Gå til innhold
  • Bli medlem

17-19.02.06: "Dovre på skrå"


jarle

Anbefalte innlegg

har jo allereie nevnt turen i fjellquizen, men her kjem nokre ord ekstra!

eg var altså på tur med ntnui ski og fjellsport-gruppa til dovre i helga. ruta:

fredag: frå vegen ein stad og opp til dindalshytta. her fann vi tre hollendarar, og iallfall eit varmt kjøkken. ellers var det ingenting å seie på kulda i hytta! ellers skal det seiast at sengene på dindalshytta er luksusbreie, og det er lett sengeplass til dobbelt så mange som det er senger. maten inkluderte brokkoli, og var særs god, som han pleier å være... turen opp gjekk i mørkret, med hovudlykt, det var fint! eg var tilslutt glad det var vintersoveposen som var med,,,

laurdag: dindalshytta - åmotdalshytta. 24km, og totalt 800m stigning. i utgangspunktet ein flat tur, spør du meg! og dovre viste seg tidvis frå si mest solrike side :) dei første kilometrane følgde vi kvista løype, som var merka med raude plastkvistar med refleks. nedtur! :( dei slutta heldigvis etterkvart... oppi ein bakke traff vi turens einaste nordmann, ein fiskar med to hundar, som gjekk særdeles effektivt, og måtte sei åmotdalshytta tre gonger før vi forstod han... og eg som har gått på folkehøgskule med allslags uleselege dialektar! :( men turen var fin den, sjølv om føret var tildels hardt og isete, og uvande musklar i føtene etterkvart vart litt slitne... ski som ikkje heldt godt på smøringa hjelpte ikkje på... i dei få mindre nedkjøringane fekk eg etterkvart lurt inn nokre telemarksvingar, når eg hadde vorte van med sekken. rundt kl 18 var vi framme på åmotdalshytta, etter ca 9 timar i felten. fekk nokre brukbare bilete av snøhettamassivet på vegen og :D vel inne på hytta fraus kondensen frå svetten vår til is på speglen på rommet... men intens fyring gav levelege temperaturar i stova tilslutt. single malten min hjelpte på den og. hytta var forøvrig bebudd av to finnar med fotoapparat.

sundag: åmotdalshytta - kongsvold, via reinheim. påskevær! ein lettare tur enn dagen før, og betre føre. herleg silkeføre dei to siste mila :( lunsjen i solveggen på reinheim var ein av dei beste på lenge, sjølv om eg tapte konkurransen om å bli kvitt sjokoladen og kjeksa mine... "moskus?" vart og eit meir og meir vanlig sitat... vi glei rolig nedover mot kongsvold, og kosa oss i sola. bergensar nr 2 på turen, ein lang luring frå fyllingsdalen tok rollen som solkrempushar, og eg speida etter rein og moskus... lenge var rypedokk det mest eksotiske... før vi kryssa eit moskusspor, som sette meg på sporet for litt kikkerttitting, og moskusdebut på ca 3km avstand! så er lista over norsk storvilt i vill tilstand, utan bil, komplett :D så den kjekkaste delen, skauen ned til kongsvold, og vaffel/kakao før toget gjekk heim. tid til pils vart det og...

post-339-133474410898_thumb.jpg

post-339-133474410907_thumb.jpg

post-339-133474410914_thumb.jpg

post-339-133474410921_thumb.jpg

post-339-13347441093_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Nydelige bilder fra nydelige Dovre!

Jeg ser at den rolige, evige, små-melankolske høyfjellsstemningen hvilker over Åmotsflyene også vinterstid. Akkurat den stemningen får man bare der. Åmotsfly-stemningen. :)

Og stadig morsomt å se moskus som mørke flekker i et goldt, gråhvitt og forblåst vinterlandskap. Jeg hadde faktisk aldri sett dem om vinteren før nå i januar på min trugetur til Kolla. Jeg husker jeg satt på en avblåst stein litt oppe i fjellsiden og betraktet flokken lenger nede der de luntet bedagelig av gårde, subbende i bakken på leting etter mat. Så plutselig kunne hele bølingen få en slags kollektiv innskytelse om å legge på sprang i en eller annen retning, og det gjorde de, hvorpå de like plutselig stoppet opp og fortsatte den langsomme luntingen. Flotte dyr!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

"min moskus" hadde berre lunta over ein bekk, og så lunta i krussedullar rundt i den vesle bratte skrenten på andre sida, over skavlar osv... dei er jo i slekt med både sau og geit, kanskje det forklarar oppførselen?

forøvrig takk for skryt over bileta, landskapet gjorde mesteparten av jobben, og lyset resten :D eg er berre glad eg var der og fekk fanga det på minnebrikke :D men skal ikkje legge skjul på at nytt kamera står på ønskelista, lei av autofokus! den digitale speglreflekshimmelen lyser i det fjerne...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.