Agnar Skrevet 27. november 2005 Skrevet 27. november 2005 Kanskje siste fotturen for i år? Føret var i alle fall heilt greitt, etter litt kulde siste dagane, men nesten ikkje snø. Første hundremeterane fekk vi følge av ein geiteflokk, som nett vart slept ut av fjøset. Bra stigning opp den første mota, for det meste på tørt berg. Etter kvart flata det ut, med frosne myrar og eit lite snødryss. Lite glatte parti til tross for frosten, så det var kjempefine forhold. Passerte Portafjellet før vi fortsatte mot ein trimpost på Stordalsfjellet. Etter ein strålande morgon, trua no litt skyer å sende litt snø på oss, men det blei med trusselen. Returen gjekk gjennom Stordalen og Porten. Med korte dagar må det bli kortare turar, men flott å komme ut å gå litt også på denne tida. Vis rapporten i Turkartet Vis større kart Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.