Gå til innhold
  • Bli medlem

Har eg kjøpt dårlige sko eller har eg urimelege forventningar?


Laks

Anbefalte innlegg

Forleden kjøpte eg meg nye fjellsko av merke og modell Meindl Derby, som er i nubucklær og har GTX. Eg kjøpte også Nikwax waterproofing wax for leather, som eg har sett skoa inn med. Denne voksen er ikkje primært mynta på nubuck, men i følgje teksten på tuba skal voksen vere ideell saman med GTX, og skal tilsynelatande ikkje ha andre konsekvensar for nubuck enn å gjere det mørkt, glatt og mjukt (og moglegvis redusere pusteeigenskapene til læret).

 

Fyrste gong eg tok skoa i bruk, trekte det fort vatn inn i læret då eg gjekk i vått gras, til trass for at eg hadde massert inn voksen med stor omhu og varme hender. Etter det har eg sett inn skoa med den same voksen fleire gonger, og dei vassavstøytande eigenskapane har blitt betre, men eg er framleis ikkje nøgd. På den siste turen eg var på hadde eg på førehand hatt to rundar med voks på dei mest utsette områda, og på dag ein trekte det nesten ikkje vatn inn i læret. På dag to gjekk eg gjennom ein del gjørme, myr og bekkar, og på sluttan av dagen var skoa heilt vasstrokne. Det er ikkje slik at eg kjenner at vatnet strøymer igjennom, men læret blir tydeleg metta av vatn, dei blir tunge og mørke, og det piplar ut vatn frå "rynkene" over tærne når eg går. Dei er også fuktige oppi, men dette kan jo også vere på grunn av svette.

 

Skoa er kjøpt på XXL, og eg vurderer å benytte meg av 100 % fornøyd-garantien og bytte skoa i ein annan modell. Samtidig lurer eg på om det er nokon vits i å bytte, om eg berre kjem til å oppleve det same problemet med andre sko. Eg føler impregnerte fjellsko burde tåle ein del vatn, det er jo veldig ofte slik at det er vått når ein går i fjellet og anna utmark. Men er det eg som har urimelige forventningar? Eller burde eg bruke andre former for impregnering? Må eg rekne med å måtte impregnere skoa grundig for kvar tur eg skal på? Kan eg ha ødelagt læret ved å bruke denne voksen?

 

På førehand mange takk for svar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hei. Hvis det er slik å forstå at det kun er læret som trekker til seg vann ville jeg muligens forsøkt en annen voks, hvis det er slik at selve skoen lekker og du mistenker at gtx'en er røken ville jeg benyttet meg av 100%fornøydgarantien. Selv har jeg skiftet til joggesko som nye fjellsko, men før den tid var den beste voksen av de jeg har prøvd bievoks

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Svandal! Det er læret som trekk til seg vatn ja, har ikkje noko mistanke om at det er noko i vegen med GTXen.

Har elles sett positive omtalar av både voksen og skoa kvar for seg. Dersom det er nokon som har Meindl Derby sjølv og opplever dei som vasstette vil eg svært gjerne høyre kva impregnering de bruker på dei!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har selv nubuck skinn på mine fjellsko. Skal jeg klare å holde skinnet tørt må de vokses for hver eneste tur. Har prøvd toko voksen som gsport selger og nikwax. Og jeg er ikke i tvil om at nikwax funker bedre enn toko sin. Den fukten du går i skinnet er voksen og ikke skinnets feil. Så det er nok noe du må leve med dessverre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nickwax har aldri funka for meg, hverken på kle eller sko eller noko. Har byrja å kjøpe Toko til kle og tekstilsko, og sett skinnskoa mine, inkl nubuck, inn med Mink olje/feitt kjøpt på gul rund boks (hugsakje kvar). Det held læret i skoa mine tørre veldig lenge. Var sist på 12 dagers fottur i vått område, tok mange dagar med tramping i veta før skinnet var skikkeleg vått. Først etter ei god veke burde eg ha sett inn skinnet att, då hadde eg bak meg fleire elvekryssingar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har hatt ett par Alfa Walk King sko i en del år nå og har alltid brukt Nickwax på tube. Skoene holder fortsatt stand og læret trekker ikke vann slik som det blir beskrevet her. Jeg er i alle fall kjempe fornøyd med Nickwax.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sitter å funderar øver samma sak som TS. Har ett par Alfa Vidda som jag har prøvd flere ulike typer impregnering utan att leva upp till mina førvæntningar. Sitter nå med en boks Granger's G-wax (bivoks) som jeg smører in skon med. Får prøve neste tur.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Prøv Kiwi bivoks eller Meindls voks. De synes jeg er bedre enn Nikwax. Men å forvente at en lærstøvel holder all fukt ute på en flerdagers tur når terrenget er myr og andre fuktige områder er å håpe på mye. Etter hvert jobber du gjerne vannet inn i skoen ettersom du går. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Samme erfaring her. Alle gore-tex sko jeg har hatt gir etter for vann tilslutt hvis man går i timesvis for ikke å si dagesvis i myr-terreng. Uten voks og impregnering etter ca tre timer. Med impregnering eller god voksing kan dette gjerne forlenges til det dobbelte minst. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.