Gå til innhold
  • Bli medlem

skifeller til dei minste

baron

Anbefalte innlegg

Har eit håp om å få med meg heile familien på fjelltur med ski i vinter.

Har fjellski til meg og kona. Ungene har langrennski.

Planen er å ta med rumpeakebrett til nedturen då det kan bli for

utfordande nedover for dei aller minste.

Men lure på om det fins feller for mindre ski eller må eg kjøpe full lengde og evt klippe ?

Kanskje kortfeller er eit alternativ......

Nåken som har erfaring med dette ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Tror nok du må kjøpe feller i full lengde. Vet ikke om kortfeller har så mye for seg for de minste. Er det skarete og ujevnt underlag kan det være vankelig for dem å få trykket midtspennet mot underlaget.
Det bør være mulig å få fatt i løse bøyler til feste på skituppen. Da kan man jo dele fellene for å spare noen kroner.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg ville klippet de opp i flere feller. En bøyle lager du enkelt av noe du har liggende.

Legg bøylen i fellen foran, brett over og lim sammen fellen slik at bøylen henger. Du må kanskje fjerne litt fellelim først, eller kanskje det enkleste er å sy sammen fellen i front med nål og tråd slik at bøylen henger.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hva med å kjøpe "fjellski" til ungene eller å velge et terreng som gjør at ungene koser seg med nedoverbakkene?

EirikW

Det skal godt gjøres å finne fjellski (dvs ski med stålkanter) til unger i høvelig, altså kort nok lengde (under 160 cm). Åsnes har hatt en modell i butikkene som har vært vanskelig å få tak i. Men det er også alt. 

Vanlige feller i full lengde, evt. litt smale varianter, kan du fint klippe i to, så får to unger seg feller ut av ett fellepar. Fest de med sportstape fremme og bak om du ikke gidder å lage bøyle. Etter min erfaring er bøyle strengt tatt ikke nødvendig, men ta med sportstaperullen på tur... Lykke til, gleder meg til snøen kommer. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takker for svar :smile: Ja kunne lagt turen til litt flatere terreng men vil oppover.. ikkje topptur det er snakk om men ca 600 moh. sjå om ungene liker dette ( håper da det ) minstejenta er 6 år så det blir litt tøft å sleppe hu på ski nedover sjølv om hu e knalltøff både i langrennssporet og alpinbakken :-) også er jo rumpeakebrett knallgøy.. er egentli nedturen som er lokkemat :smile:

Då blir det å kjøpe feller å klippe dei i to..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har også gjort som virrma over her, latt borna gå opp på langrennski og rent nedatt på alpintski.

Til fellar har eg brukt langfellar som eg kappa rett bak helen, stor forskjell på å gå med langfellar heilt bak kontra kappa ved helen. Sportstape held lenge for å feste endar.

Alternativt kan ein montere ein 75 mm tåbinding på ei alpinski, kjøp små Garmont telemarkstøvlar til typ 500 kr på salg, og breiaste type "rimelege" langfellar. Funkar fint. 

Då kan dei intuitivt lære seg å velje ulike kjørestilar etter føre og kor bratt det er. Har sett fleire born verte habile fjellskiløperar på dette viset, då ei alpinski og ein stiv sko gir kjapp respons på teknikken dei vel, utan å venje dei til fasthelskjøring. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fyrste gongen eg hadde med meg ein nevø på topptur, hadde han ikkje feller, så det vart lånt inn eit par Montana kortfell. Desse vart festa til skituppen med sportstape, og var akkurat lange nok til å fungere som langfeller på skia hans.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har også gjort som virrma over her, latt borna gå opp på langrennski og rent nedatt på alpintski.

Til fellar har eg brukt langfellar som eg kappa rett bak helen, stor forskjell på å gå med langfellar heilt bak kontra kappa ved helen. Sportstape held lenge for å feste endar.

Alternativt kan ein montere ein 75 mm tåbinding på ei alpinski, kjøp små Garmont telemarkstøvlar til typ 500 kr på salg, og breiaste type "rimelege" langfellar. Funkar fint. 

Då kan dei intuitivt lære seg å velje ulike kjørestilar etter føre og kor bratt det er. Har sett fleire born verte habile fjellskiløperar på dette viset, då ei alpinski og ein stiv sko gir kjapp respons på teknikken dei vel, utan å venje dei til fasthelskjøring. 

Ja dette er og eit alternativ... ka binding er greiest til slikt ?? lurte litt på riva... har alpin og twintip så er meint til det formålet så guttene har ski men eg har ik fått tak i sko med 75 mm og binding.... har egentli leita litt etter små sko 75 mm men er ik mykje rundt.... tips ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tessatroll, on 13 Aug 2013 - 23:53, said:snapback.png

Beklager min klønette copy/paste, har liksom ikkje heilt skjønt korleis eg gjer dette.
Vanleg 75 mm tåbinding utan kablar eller noko bak frå Rottefella er vanleg å sette på alpinski for born. Kablar gir meir bøyemotstand, meir unaturleg og tyngre for dei å gå med. Garmont har telemarkstøvlar til born, med ein spiseleg pris anten dei er på salg eller ikkje.
Einaste eg kan tenkje meg som er bakdelen med ei slik løysing, er at om dei skal gå opp med dei, så er det betydeleg meir bøyemotstand med eit slikt oppsett (sjølv utan kablar), enn langresnnski. Alternativt kan ein kjøpe adapterar (kostar 1700-1800 kr og gjer at du får gå-funksjon med vanleg alpinbinding og sko).
Så spm her er altså om det er eit poeng at borna skal gå med same ski opp og ned eller korleis ein tenkjer det.
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I have the same problem with my first boy. 10y, 40 Kg, 140 cm. I don't know if I should go with Vikafjell 150 or 160 (the only model

available for boys/girls) or if I can buy directly some women model like Skoeg 170 or equivalent. I'll probably stay on standard SNS

for boot availability here in south europe.

Any opinions?

Regards

Giorgio

Hi Giorgio, 

I guess the Cecilie skis are very good, but given that their shortest length is 30 cm higher than your boy, I suspect they could be somewhat difficult for him to maneuver - perhaps in a year or two they would be perfect. The Vikafjell have quite a bit of "spenn", so they might also be difficult to direct for him given his low weight. Still I´d go for the shortest Vikafjell model. Good luck!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.