrive ovanfor, vere rimeleg å seie at «almenhetens ferdsel vil være til utilbørlig fortrengsel for eier eller bruker» i dette høvet?

Frå § 2: «I utmark kan enhver ferdes til fots hele året, når det skjer hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet.»

  • Vil det vere rimeleg av meg å hevde at den trafikken og åtferda eg har beskrive ovanfor ikkje skjer «hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet» (mest relevant viss hyttetunet vårt ikkje kan definerast som innmark i høve til § 1 a)?

Frå § 8: «Enhver har rett til å bade i sjøen eller i vassdrag fra strand i utmark eller fra båt når det skjer i rimelig avstand fra bebodd hus (hytte) og uten utilbørlig fortrengsel eller ulempe for andre.»

  • Vil det ut frå denne paragrafen vere rimeleg å vise bort folk som badar i elva rett attmed hytta vår? Er i underkant av 50 meter frå hytteveggen å rekne som kortare enn det ein kan rekne som «rimeleg avstand»?
  • Er ei hytte «bebodd» berre når der er folk, eller gjeld det så lenge hytta er i jamleg bruk (eg ville no til dømes meint at eit bustadhus framleis er «bebodd» sjølv om husfolket er bortreiste på ferie)?

Frå § 11: «Enhver som ferdes eller oppholder seg på annen manns grunn eller på sjøen utenfor, skal opptre hensynsfullt og varsomt for ikke å volde skade eller ulempe for eier, bruker eller andre, eller påføre miljøet skade. Han plikter å se etter at han ikke etterlater seg stedet i en tilstand som kan virke skjemmende eller føre til skade eller ulempe for noen.

Grunnens eier eller bruker har rett til å vise bort folk som opptrer hensynsløst eller ved utilbørlig atferd utsetter eiendommen eller berettigete interesser for skade eller ulempe.»

  • Vil det vere rimeleg å seie at den framferda eg har synt til over her er som «hensynsløs» eller «utilbørlig atferd» å rekne, og at eg såleis ville kunne vise bort folk frå hyttetunet vårt på bakgrunn av dette?

Frå § 13: «Eier eller bruker av grunn må ikke ved stengsel eller på annen måte vanskeliggjøre ferdsel, opphold, bading eller høsting som er tillatt i denne lov, med mindre det tjener hans berettigete interesser og ikke er til utilbørlig fortrengsel for almenhetens utøvelse av allemannsrett.

Uten særskilt hjemmel er det ikke tillatt å sette opp skilt eller på annen måte kunngjøre forbud mot ferdsel, opphold, bading eller høsting som er tillatt i denne lov.»

  • Kan nokon ut frå dette hevde at dei skilta eg sette opp på siste delen av vegen inn til hyttetunet med «privat veg» er ulovlege, trass i at eg har laga alternativ sti for turgåarar, og trass i at stien som er merkt som privat berre går til hyttetunet vårt og direkte nærliggande område?

Frå § 16: «Blir en eiendom i særlig grad utsatt for almenhetens ferdsel kan kommunen med samtykke av eieren eller brukeren bestemme hel eller delvis sperring av eiendommen, når ferdselen gjør nevneverdig skade på den eller er til vesentlig hinder for den bruk som eieren eller brukeren gjør eller ønsker å gjøre av den.»

  • Er der noko opning i denne paragrafen for at eg kan søkje kommunen om eventuelt å setje opp gjerde eller tilsvarande stengsle for å hindre ferdsle over hyttetunet vårt?

Det var det i denne omgang – då lyt eg seie takk til dei som orka å lese så langt! 😃

Eg vonar verkeleg at dette ikkje berre vert oppfatta som klaging og syting frå vår side, det som går føre seg opplevast verkeleg som eit stort problem for oss, og som at hytta og hyttetunet vårt (i alle fall i store periodar av året) er mykje mindre attraktive enn før.

Eg understrekar enno ein gong at eg ikkje er ute etter å hindre nokon i å nytte allemannsretten for å ferdast i området generelt, noko som skulle vere bevist av den tilrettelegging me har prøvd å få i stand. Det einaste me ynskjer er å kunne ha normalt privatliv, ro og fred på hytta vår.

Ha ein flott dag vidare, og takk for alle svar! 🙂

  • Liker 6
Annonse
Gjest Mareng
Skrevet

Jeg skjønner dere meget godt! Jeg har desverre lite å bidra med.

Det å sette opp skilt og lage en alternativ rute var veldig klokt. Kan det evt. settes opp en port med skilt?

 

Skrevet

Det burde jo være mulighet for å 'avstenge' (til en viss grad) privat område til en viss grad, f.eks rundt hytte som er privat eiendom. 
Ville undersøkt det med den kommunen du har hytte i, for det burde jo ærlig talt være mulig. Og når fremmede vaser rundt på privat eiendom så er jo ikke det særlig stas.

Og det Mareng nevner, skilte opp en alternativ rute som er tydelig merket - høres veldig smart ut i mine ører!
Heia allemannsretten, men vis litt skjønn når man ferdes rundt hytter og hus. Vi har selv hatt det problemet oppe i Nord, hvor folk nærmest kommer opp til hyttene våre og titter inn i vinduene. Jævla østlendinger. (ok ikke alle da.)

  • Liker 1
Skrevet

Er redd du  bør skaffe deg advokat hjelp for tydelig å fastslå hvilken rette du har til å begrense trafikken forbi hytta di. Skal du få orden på dette må du nok gjerde inn en del av området rundt hytta. Ille at du skal plages av folk med så dårlig folkeskikk, de burde kunne bruke den veien du har laget, du får sette opp skiltet ditt med privat igjen, men lag en noe solidere variant.

  • Liker 1
Skrevet

Du har glemt §§3 og 3a. Juridisk står du nok sterkt, men det du kjemper mot er en grunnleggende mangel på høflighet. Skilting og ny sti er utmerkede tiltak, se om du får gjort enda mer i den retningen. Husk at den jevne hyttefelteier trenger dobbeltsidig merking for hver andre meter før de føler seg trygge.
En allianse med hyttefeltet (de har gjerne et vel eller noe), med dugnad for "Nepestien" kunne kanskje være noe dels for å fordele arbeidet, men først og fremst for å bevisstgjøre folk.

Et lite gjerde vil antagelig hjelpe litt som ekstra påminnelse om at dette er hus med folk.

Badegjestene vil jeg tro du må se på som en del av dyrelivet. Høres ut som om de er i "strandsonen".

 Om noen skulle være i tvil: har du ikke ærend der, så er hytter er noe man passerer på så god avstand som mulig. Overdreven nygjerrighet er ikke god tone.

Minnes for øvrig en hytte som hadde et effektivt anlegg mot næregående folk. Der var bakken full av glasskår og rusten hermetikk... men det er neppe farbar vei. Navneskifte på hytta til "Ormebolet" og dertil rykter om meterlange beist og et par grufulle dødsfall...

  • Liker 3
Skrevet

Har en hytte sammen med bruttern, den ligger vel 8-10 meter fra vannkanten - og på det stykket ligger det som med godvilje kan kalles en plen. Ferdselen forbi hytta går faktisk over plenen, to-tre meter fra hytteveggen. Vi har også vært inne på tanken om å å etablere en sti på baksiden av hytta for å få det litt mer usjenert på uteområdet - men vi har skrinlagt den tanken på ubestemt tid. For det første er ferdselen relativt sparsom, og det er oftest kjentfolk med hytter i nærheten som det er trivelig å slå av en prat med. For det andre vil eventuelle skader på hytta (enten det nå var naturskapte eller menneskeskapte) oppdages fortere av folk når de kan gå klin inntil hytta. For det tredje kan det være noe juss her som kan gi oss trøbbel? Vi vil jo ikke motsette oss ferdsel over tomta, men gjerne bestemme/tillate hvor den ferdselen skal gå - og om vi skulle bestemme oss for å ville ha "plenen" vår uten en sti åpen for alminnelig ferdsel, så hadde det vært greit å vite at vi var "innafor" :huh: 

  • Liker 1
Skrevet
2 hours ago, Garegaupa said:

både med tanke på kva eg kan seie til folk som argumenterer med allemannsretten i dette høvet og med tanke på kva tiltak eg kan gjere for å hindre denne ferdsla gjennom hyttetunet vårt.

Spør dem om hvor dem har hytte selv eller bosted.
Jeg bruker å si til folk: "Siden du liker å snoke hos meg, så vil jeg VELDIG gjerne snoke hos deg. Hvor bor du forresten?"
Eller...
"Har du respekt for andre folk?"
"Ja"
"La du den igjen/mista du den underveis hit?"
Stillhet... 😃

  • Liker 4
Skrevet
Just now, HannKatta said:

Spør dem om hvor dem har hytte selv eller bosted.
Jeg bruker å si til folk: "Siden du liker å snoke hos meg, så vil jeg VELDIG gjerne snoke hos deg. Hvor bor du forresten?"
Eller...
"Har du respekt for andre folk?"
"Ja"
"La du den igjen/mista du den underveis hit?"
Stillhet... 1f603.png

Bestefar som bor i Nord sto ofte på utsia av hytta med hagla lent mot godstolen hans når det var østlendinger som vandret rundt der. Skal sies at mannen er østlending, og det er halve familien også. Men østlendinger luskende rundt hytta skulle han søren ikke ha noe av! 

  • Liker 1
  • Hehe 1
Skrevet
1 time siden, Mareng skrev:

Jeg skjønner dere meget godt! Jeg har desverre lite å bidra med.

Det å sette opp skilt og lage en alternativ rute var veldig klokt. Kan det evt. settes opp en port med skilt?

 

 

1 time siden, herrlarsson skrev:

Det burde jo være mulighet for å 'avstenge' (til en viss grad) privat område til en viss grad, f.eks rundt hytte som er privat eiendom. 
Ville undersøkt det med den kommunen du har hytte i, for det burde jo ærlig talt være mulig. Og når fremmede vaser rundt på privat eiendom så er jo ikke det særlig stas.

Og det Mareng nevner, skilte opp en alternativ rute som er tydelig merket - høres veldig smart ut i mine ører!
Heia allemannsretten, men vis litt skjønn når man ferdes rundt hytter og hus. Vi har selv hatt det problemet oppe i Nord, hvor folk nærmest kommer opp til hyttene våre og titter inn i vinduene. Jævla østlendinger. (ok ikke alle da.)

 

Gildt å høyre at de er einige i tiltaket vårt så langt, Mareng og herrlarsson! 🙂 Jau, me tykte at i staden for å berre framstå som sure og tverre så ville me gjere eit positivt tiltak som kan vere både oss og eventuelle turgåarar til gagn.

Me har absolutt vurdert ein port og ein stubb med gjerde, ja. Ein av tankane mine var ein skikkeleg skigard (for høg til å klatre over på ein vitug måte) som går 10-15 meter i det området der stien går inn på hyttetunet, og så ein port med hengjelås inn til sjølve tunet. Då måtte dei i det minste gå på baksida av hytta for å kome forbi.

Eg lyt nok sjekke litt med kommunen kva som er kurant og ikkje, ja, så eg har noko å svare viss nokon kjem og hevdar at eg lagar til hindringar for fri ferdsle i naturen.

 

1 time siden, Per Fredrik skrev:

Er redd du  bør skaffe deg advokat hjelp for tydelig å fastslå hvilken rette du har til å begrense trafikken forbi hytta di. Skal du få orden på dette må du nok gjerde inn en del av området rundt hytta. Ille at du skal plages av folk med så dårlig folkeskikk, de burde kunne bruke den veien du har laget, du får sette opp skiltet ditt med privat igjen, men lag en noe solidere variant.

 

Ja, ein prat med ein advokat med erfaring på området kunne nok vore ein ide. Takk for tipset, Per Fredrik! 🙂 Eg lyt leite litt og sjå om eg kjem over eit høveleg "eksemplar", men viss nokon skulle kjenne til ein god ein så tek eg imot tips med takk! 😉

 

1 time siden, Grimner skrev:

Du har glemt §§3 og 3a. Juridisk står du nok sterkt, men det du kjemper mot er en grunnleggende mangel på høflighet. Skilting og ny sti er utmerkede tiltak, se om du får gjort enda mer i den retningen. Husk at den jevne hyttefelteier trenger dobbeltsidig merking for hver andre meter før de føler seg trygge.
En allianse med hyttefeltet (de har gjerne et vel eller noe), med dugnad for "Nepestien" kunne kanskje være noe dels for å fordele arbeidet, men først og fremst for å bevisstgjøre folk.

Et lite gjerde vil antagelig hjelpe litt som ekstra påminnelse om at dette er hus med folk.

Badegjestene vil jeg tro du må se på som en del av dyrelivet. Høres ut som om de er i "strandsonen".

 Om noen skulle være i tvil: har du ikke ærend der, så er hytter er noe man passerer på så god avstand som mulig. Overdreven nygjerrighet er ikke god tone.

Minnes for øvrig en hytte som hadde et effektivt anlegg mot næregående folk. Der var bakken full av glasskår og rusten hermetikk... men det er neppe farbar vei. Navneskifte på hytta til "Ormebolet" og dertil rykter om meterlange beist og et par grufulle dødsfall...

 

Ja, §§ 3 og 3 a er absolutt òg relevante! 🙂 Men eg fryktar at det er som du seier, at det juridiske for så vidt er greitt nok, men at det ikkje hjelper så lenge folk ikkje vil respektere verken dette eller alminneleg folkeskikk.

Eg har vore innom tanken på å kontakte velforeininga for å få ein god dialog, og igjen så har nok gjerde/port noko for seg. Takk for gode tips! 🙂

Elles trudde eg dette med fri ferdsle i "strandsone" berre galdt ute med kysten, og ikkje langs elvar og vassdrag i innlandet (hytta ligg cirka 14 mil frå næraste kyst)?

(Bør kanskje prøve å setje ut rykte om ein mannvond, meterlang bever som vandrar rundt på eigedomen... 😋)

 

37 minutter siden, a_aa skrev:

Har en hytte sammen med bruttern, den ligger vel 8-10 meter fra vannkanten - og på det stykket ligger det som med godvilje kan kalles en plen. Ferdselen forbi hytta går faktisk over plenen, to-tre meter fra hytteveggen. Vi har også vært inne på tanken om å å etablere en sti på baksiden av hytta for å få det litt mer usjenert på uteområdet - men vi har skrinlagt den tanken på ubestemt tid. For det første er ferdselen relativt sparsom, og det er oftest kjentfolk med hytter i nærheten som det er trivelig å slå av en prat med. For det andre vil eventuelle skader på hytta (enten det nå var naturskapte eller menneskeskapte) oppdages fortere av folk når de kan gå klin inntil hytta. For det tredje kan det være noe juss her som kan gi oss trøbbel? Vi vil jo ikke motsette oss ferdsel over tomta, men gjerne bestemme/tillate hvor den ferdselen skal gå - og om vi skulle bestemme oss for å ville ha "plenen" vår uten en sti åpen for alminnelig ferdsel, så hadde det vært greit å vite at vi var "innafor" :huh: 

 

Før i tida var det berre kjentfolk som stakk innom, og det var alltid berre hyggjeleg - både bygdefolk og andre kjende er hjarteleg velkomne innom på kaffi kva tid som helst! ☕ Diverre så utgjer ikkje denne gruppa meir enn ein brøkdel lenger... 😞

 

8 minutter siden, HannKatta skrev:

Hmmm...
Hva med dyr som sauer, geiter og kyr som driter rundt hytteveggene?
Det må jo vere en kilde til konflikt deluxe?

 

Der har alltid vore mykje sau rundt hytta, men eg skulle gladeleg levd med tre gonger så mykje sau rundt meg viss eg slapp denne evinnelege folkevandringa rett gjennom tunet! 😝

 

  • Liker 1
Skrevet
1 hour ago, Per Fredrik said:

Ille at du skal plages av folk med så dårlig folkeskikk, de burde kunne bruke den veien du har laget,
du får sette opp skiltet ditt med privat igjen, men lag en noe solidere variant.

thumb_COLOURBOX9709973.jpg

Burde vel hjelpe på... ??? 😝

  • Liker 2
Skrevet
15 minutter siden, HannKatta skrev:

Spør dem om hvor dem har hytte selv eller bosted.
Jeg bruker å si til folk: "Siden du liker å snoke hos meg, så vil jeg VELDIG gjerne snoke hos deg. Hvor bor du forresten?"
Eller...
"Har du respekt for andre folk?"
"Ja"
"La du den igjen/mista du den underveis hit?"
Stillhet... 1f603.png

 

11 minutter siden, herrlarsson skrev:

Bestefar som bor i Nord sto ofte på utsia av hytta med hagla lent mot godstolen hans når det var østlendinger som vandret rundt der. Skal sies at mannen er østlending, og det er halve familien også. Men østlendinger luskende rundt hytta skulle han søren ikke ha noe av! 

 

He he, då kjem eg i hug ei historie frå heimbygda om at nokon tyske turistar hadde slått opp telt under låvebrua til ein i bygda. Då han såg dette så henta han hagla og gjekk ut til teltet. Så lyfte han på teltduken, vifta litt med hagla og sa eit roleg og lågmælt "go away" på skikkeleg "Norwenglish"! 😄

  • Liker 1
Skrevet
4 minutes ago, Garegaupa said:

He he, då kjem eg i hug ei historie frå heimbygda om at nokon tyske turistar hadde slått opp telt under låvebrua til ein i bygda.
Då han såg dette så henta han hagla og gjekk ut til teltet. Så lyfte han på teltduken, vifta litt med hagla
og sa eit roleg og lågmælt "go away" på skikkeleg "Norwenglish"!

He he, den minte meg om denne...
https://www.nrk.no/nordland/turister-slar-opp-teltene-sine-pa-_verdens-vakreste-fotballbane_-1.13609158

9PNNHemXrIs2xq2Ks3uWnAbRNpct3jwRfHfHZBsX

  • Liker 3
  • Hehe 1
Skrevet
4 minutes ago, Garegaupa said:

 

 

He he, då kjem eg i hug ei historie frå heimbygda om at nokon tyske turistar hadde slått opp telt under låvebrua til ein i bygda. Då han såg dette så henta han hagla og gjekk ut til teltet. Så lyfte han på teltduken, vifta litt med hagla og sa eit roleg og lågmælt "go away" på skikkeleg "Norwenglish"! 1f604.png

Skal sies at bestefar er ekstra hissig når det kommer turister, særlig siden gården 'vår' der oppe ble fredet av riksantikvaren for noen år siden. Skal ikke ha noen rekende rundt der som ikke forstår norsk! Så det er jo perfekt for han, som ikke liker masse ukjente folk rundt på tunet vårt. 😅

  • Liker 1
Skrevet

En liten merknad om folks frekkhet i nabolaget.
Hadde problemer med gjestene til en nær nabo brukte en sidevei foran huset vårt til å parkere.
Spesielt på fødselsdager til ungene Deres så var der 3-4 biler parkert.
Noen stålrør og litt sveising og noe maling senere.
En rød bom tvers over den sideveien sender nå et signal til naboen.
Dette vil vi ikke ha noe av lenger.
Stille fra den kanten, gitt.

  • Liker 2
Skrevet

Forresten veldig hyggjeleg med så mykje engasjement og gode svar og tips, og ikkje minst vil eg takke for støtte og forståing så langt! Det er gildt å høyre at andre ser problemet vårt, for slik som så mange folk oppfører seg oppe rundt hytta vår så begynte eg nesten å lure på om det var eg som var på jordet... 😒 Greitt å få ein indikasjon om at så ikkje er tilfelle (på dette området, i alle fall)! 😉

Takk for gode historier òg, ein god latter forlengjer kjeften, seier dei! 😄

  • Liker 2
Skrevet

Det er derfor vi har detta forumet! Ikke bare for å skryte av alt det dyre turutstyret vårt 🤔

Om du er i Tysfjord noengang, så anbefaler jeg en tur til Rørvik gård. Fint museum den dag i dag, bare si Larsson sendte deg, så blir'u ikke kjeppjagd av besten!

  • Liker 1
Skrevet

Alle hytter og hus har en sone rundt som regnes som privat, dette er ikke et klart avgrenset areal, varierer med om det er hus, hytte, størrelse og beliggenhet og må vurderes konkret i hvert enkelt tilfelle.Ta kontakt med kommunen hytta ligger i og be om en vurdering.  (se på denne siden til miljødirektoratet under punktet "hus og hyttetomter" og "innmark etter en konkret vurdering") Det henvises på denne linken til flere dommer om lignende saker, jeg tok et kjapt søk. interessant lesing, denne f.eks  her finner man også flere henvisninger til aktuelle dokumenter. 

Hvis ferdselen er plagsomt sjenerende for dere og det fungerer greit å legge om stien slik at folk kommer rundt eiendommen deres er jo dette en bra løsning og da lede dem inn på "ny" sti med tydelig skilting, bruk bare en pil f.eks ikke ord som "privat", "ferdsel forbudt". Tror man fint er innafor med å lede folk utenom, men ikke forby de ferdsel den sitter nok litt lengre inne. 

Bruk av deres ved, stjeling av grillrister og slikt er jo tyveri og ikke noe mer lov enn å stjele andre ting, selv om det er vanskelig å få gjort noe med annet enn å låse det inn. At folk er frekkere enn flatlusa er vel et kjent fenomen, men vanskelig å få gjort noe med. Badingen er nok innafor, eller er det 4 meter utenfor hytteveggen også?   

Er mange skjønnsmessige vurderinger i slike saker og dette er nok typisk advokatmat som tidligere nevnt. Advokatforeningen har en tjeneste som heter "Finn Advokat" hvor man velger ut f.eks "friluftsliv" som tema og får opp en liste med advokater med kompetanse på dette.  

Skrevet

Tror det er veldig viktig med litt advokathjelp. Da har du et juridisk dokument i ryggen, Da står du sterkere overfor inntrengerne og også overfor kommunen. Får du klager på tiltak du måtte iverksette kan du viset til råd fra advokaten. Innlegget ditt her er ganske omfattende så en advokat har et arbeidsgrunnlag og ser også at du har noe kunnskap om dette.

Skrevet
1 time siden, HannKatta skrev:

thumb_COLOURBOX9709973.jpg

Burde vel hjelpe på... ??? 1f61d.png

Denne var bra. Etter krigen hadde mange av gutta fra Hjemmefonten mye sprengstoff i heimen. Ikke sjelden kunne en på 1950 tallet gå forbi hytter hvor det stod "Adgang forbudt selvskudd utlagt" Dette var ingen tom trussel, gikk du der du ikke skulle, så smalt det. Dette er visst ikke lov i dag.

  • Liker 1
Skrevet

Advokat er sikker greit, men ut fra egen erfaring bør den som hyrer en advokat, være svært klar over hva advokaten skal gjøre. 

Med andre ord finn ut advokaten virkelig kan hjelpe med. 

En advokat som ikke blir "styrt" kan virkelig koste penger.... Igjen etter egen erfaring: en advokat har andre mål med

jobben enn den som hyrer hjelperen. (Det koster opp mot 3000 kroner pr time - og et enkelt brev kan fort ta to timer...)

 

  • Liker 1
Skrevet
1 time siden, Garegaupa skrev:

...Elles trudde eg dette med fri ferdsle i "strandsone" berre galdt ute med kysten, og ikkje langs elvar og vassdrag i innlandet (hytta ligg cirka 14 mil frå næraste kyst)?...

Strandsone er strandsone, så vidt jeg vet. Jeg har aldri sett noe sted at dette er begrenset til saltvann.

Skrevet

Innmark er hustomter og gårdsplasser knyttet til boliger og fritidshus, all dyrket jord, åker, eng, beplantninger, og lignende områder. Som innmark eller likt med innmark regnes også f.eks. engslått, kulturbeite, skogplante- felt og industriområde.

Innmark rundt bolig- og fritidshus beskrives ofte som den ”private sone” rundt huset. Det må antas at den private sone rundt et bebodd fritidshus vil være ca 1 daa. Dette kan imidlertid variere etter terrengforhold, fritidshusets størrelse, lokal tradisjon og lignende. 

http://www.miljodirektoratet.no/old/dirnat/attachment/530/Bruke allemannsretten i strandsonen.pdf 

Mitt råd ta kontakt med kommunen, hyttevel etc i området, DNT eller annen lokal turforening. Dialog fra første stund løser mye, særlig når du vet hva du kan. 

Mange saker på dette i rettsvesenet. Har hørt om noen som stengte strandområdene for fri ferdesel etter eierbytte gjentatte ganger, og kommunen sa at om det gjentok seg, ville de kreve hytta revet. Så start i riktig ende, er mitt råd.

Skrevet
30 minutes ago, REJOHN said:

En advokat som ikke blir "styrt" kan virkelig koste penger....
Igjen etter egen erfaring: en advokat har andre mål med jobben enn den som hyrer hjelperen.
(Det koster opp mot 3000 kroner pr time - og et enkelt brev kan fort ta to timer...)

Et godt tilbud?
https://www.huseierne.no/vi-hjelper-deg/om-var-juridiske-radgivning/
 

Quote

Medlemskapet i Huseiernes Landsforbund inkluderer gratis juridisk rådgivning. På jusstelefonen sitter våre dyktige juridiske konsulenter og besvarer spørsmål som kan løses "i røret". I større og mer kompliserte saker får medlemmene gratis rådgivning fra advokater ansatt i Huseiernes Landsforbund, i inntil en time per år.

Medlemmer i Huseiernes Landsforbund får gratis juridisk rådgivning i saker som omhandler bolig og eiendom. Vi kan svare på de fleste juridiske spørsmål som omhandler din bolig og eiendom generelt.

På vår jusstelefon sitter våre dyktige juridiske konsulenter og besvarer spørsmål som kan løses "i røret".

I større og mer kompliserte saker får medlemmene gratis rådgivning fra advokater ansatt i Huseiernes Landsforbund, i inntil en time per år. Ut over dette fakturerer vi kr 1 500 per time, inkl mva. så sant vi har kapasitet til å følge opp saken.

Ved skriftlige henvendelser bestreber vi oss på å ha en saksbehandlingstid på 10 virkedager. I perioder kan saksbehandlingstiden bli lenger.

I saker som våre advokater ikke har kapasitet til å følge opp ut over gratistimen, vil medlemmene bli henvist til en av våre samarbeidsadvokater etter avtale. Dette gjelder også saker der et medlem har konflikt med et annet medlem.

Samarbeidsadvokatene gir en halv times gratis bistand, og for øvrig 20 prosent rabatt på sin vanlige timepris.

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.