LeneG Skrevet 22. april 2015 Skrevet 22. april 2015 Eg er ikkje så glad i startnummer eller konkurransar. Normalt sett. Difor var det utruleg kjekt å verte positiv overraska over "Kjeringi Open" i helga (Kjeringi Open på FB). Ja, det er konkurranse. Og startnummer. og tidtaking. Men det er også tur, oppleving, kos, prat, sosialt. Og alt det andre som eg likar best. Så om du er ute etter ei jovial utfordring, eller "vaorens vidlaste eventyr" eller berre har bittelitt 40-årskrise, så kan eg anbefale Sogn i april! Eg trur og at Noregselita i telemark som var med koste seg. Dei brukte 7-8 minutt ned frå fjellet. Eg brukte 30. Kvar sin smak med andre ord. Kjeringifjell 1340 moh ligg no der resten av året og, og er ein enkel tusenmeterstopp med flott utsikt. Heile bygda er med å arrangere - dei som ikkje deltek minglar på kaia og det er full fest på hotellet om kvelden. Slitsomt, men veldig, veldig artig. Som ein ekstra bonus kan ein øve seg på å snakke tudlasognamoal heiel helga, og det er alltid fint ver så langt inne i fjordane på denne tida. Hald av 16. april 2016! Eg hiv ut nokre bilde her, og litt meir frå helga i bloggen for dei som er interessert. Vis rapporten i Turkartet Vis større kart 1 Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.