Gå til innhold
  • Bli medlem

Litt snø på Austabotntind (10.09 2005)


Ragnar

Anbefalte innlegg

Var ein kjapp tur i Jotunheimen i helga.
Fredags ettermiddag satte eg meg på flyet frå Stavanger. Etter ein times venting i Bergen, bar det vidare med Widerøe til Sogndal. Thomas, Ingunn og Kamilla kom kjørande frå Bergen og plukka meg opp på lufthamna. Telta vart satt opp eit lite stykke frå Turtagrø under ein haustklar stjernehimmel.

Laurdag vakna vi til ein flott morgon, med sol, skyfritt og vindstille. Planen å prøve seg på Store Austabotntind og litt over 10 gjekk vi oppover frå Berdalsbandet. Det var svært glatt oppover på grunn av ei tynn ishinne på steinane (dette smelta utpå dagen). Det var kome eit snølag på ca 2100moh og høgare. Vi hadde isøkser, men ikkje stegjern. Frå skaret sikra vi ein taulengde oppover ryggen grunna snøen. Eg tok meg så vidare over til snøfonna, men her var det særdeles glatt (her er det også ganske luftig). Vidare oppover kunne det nok ha gått ann å karra seg opp også utan stegjern, men i og med at ikkje alle var like klatrevandte og på grunn av tidsaspektet, så var det enkelt å bestemme seg for å snu. Eg la igjen ei slynge og klatra ned igjen. Vi returnerte litt ned i sida og sikra her også. Virka nesten som om det var enklare å halde seg oppå ryggen i staden for nedi sida.

Norgesguidane hadde to taulag som vi traff då dei var på veg ned. Dei sikra heile vegen frå skaret til toppen og ned igjen (4 taulengder?). Og dei hadde sjølvsagt stegjern - noko vi absolutt burde ha pakka med oss.

Legg ved nokre bilde. Samanlikn med bilda som Vestmar la ut forrige helg:
https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=3623
F.eks. dette:
https://www.fjellforum.no/oldLinkConverter.php?oldAttach=1188

EDIT: Fleire bilde og lengre turartikkel på breogfjellsport.no

post-5-133474399595_thumb.jpg

post-5-133474399606_thumb.jpg

post-5-133474399614_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Ganske så mye mer vinterlig og rufsete forhold på dere Ragnar enn for en uke siden. Det blir straks mer krevende med snø og is. Skjønner godt savnet av stegjern. Uten de hadde ikke vi stått på Gjertvasstind på lørdag. :roll:

Igjen helt herlig med nydelige bilder fra Austabotntindane! :evil: Får aldri nok av det!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Forholdene har endret seg i forhold til en uke siden når jeg var på Austabotntind (jeg har litt identitensproblemer og het Vestmar forrige helg). Vi måtte snu på Memurutindane denne helga pga snø, is og rim selv om det var mye mindre enn på Store Austabotntind. Tydelig at fottursesongen går mot slutten i høyfjellet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.