Gjest Anonymous Skrevet 14. mars 2006 Del Skrevet 14. mars 2006 Tenkte å tilbringe påska i Sogn -- med bil og ski. Vikafjellet er allereie utpeika, og turen til Fresvikbreen er aktuell. Mottar gjerne andre turtips. Vi kan gå 6-8 timar om dagen, og køyre opptil 2 timar. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pelle Skrevet 15. mars 2006 Del Skrevet 15. mars 2006 Turen til Storevarden og Botnafjellet (husk Rasfare) fra Kandal er en av de finere... Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Stuttjukken Skrevet 15. mars 2006 Del Skrevet 15. mars 2006 Vil de ha ein flott skitur frå Vikjafjellet, inkludert eit par hytteovernattingar, startar de frå Skjelingen. Gå vestover forbi Svartavatnet, Bjergane og Rappen til Åsedalen (proviantert hytte). Ta så turen nordover gjennom Urdaskardet til Vatnane (hytte utan proviant). Så er det berre å rusla på ski utover mot Fagerdalsnipi med utsyn mot Jotunheimen, samt vandra langs fjellkanten mot den vakre og dramatiske Finnafjorden. Skulle snøen vera tint opp nær heile skogstrekninga, er det råd å gå opp eller ned frå/til Arnafjorden (Tenne eller Nese). Turen til Fresvikbreen er grei frå Ovrisvatnet, via Muravatnet, Svelgen, Øvste Fresvik-Jordalen og Fresvikvarden. Kva med å køyra til Holmen i Nærøydalen (fylkesgrensa før Gudvangen), og køyr opp i Jordalen til Nåsen? Så kan de anten gå på ski opp Slettedalen til Fetanipi og Bakkanosi, eller gå innover Jordalen til Breidalen, gå over Vardane og Vasseteggi og ut mot Rimstigfjellet, Breiskrednosi og Skogafjellet. Desse toppane byr på utsyn ned i Nærøyfjorden. Kjellinge og g-arnt er kjent der inne. Helsing Stuttjukken. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Agnar Skrevet 16. mars 2006 Del Skrevet 16. mars 2006 Tenkte å tilbringe påska i Sogn -- med bil og ski. Vikafjellet er allereie utpeika, og turen til Fresvikbreen er aktuell. Mottar gjerne andre turtips. Vi kan gå 6-8 timar om dagen, og køyre opptil 2 timar. Kvar i Sogn har du tenkt å tilbringe påska? Det kan no vere greit å vite, om du skal få turtips. Kandalen som Pelle føresler ligg no i Nordfjord, det er no kanskje litt unødvendig å køyre så langt for å finne fine turmål. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Anonymous Skrevet 16. mars 2006 Del Skrevet 16. mars 2006 Vi har overnattingar i Vik og Sogndal. Takk for innspel så langt! Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Svein Skrevet 16. mars 2006 Del Skrevet 16. mars 2006 Da kan vel kanskje Sognefjellet være en mulighet... Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Agnar Skrevet 17. mars 2006 Del Skrevet 17. mars 2006 Med base i Sogndal er det ei mengde med turmål som kan nåast med 1 times køyring. Reknar med at Sognefjellsvegen er open til Turtagrø, og då er Store Soleibotntind og Dyrhaugsryggen innan rekkevidde. Sognefjellet med Fanaråken eller Steindalsnosi går greit. Vidare vestover ligg Fortunsdalen og Mørkrisdalen med masse moglegheiter. Oppover Jostedalen er Vangsen eit fint mål, eller ein kan komm innover mot Jostedalsbreen. Nermaste turmåla kan vere frå skianlegget på Hodlekvè i Sogndalsdalen, vestover fjella mellom Leikanger og Sogndalsdalen. Toppunktet på Gunvordalsbreen på 1604 moh, og muligheit til å fortsette innover mot Steindalsbreen. Også til skianlegget Heggemyrane i Hafslo er kort køyring, her kan ein gå til Asbjørnsnosi på 1610 moh. Ellers har Jølster fine toppar, frå Dvergsdalen mot Grovabreen eller Olahansfjellet. Litt lenger køyring til Stardalen, med Snønipa frå Haugadalen, eller Bjørga frå Befringstølen. Her kan ein òg gå opp Kvannebakknova og inn på Jostedalsbreen til f.eks Supphellenipa. Ellers er det unormalt lite snø her i fylket i vinter, og etter fleire veker med kaldt vær og lite nedbør, er det hardt og mykje avblåst i høgda. Men med 3 veker igjen til påske kan det no forandre seg litt. Dette var berre nokre av alle dei mulighetene som finst i Sogn Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.