Populært innlegg Gal Krokfot Skrevet 7. desember 2015 Populært innlegg Skrevet 7. desember 2015 Da var det vist på tide med Krokfots julekalenderbidrag. Planen var å krote ned nokre gloser etter ein tur i helga men den planen gjekk skeis på grunn av julebordsesongen og ein påfølgjande tungt indisponibel tilstand. Etter å ha dykka litt i turarkivet kom eg oppatt med ein tur frå November 2010. Det året hadde snøen latt vente på seg og utolmoda hopa seg opp. På frilyt.no fant eg ein turartikkel med pudderkøyring på Fanaråki og dimed var det lett å rekruttere eit par til som turfølgje. Værmeldinga var stabil men bikkjekaldt og med fullmåne for helga kom forslaget om overnatting på toppen. Dagen før avreise fant eine turfølgje det forgått å skamfere seg noko med ein kniv så plutseleg var det berre eg og ei veninne att. Værmeldinga lova fortsatt femogtjuge blå, null vind og blå himmel så vi drog likevel. Teltet for anledninga var mitt femten år gamle Helsport sumartelt og snøplugger stogga vi å spikka på vegen... Parkerte på Turtagrø og i eit idiotisk forsøk på å framstå galant enda vist både telt, kjøkkenutstyr, mat, teltpluggar og brensel i og på min sekk (Kvinnfolk: Vær så snill å les dette som eit råd til seinare turar der kavaleren forsøker å ta all vekt for å tøffe seg, berg litt av sjølvrespekta vår ved å ta litt vekt og redd oss frå den audmjukinga vi blindt utsett oss for berre for å imponere dykk...). Snøen frå friflytrapporten mangla innover Helgedalen så det vart skibæring innover og oppover anleggsvegen. Men toppen var kvit så vi rekna med å finne føre etterkvart. Håpe sank derimot når vi byrja å ta høgde og fortsatt ikkje fant noko skiføre. Eit stykke etter at vi forlot anleggsvegen foreslo eg at vi skulle sette att skia til returen da det nok ikkje vart nokon bruk for dei likevel. Som sagt så gjort og eit parhundre høgdemeter seinare nådde vi skiføre. Vi diskuterte litt men klokka gjekk og vi hadde ikkje tid til å hente dei å fortsatt ta toppen. Dermed framover. No vart tempoet noko redusert da eg, i utgangspunktet adskillige vektklassar over turfølgje og i tillegg supplert med ein sekk som lettpakkarmafiaen her på forumet ville hatt mareritt om i mange år framover, til tider vassa i snø til livet mens turfølgje kosa seg oppå skaren. Det var allereie tunge tak og for å gjere ting perfekt kom det også vind, mykje vind. Vi trøysta oss med at yr.no fortsatt hadde litt rett da sikten var grei men ikkje lenge etterpå kom skylaget drivande og i skylaget kom også snø. Kraftig vind, snø, ingen sikt og snart ville også mørkje gjera ting verre. Vi diskuterte og vart einige om å fortsette. For meg var det stort sett ti meter, pustepause, ti meter, pustepause oppover så mørkje kom kjapt. Sumarteltet mitt var no ubrukeleg men nede på Turtagrø hadde vi prata ved ein kar som sa det stod ei ope bu på toppen så vi satsa på overnatting der. Terrenget flata ut til slutt og plutseleg fekk vi auga på eit bygg langt, langt borte i snøføyka. 20 meter seinare stod vi ved hytta. Etter ei inspeksjonsrunde fant vi eit bygg med slåer for døra. Slåane var isa fast men etter ein del ishakking kom vi oss inn i det som viste seg å være matlageret. Dette var ikkje dagen å være storforlangande på standarden så vi var storfornøgde til tross for skøytebane på golvet. Kokkelerte litt mat og gjekk raskt til sengs mens vinden vart verre og verre utanfor. Det vart lite søvn. Det piska og slo, knirka og knaka heile natta gjennom. Eg låg og vurderte forskjellige evakueringscenario når vinden reiste med herberget vår. Midt utpå natta ein gong kom det nokre svært distinkte og karakteristiske bankelydar som om nokon ville inn. Eg er i liten grad av den overtruiske typa men klarte ikkje la vær tenkje på episoda med ein stakkar som fraus ihjel på Fanaråki, godt mogleg i den bua vi låg i, nokre år tidlegare. Tankespinnet mellom øyrane mine gjekk frå dårleg til utriveleg dårleg. Men alle dårlege net har ein ende, så også denne. Fyrste spørsmålet eg fekk om morgon var om eg hadde høyrt bankelyden om natta. Eg kunne bekrefte det og da eg fortalte om han som fraus ihjel var turfølgje svært glad for at ho ikkje kjente til den detaljen tidlegare. Vi ordna oss frokost og beundra utsikta. Det var svært kaldt og kraftig vind ute men eit fantastisk ljos med skyer som dreiv forbi og ga oss trolske syn av fjella rundt. Ljoset på denne årstida er av det finaste ein kan oppleve på tur og dette var vel verdt alt slitet på oppturen. Etter ein del fotografering og pakking la vi i veg nedover att. Spora frå oppturen var forlengst borte men vi hadde grei sikt nedover og sjølv om eg datt gjennom heile vegen er ikkje det noko problem på nedturen. Nede att på Turtagrø viste termometeret i bilen 28 kaldegrader. Det hadde vært ein av dei verre fryseturane mine men samstundes ein av dei finaste om enn litt vel spanande til tider. 21 Siter
steingrd Skrevet 8. desember 2015 Skrevet 8. desember 2015 Takk for flott julekalenderinnlegg og spennende rapport! Tør jeg spørre hvorfor ingen sjekket om noen banket på i løpet av natta...? Siter
Kjell Iver Skrevet 8. desember 2015 Skrevet 8. desember 2015 Takk for en herlig turrapport og kalenderbidrag. Endelig et bidrag som passet til årstiden Liten fare for å sulte I hjel I den bua I hvert fall.. Siter
Gal Krokfot Skrevet 8. desember 2015 Forfatter Skrevet 8. desember 2015 9 timer siden, steingrd skrev: Tør jeg spørre hvorfor ingen sjekket om noen banket på i løpet av natta...? Noko paranoid og i etterpåklokskapens ljos temmeleg sært, men min einaste tanke var irritasjon over at breøksa stod parkert mot sekken utanfor rekkevidde i andre enden av rommet. Til mitt forsvar må det kommenterast at døra kunne berre stengast med slåer frå utsida. Vi hadde berre stabla opp nokre matkasser mot døra på innsida så den som ville inn hadde lett kome inn. Skal også nemnast at å opne ein god, varm sovepose når det er grusamt kaldt ute krevjar litt meir viljestyrke enn eg hadde der og da. Dessutan hadde eg lagt ut ei dørmatte med teksta: Stå ikkje der å frys, gå heller heim! Så det så. 8 Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.