Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Det blei ein kjempetur til Svellnosbreen. Me starta fredagskvelden Klokka halv ti frå Spiterstulen. Oppe på ryggen mot opp mot breen, kom tåka sigande. Det blei difor litt av ein sluttspurt for å koma til topps før tåka, men det viste seg å vera unødvendig; Tåka la seg rett under oss. Oppe på flata nedfor breen fann me ein akkurat stor nok flekk til teltet. Ein liten bekk sildra også frå eit snøfelt oppe i den eine fjellsida, så me slapp å måtte drikke brevatn.


Det er sjeldan eg har sett himmelen meir klår enn denne haustnatta. Det var også ganske så tøft å sjå månen stiga opp over breen og skapa mystisk og trollsk steming. Det lova bra for morgondagen. Natta blei ganske kald, med iallefall 2-3 minusgrader. I min sommarpose blei det litt kjølig, men ikkje verre enn at eg sov ganske godt heile natta :)Morgonen var kjempefin. Sola var for lengt oppe og varma då me stod opp. Ein fin frokost blei tilbrakt ute med flott utsyn både over breen, dalen og fjella


Eventyrisen
Så var alt klart for brefallet. Med masse ekstra utstyr, stegjern, isøks og hjelm gjekk turen innover i brefallet. Mektige rygger blei passert og djupe sprekker blei beundra. Sola gjorde at det blinka i isen og lyden av stegjerna som hogg seg inn i blåisen, var som musikk i øyra. Denne dagen måtte bare nytast! I fleire timar gjekk me bare rundt i dette eventyrlandskapet og verkeleg storkoste oss. Matpause blei det også "tid til", med sol og ikkje minst mektige istårn rundt oss. Fleire andre taulag var også på breen, og alle såg ut til å storkosa seg.


Svellnosbrehesten
Etter å ha utforska nedre deler av fleire sprekker, bar det mot dei øvre delane av brefallet. Her var det meir snø, men snøbruene over sprekkene var absolutt ikkje å stola på. Etter masse sikk-sakk, tvilsomme snøbruer og lange hopp, var me på toppen av brefallet.

Då me først hadde kome så langt, frista det veldig å ta ein tur opp til Svellnosbrehesten. Problemet var bare at det gjekk mot kveld, klokka var allerede 6. Sjølvom det var litt usikkert om me nådde heilt ned før det blei mørkt, satte me kursen for toppen. Undervegs var det mange sprekker med lumpske snøbruer. 2 gonger var ein av oss på veg ned i sprekker med begge føtene. Heldigvis stoppa både tauet og friksjonen i snøen begge "nestenfalla". Men det er vedt å merka seg at det er svært mange sprekker her, stort sett med 3-5 meters mellomrom. Ikkje alle er like synlege, men det gjer dei ikkje mindre farlige. Begge sprekkene me "var på veg ned i" var ikkje synlege på overflata...

Opp mot toppen var det svært glatt. Det låg ca 5cm snø i ura opp til toppen. Så var toppen der med flott skue utover breen. Sola hadde allereie takka for seg, og det bar mot natt. Langt over oss kunne me skimta folk på veg ned frå Galdhøpiggen.Turen nedover gjekk ganske raskt, særleg sidan me hadde våre eigne spor å gå etter. Ved å halda heilt inntil den nordre sida av Solskinnstoppen, var det betrakteleg mindre sprekker. Frå toppen tok det faktisk ikkje meir enn ein og ein halv time heilt ned til teltet.

Eit par bilder av sprekker på flata opp mot Svellnosbrehesten:
Sprekker på breen
Skjult sprekk

Vis rapporten i Turkartet

Annonse
Skrevet

Hørtes ut som en flott tur Ragnar! Kjenner meg godt igjen.. Jeg og Julia gikk her 8.08 i år og ville til Svellnosbrehesten, men med begrenset tid og uten bruk av sikringsutstyr ble det for omstendelig med sikk sakking og forsikring om at vi gikk trygt. Vi snudde derfor et stykke nedenfor hesten, men en flott tur var og er det. Spent på å se resten av bildene på B&F.no

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.