Gå til innhold
  • Bli medlem

Fjell-quiz


Gjest

Anbefalte innlegg

Det store fjellet til venstre, kan det være Skjorta (1713 moh)? Den vesle i midten skulle da være 1520, og til høyre for den ligger da Litlskjorta (1552). Stemmer godt med kartet ihvertfall. :?:

Den lengst til høyre i bildet ligner forresten veldig på Kyrkja (2032) i Jotunheimen.

Du er god til å lese kart Nils, men hva var det som fikk deg på sporet ? Kart i denne sammenhengen brukes jo bare til å bekrefte en mistanke, eller ?

Skjorta er forøvrig en av kremtoppene på ski herover, riktignok når det er litt hvitere enn på bildet :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse
Du er god til å lese kart Nils, men hva var det som fikk deg på sporet ? Kart i denne sammenhengen brukes jo bare til å bekrefte en mistanke, eller ?

Syntes jeg hadde sett fjellet før, og hadde en mistanke om i hvilket område bildet var tatt. Du skrev at fjellet var lavere enn 1850 m, og jeg begynte å tenke på kjente fjell i Møre og Romsdal litt under den høyden. Syntes fjellene så litt Romsdal-aktig ut. :?: Litt tilfeldig kom jeg på Skjorta, og sjekket ut høydekurver på det fjellet og de andre toppene på bildet. Du skrev at bildet var tatt mot øst/sørøst, og følgelig måtte da de andre toppene ligge omtrent sør/sørøst for den høyeste. Kartet stemte da perfekt med terrenget! :D

Et flott fjell forresten! Frister med en tur dit en gang. :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg prøver meg med ein quiz eg også...nokon som kjenner att desse fjella?

Meir vest enn nord for Sinsenkrysset. Kanskje Arnt Flatmo kjenner fjella att, han har både vore der og tatt ein del bilete mot området frå Bergenskanten.

Det var den hjelpen som skulle til FU! :?

En titt på Arnt Flatmos hjemmeside bekreftet fort at ditt bilde må være tatt mot Ulvanosa (1246 moh) og Englafjell (1200) i Kvinnherad kommune. :) Tipper Arnt Flatmo hadde tatt den der ganske fort ja. Noen ruvende kjemper det der! 8)

De samme fjellene er å se på:

http://impact.ii.uib.no/arnt/Peaks/ulvanosa.html

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kunne ikkje sjå uløyste bilete no.

http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/b/pages/fagerdalsnipi-8.htm

Trykk på linken for å sjå biletet.

Kva heiter denne breen som de ser på biletet? (Breen er delvis omtala med 2 ulike namn, så det vert rett svar ved å skriva det eine av namna).

Lokalkjende veit kanskje kva høgdagarden i venstre del av biletet, eit stykke oppe i lia, heiter óg, samt kva vegstrekning de ser forbi husa ved fjorden.

Til slutt er spørsmålet nemleg kor i all verda Fagerdalsnipi, der eg tek biletet frå ligg hen.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er nok ikkje Fresvikbreen, men Fresvikbreen er óg synleg frå Fagerdalsnipi, slik som dette:

http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/b/pages/fagerdalsnipi-6.htm

Fagerdalsnipi er ein flott fjelltopp å besøkja, med vide utsyn, og kort veg til dramatiske utsyn mot Finnafjorden. Fagerdalsnipi er den stolte og store Dama i Stølsheimen. Skulle eit fjell i Stølsheimen fortena å kallast Dame, må det vera denne toppen med den vide stakken sin, 1245 m.o.h. Toppen er lett å nå frå stølen og turlagshytta på Vatnane, (Vatnane er min favorittstad i Stølsheimen).

http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/b/pages/fagerdalsnipi-1.htm

http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/b/pages/vatnane-2.htm

http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/a/pages/finnafjorden-2.htm

Hald fram med å finna ut kva bre dette er.

http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/b/pages/fagerdalsnipi-8.htm

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg får slenge meg på, og prøve en topp jeg og. Forøvrig tror jeg eaa har rett denne gangen.

Her kommer en liten nøtt fra meg:

Jeg ønsker navn på breen, samt fjellet til høyre(hvor høyeste punkt er skjult). Stuttjukken tar nok denne på strak arm?

post-92-133474403232_thumb.jpeg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Flott at Eaa prøver seg vestafjells óg. Jaudå, det er Myrdalsbreen, (og nokon kallar den for Voggebreen óg, men der er eg usikker på om det eigentleg er den same breen som er omtala, og sidan breen er nærast 2-delt, der biletet viser den sørvende delen, og den austvende delen er skjult og er litt nord for det ein ser på biletet). Myrdalsbreen er synleg frå store delar av Stølsheimen, men det er nok dei færraste som er klar over kva for ein bre dette er, og somme forvekslar den med Jostedalsbreen. Myrdalsbreen ligg sør på fjellryggen mellom Fjærlandsfjorden i vest og Sogndals-dalen i aust, eit stykke nord for Leikanger. (Opp med kartet, fjellfolk, så veit de kva Myrdalsbreen er for noko). Sjølv har eg sett Myrdalsbreen fleire gonger denne sommaren på nokre av turane, både frå Vangsnesmarki i Sogn (er nære, då), og frå Gavlafjellet (1244 m.o.h.) mellom Modalen og Eksingedalen. Vegstrekninga og grendene (dei kvite prikkane) er på strekninga Hella ferjekai - Leikanger (- Hermansverk - Sogndal, rv.55, same vegen som går over Sognefjellet). Høgdagarden lengst til venstre heiter noko så atypisk vestlandsk som Rud (vanleg austlandsnamn). Elles ser de nokre hus på Eitorngjerdet, og nokre hus på Supphamar lenger til høgre. Kvinnfossen skulle ha skine opp midt i biletet, men var nestan turr den gongen.

Vel, vel, Stuttjukken på strak arm, det må vera når eg strekkjer armane opp i vêret og gjespar trøytt, det. Biletet til Pelle er det mogleg at eg bommar på, men eg skriv det eg trur det kan vera. Eg har ikkje vore inn akkurat det dalføret, men har vore gått ein ferdaveg gjennom eitt av dalføra ved sidan av. Eg trur Pelle har vore ein tur i Storedalen, ca. 2 km. innover frå Engi i Fresvik (aust i Vik kommune i Sogn), medan eg sjølv har gått gjennom Tundalen på tur til Fresvik-Jordalen. Stemmer dette er fossane Huldafossen, med Huldabotnen ovanfor. Til venstre er Syringane og Syringefjellet, 1543 m.o.h. Til høgre er Storøynefjellet, 1497 og 1354 m.o.h. Opp mot skodda bak høgre kant opp frå fjellet til venstre er den artige "tinden" med namnet Huldakyrkja, over 1400 m.o.h., eit velkjend turmål for brevandrarane på denne breen, (som eg kun har gått forbi åleine, då eg ikkje går inn på denne breen før eg er med eit taulag). Oppe i skodda kan ein såvidt skimta nedste kanten av brefallet i Fresvikbreen, eigentleg ein liten bre, men har alt som følgjer med ein bre likevel. Før eller seinare har eg tenkt å ta turen inn i Storedalen sjølv, og kanskje ta turen opp i Helgedalen óg. Huldabotnen vil eg ikkje prøva på åleine, då det medfører eindel klyving, og eg har høyrt om nokre boltar i berget ved Huldafossen. Hadde Pelle vore heldigare med vêret, hadde Huldakyrkja vist seg frå si mest ruvande og dramatiske side, eit fotomotiv som står på ynskjelista mi.

Elles er det å nemna at på fleire av dei høge og kolossale fjellryggene som trekkjer inn i Fresvikbreen, byr på fleire store, lange og gamle murar av nokre fangstgjerde frå det gamle jaktsamfunnet sine dagar. Sjølv har eg vore til den lettast tilgjengelege av dei, nemleg på Handadalseggi, 1431 m.o.h., sør for Fresvikbreen, ferdavegen og Langafjellet, og meir ut mot Dyrdal ved Nærøyfjorden. Dette er eit fantastisk og spektakulært fjellområde, som så altfor få har opplevd, eller kome på å besøkja. Eaa og de andre får ta seg ein tur, og ein skal ikkje sjå vekk ifrå at han aldri vil attende til Austlandet etterpå. Her vert fjellfolk flest så absolutt bergtatt.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Flott at Eaa prøver seg vestafjells óg. Jaudå, det er Myrdalsbreen...

Vegstrekninga og grendene (dei kvite prikkane) er på strekninga Hella ferjekai - Leikanger (- Hermansverk - Sogndal, rv.55, same vegen som går over Sognefjellet). Høgdagarden lengst til venstre heiter noko så atypisk vestlandsk som Rud (vanleg austlandsnamn). Elles ser de nokre hus på Eitorngjerdet, og nokre hus på Supphamar lenger til høgre. Kvinnfossen skulle ha skine opp midt i biletet, men var nestan turr den gongen.

"Flaks", sa Syverin Suveren... Vestlandet er for meg mye "hvite områder på kartet", noe til venstre på værmeldinga liksom...

Men de få gangene jeg har vært der, har landskapet imponert meg ja!

Og i mitt opprinnelige svar skrev jeg faktisk Rv.55 Leikanger-Helle, men gjorde det raskt om, da jeg fant det usannsynlig at man ser stranda helt der inne fra Fagerdalsnipa. Jeg syntes "halvøya" lenger vest med bla. Flærna/972, Hest/1062 og Flaug/1072 måtte stenge, da disse er høge og jo ligger rett i siktlinja? Er det altså mulig likevel? Hmmm... nesten snodig.

Eaa og de andre får ta seg ein tur, og ein skal ikkje sjå vekk ifrå at han aldri vil attende til Austlandet etterpå.

Som sagt, nydelig på vestlandet! Men du vet, man har jo røtter. Så etter noen dager med himmelen synlig som ei stripe rett over hue på én, er det så usigelig godt for en flatlending å komme hjem til østlandets duvende og fjernblå horisonter, der skogsåsene sover stilt under fullmånen, mens kornsuset sjoer pustlett som moder jord's eget åndedrag gjennom sommernatta... Der får jeg utsyn og luft under vingene, der får jeg puste, og der får jeg ro. Så det er nok der jeg hører hjemme, har jeg skjønt...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eaa sine kvite flekkar på Vestlandskartet vert nok mindre etter kvart. Me her vest klarar nok å ordna det. Eaa nemnte fjell som Flærne, Flaug og Hest, nokre småtoppar borte i Kvamsøy-soknet vest i Balestrand. Elles er det mange storheitar lenger inne i Balestrand-fjelli, som Munkeggi, Vindreken, Bjørnabreen, Langedalsbreen, Keipen og Tjugatoten, bl.a. Det flotte skuet frå kaien i Balestrand og innover Esefjorden mot fjella rundt, hugsar nok dei fleste som har vore der, og sjølv budde eg der i 3 år for lenge sidan.

http://www.stoelsheimen.no/galleri/modalen/b/pages/straume-1.htm

http://www.stoelsheimen.no/galleri/modalen/b/pages/rusti-2.htm

Kva heiter dette store fjellet, og kor høgt er det (2 ulike høgder, 1 fram mot dalen som bileta viser, og ein på eit høgare berg med varde lenger innpå)? Trykk på linkane. (Som de ser er det flott vårskiturterreng, når snøen er borte i lia nedanfor, slik at skiene kan berast opp. Hadde ein fin 3-dagar skitur over til Ortnevik i Sogn innover der i mai 1998).

Eg minner elles om at Eaa har eit bilete lenger oppe på sida. Få med dykk det óg.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kva heiter dette store fjellet, og kor høgt er det (2 ulike høgder, 1 fram mot dalen som bileta viser, og ein på eit høgare berg med varde lenger innpå)?

Eg minner elles om at Eaa har eit bilete lenger oppe på sida. Få med dykk det óg.

Gråsida?

Høyde 1084 ut mot Modalen, og høgeste 1165 halvannen km lenger opp og vestpå?

Ellers stadig lite bevegelse på min siste "gåte", ser jeg... Var denne så vanskelig da? Dere har jo klart mye verre før!

Som nevnt, jeg tipper nesten alle på forumet har vært innunder dette fjellet på et eller annet tidspunkt...

Repeterer altså, hva er fjellet på høyre bildeside her: https://www.fjellforum.no/oldLinkConverter.php?oldAttach=1570

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ellers stadig lite bevegelse på min siste "gåte", ser jeg... Var denne så vanskelig da? Dere har jo klart mye verre før!

Som nevnt, jeg tipper nesten alle på forumet har vært innunder dette fjellet på et eller annet tidspunkt...

Vrient bilde, det er jo mange steder det ser omtrent slik ut :)

Jeg sjanser allikevel på Finsenuten, siden mange av oss sikkert har tatt Bergensbanen..... 8)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eaa har rett denne gongen óg, så Gråsida er eit flott turtips til han. Det er lett å finna vegen frå Straume (130 m.o.h.) og opp til Gråsida, (og vidare innover til Vardadalsbu. Ski- og snø-glad som han er kan han koma midt på våren, når det er mogleg å gå til fots opp lia, og bera med seg skiene. Turen nordover fjellryggen på vestsida av Steinslandsvatnet er eit morosamt og leikent skiterreng, sjølv om "dørstokken" (den lange lia) er høg. Så kan han rusla over Sæterfjellet, 1191 m.o.h., og ta ein pause på Taket (Stølsheimens Tak), 1211 m.o.h., der han ser Skagastølstindane og Fannaråki bada i djupt rosa kveldssol (mai), før nedrenna mot Vardadalsbu, der sola går ned i havet undervegs.

Eg har nok ingen aning om kvar Eaa har det fine vinterbiletet i frå, men austpå er det mange vidde med enkeltståande fjell som reiser seg opp. Det får berre våga seg om det er staurande feil, men no synest eg at eg "skuldar" Eaa å prøva meg på bileta hans, for eg har eit vaklande forslag, basert på diverse fjellparti eg har sett på avstand frå diverse fjellvegar austpå. Det er garantert feil, men forslaget mitt er Spåtind.

Helsing Stuttjukken, trøytt etter rusleturen over fjellet mellom Bergsdalen (Berge), via Bergsskardet og Bolstadsstølen til Bolstadøyri. (Tenkjer Eaa finn denne ruta på kartet óg, eg).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vrient bilde, det er jo mange steder det ser omtrent slik ut :)

Jeg sjanser allikevel på Finsenuten, siden mange av oss sikkert har tatt Bergensbanen..... 8)

Nei, beklager Geir. Langt unna Finsenuten dette.

Men kanskje noe annet i bildet kan sette deg på sporet...? :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har nok ingen aning om kvar Eaa har det fine vinterbiletet i frå, men austpå er det mange vidde med enkeltståande fjell som reiser seg opp. Det får berre våga seg om det er staurande feil, men no synest eg at eg "skuldar" Eaa å prøva meg på bileta hans, for eg har eit vaklande forslag, basert på diverse fjellparti eg har sett på avstand frå diverse fjellvegar austpå. Det er garantert feil, men forslaget mitt er Spåtind.

Den turbeskrivelsen din ovenfor virket fristende du! 8) Hørtes særskilt flott ut, med havet i sikte og greier...

Det er temmelig uvant for meg, blir liksom rent eksotisk det, å gå på ski og samtidig se havshorisonten hildre fjernt derute under blåa... :P

Men beklager til deg óg, Stuttjukken. Dette er ikke Spåtind heller. Fjellet er nok høgere enn som så, og ligger ikke så langt øst som du kanskje trodde heller. Og som jeg nå har sagt flere ganger, jeg tipper dere alle har vært innunder foten på dette flere ganger... :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Til eaa's bilde. Kan det være Sankt Pål? Et annet spørsmål. Hvorfor får jeg ikke dette bildet opp i stor størrelse ved å dobbelklikke på det? PC'en går helt i stå når jeg forsøker. Det har ikke noe med linjekapasiteten å gjøre da den er stor nok.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Til eaa's bilde. Kan det være Sankt Pål? Et annet spørsmål. Hvorfor får jeg ikke dette bildet opp i stor størrelse ved å dobbelklikke på det? PC'en går helt i stå når jeg forsøker. Det har ikke noe med linjekapasiteten å gjøre da den er stor nok.

Nix, ikke Sankt Pål. Hvor er det forresten?

Bildet er ellers 1136x852, og kommer greit opp hos meg, både via den originale thumbnailen, og via linkene lenger nede i tråden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nix, ikke Sankt Pål. Hvor er det forresten?

Bildet er ellers 1136x852, og kommer greit opp hos meg, både via den originale thumbnailen, og via linkene lenger nede i tråden.

Sankt Pål ligger mellom Finse og Geiteryggen. Det var Lord Garvagh (vet ikke om det er rett skrevet, han met hytta i Folarskaret) som ga toppen navnet da han syntes den minnet om katedralen heime i England.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ellers stadig lite bevegelse på min siste "gåte", ser jeg... Var denne så vanskelig da? Dere har jo klart mye verre før!

Som nevnt, jeg tipper nesten alle på forumet har vært innunder dette fjellet på et eller annet tidspunkt...

Repeterer altså, hva er fjellet på høyre bildeside her: https://www.fjellforum.no/oldLinkConverter.php?oldAttach=1570

Ja, denne var vrien eaa. :? Jeg får ikke alt til å stemme i bildet med hva jeg først syntes det lignet på. Det store runde fjellet til venstre ligner på Store Nuten (1541 moh), som ligger øst for Bygdin og nord for Vinstervatnet. Profilen ligner litt på fjellet sett fra omtrent Bygdin. Fjellet til høyre kunne da ha vært Bitihorn, men det ligner ikke helt. Bitihorn kunne isåfall ha stemt godt med ditt hint om at vi nesten alle har vært innunder fjellet, med Valdresflyveien liggende rett under toppen. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det store runde fjellet til venstre ligner på Store Nuten (1541 moh), som ligger øst for Bygdin og nord for Vinstervatnet. Profilen ligner litt på fjellet sett fra omtrent Bygdin. Fjellet til høyre kunne da ha vært Bitihorn, men det ligner ikke helt. Bitihorn kunne isåfall ha stemt godt med ditt hint om at vi nesten alle har vært innunder fjellet, med Valdresflyveien liggende rett under toppen. :?

Nope. Ikke noen av disse heller... :)

Fjellet er dessuten markert høgere enn Bitihorn. :?

Og det er ikke minst rundfjellet lenger bak også.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.


Annonse


×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.