Gå til innhold
  • Bli medlem

Hvor ligger denne steinen ?


Gjest Anonymous

Anbefalte innlegg

Gjest Anonymous

hei - kan noen hjelpe med med dette?

Hvor liggere steinen på bildet under?

Nærmeste bilvei inn i området og steinen?

Navn nær på turkart?

Jan Hugo S.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Steinen Timaglaset ligg inne på Gråsideplatået, ved den T-merka stien mellom Voss (Hjelle, ved vegen på vestsida mot Bordalen) og Torfinnsheimen. Ruta kan skildrast som følgjer: Voss/Hjelle - Roset (lagshytte og stølen til Dymbe) - Sandfjellet - Pili - over Gråsideplatået (avstikkar nordover til Gråsidetoppen, 1305 m.o.h., med panoramautsyn over Vangsvatnet og Voss innover mot Vossestrand) - Timaglaset - Slåttabakktjørnane - Kuslafjørao - Torfinnsdammen - Torfinnsheimen - Hodnaberg ved Hamlagrøvatnet. Biletet er teke 20. mai, 1999, ein varm og herleg soldag under ein vårskitur åleine. Turen starta frå Hodnaberg med å traska opp bakkane i fjellskogen. Snart kunne ein ta på skiene, og det bar innover den slakke dalen til Torfinnsheimen. Det bar så forbi demningen i Torfinno og opp den store fjellryggen i nord mot Voss. Ei lita reinsimle kom springande lett og fin på ei snøfonn like ved. Det bar innover den seige fjellryggen mot Slåttabakktjørnane og opp til Timaglaset. Deretter bar det rett nordover til toppen på Graosio (som dei seier på Voss), med det fantastiske utsynet. Deretter var det berre å renna nedover Sandfjellet. Det var +20°-30°C i fjellet denne maidagen, så snøen vart så blaut og roten at eg forsvant over 1/2 meter ned i snøen fleire gonger. I skogen ved Roset var mauren i full vigør i ei tue inntil ei bjørk som stod som ein "holme" i snøen med nyutsprunge lauv. Trur de ikkje at greinen i bjørka var fullstendig dekka av maur. Så stanga eg hovudet opp i det der, der resultatet var gjeve. Eg måtte plukka av meg store mengder maur ei god stund etterpå. Dei aulte nedover fjellanorakken (åh, eg klør berre ved tanken). Så bar det nedover frå Roset i rótasnøen der eg forsvann ned i til oppunder armane. Til slutt bar det ned gjennom skogen til beitemarkene på garden på Hjelle der sauene trippa rundt om og togg feitt vårgras. (Drosje attende til bilen på Hodnaberg for 4-500 kr., men det var den fantastiske vårskituren verd).

Fann de biletet her på http://www.stoelsheimen.no , finn de fleire bilete óg, på den uferdige heimesida mi. Det er mange slike artige steinar i Stølsheimen og Vossefjella, og eg har teke bilete av mange av dei, kjende og ukjende steinar.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.