Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Hei!

 

Ny på forumet her. 

 

Skal til på å lage ein naturfilm om Nordfjord i Sogn og Fjordane no snart. Reknar med denne endar på rundt ein times speletid. 

Det blir ein poetisk dokumentarfilm, med fokus på naturen. 

 

Filmen heiter "Prosjekt Nordfjord". Eg oppretter Facebook-side til dette prosjektet om ikkje altfor lenge, så skal linke når den er oppe og går.

 

Tidlegare har eg laga "Prosjekt Gloppen" saman med Sondre Utheim. Denne jobba vi med på fulltid i åtte månader.

Link til kortfilmen frå Prosjekt Gloppen finn du her: 

Facebook-sida med ein del bilete henta frå filmen her: https://www.facebook.com/prosjektgloppen

 

 

Denne gongen blir det berre meg. Gloppen er ein av sju kommunar i Nordfjord, dermed har eg allereie dekt ein kommune. 

Dei andre kommunane er Stryn, Nordfjordeid, Bremanger, Vågsøy, Selje og Hornindal.

 

Planen er å bu i bil og telt 24/5-6, altså ein eller to dagar per veke der eg er heime og lastar over på harddiskar frå minnekorta, ladar batteri, hentar meir proviant osv. 

 

Eg håpar å kome meg opp på høge toppar som Lodalskåpa og Skåla i Stryn, og Hornindalsrokken i Hornindal.

Det er mykje kamerautstyr som vert med på turane, og der vi sist var to til å bere er det no berre meg. Som regel overnattar eg eit par netter på toppane for å filme soloppgangar og solnedgangar og stjernehimmelen. Er eg heldig blir også noko nordlys fanga på film. 

 

Byrjar no i februar, reknar med eg brukar litt over eitt år på å filme. Håpar å ha filmen klar til sommaren 2015. 

 

Kjem ikkje til å poste bilete direkte her, dei som vil kan følge med på Facebook-sida når den kjem. 

Tenkte dette var eit fint forum å få snakka med andre fjellfolk på. Nyttige tips og småting. 

 

I første omgang så lurer eg på anbefalinger til einmannstelt? Lett og kompakt er stikkord, det er veldig viktig. Så får heller prisen kunne strekke seg litt. Takk for tips, og spør gjerne om det er noko du lurer på ang prosjektet mitt!

  • Liker 2
Annonse
Skrevet

Du bør definitivt ta kontakt med Hallgeir Hansen i Sandane om du trenger noe hjelp til prosjektet ditt.

 

Jada, kjenner han godt. 

Vi var blant anna med på denne turen, Reint Eventyr, som filmfotografar. http://www.sfj.no/cmssff/cmspublish.nsf/$all/A3CA14196A31F03CC1257B43002A2CCD?open

 

Blir nok ein tur på Gjegnen med Hallgeir i løpet av Prosjekt Nordfjord. På Reint Eventyr gjekk vi over breen til Gjegnabu, men skodde på Gjegnen neste dag gjorde at vi heller tok vegen ned i Skjerdalen direkte. 

  • Liker 1
Skrevet

Bra prosjekt du skal til med der @iverha og fantastiske filmer fra dine timelapser. Anbefaler deg å spørre i korrekt forum når det gjelder utstyr osv - er lettere å få hjelp slik enn å ta alt i en generell tråd.

 

Takk for det! 

Det har du sikkert rett i. 

Skrevet

Jada, kjenner han godt. 

Vi var blant anna med på denne turen, Reint Eventyr, som filmfotografar. http://www.sfj.no/cmssff/cmspublish.nsf/$all/A3CA14196A31F03CC1257B43002A2CCD?open

 

Blir nok ein tur på Gjegnen med Hallgeir i løpet av Prosjekt Nordfjord. På Reint Eventyr gjekk vi over breen til Gjegnabu, men skodde på Gjegnen neste dag gjorde at vi heller tok vegen ned i Skjerdalen direkte.

Du får hilse fra Joachim 90-91 da:)

  • Liker 1
Skrevet

Spennende prosjekt. Var nede og så en av visningene fra Prosjekt Gloppen og må bare si at jeg ble kjempeimponert over kvaliteten. Det ligger nok mye arbeid bak den filmen. Du vil nok få mange fine turer rundt om i Norfjord når du begynner på den neste filmen. Får du noe støtte til dette prosjektet?

Skrevet

Spennende prosjekt. Var nede og så en av visningene fra Prosjekt Gloppen og må bare si at jeg ble kjempeimponert over kvaliteten. Det ligger nok mye arbeid bak den filmen. Du vil nok få mange fine turer rundt om i Norfjord når du begynner på den neste filmen. Får du noe støtte til dette prosjektet?

 

Kjekt å høyre!

 

Prosjekt Gloppen var åtte månader fulltidsarbeid. Med alle erfaringane med å lage den filmen trur eg at eg skal kome gjennom dei seks andre kommunane litt kjappare. Som du sikkert såg, så er jo lite dokumentarisk "riktig". Så det blir vel litt for å tilfredsstille alle, meg sjølv inkludert, at eg har lyst å få dekt over alt.

 

Har søkt støtte div plassar, jobbar framleis med saken. Elles blir den nok sjølfinansiert gjennom det eg har tjent på Gloppen-filmen. 

 

Er du herifrå kommunen?

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.