Gå til innhold
  • Bli medlem

Raudberget


Bukken

Anbefalte innlegg

Hei fjellfolk.

Har vandret en del i Støsheimen på jakt, fiske og fotturer. Er blitt fasinert av Raudberget som nesten hver eneste gang ligger å "bader" seg i sollyset når områdene rundt ligger i skygge. Det er en liten åpning i skydekket slik at solstrålene treffer det høyeste punket på Raudberget. Er det noen som kjenner til historien om dette fjellet fra gammelt av eller vet hvor det står skrevet noe om det rødbrune fjellet i Stølsheimen. Har hørt rykter om at det skjedde merkelige ting der for lang tid tilbake?? Det må være skrevet en del om dette "hellige" fjellet opp gjennom tidene. Ønsker tips om hvor slikt kan finnes.

Med hilsen en som snart er overtroisk

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Raudberget har raudfargen sin pga. jern og kopar som rustar. Bergarten er serpentin, med mykje kleberstein/talkum og olivin (grøne felt i den raude vestsida ovanfor Raudbergurdi ved Raudbergvatnet). Elles i området går det ei smal fylitt-åre (kalkrik) på skrå frå nordaust mot sørvest gjennom Stølsheimen. Raudberget er eit brot med serpentin inne i fylitt-åra. Vest for fyllitt-åra er fjellet kalkfattig, og høgfjellet er berre berg og stein med mykje snø. Både fylitt-åra og skiferbeltet aust for dette er kalkrikt, og difor er fjellet grønt og grasdekt til over 1200 m.o.h. Unnataket er Raudberget, då der ikkje veks mykje på det fjellet. Bergarten syt for ein interessann flora i området, især nord for Raudberget mot Arnafjorden. Fyllitt-åra kjem frå Arnafjorden (mellom Indrefjorden og Framfjorden - Målsetvatnet). Den går mot sør-sørvest aust for Åsedalen, passerer Raudberget og Selhamar, trekkjer over Askjellsdalen og Skjerjavatnet si austside, kryssar øvste Eksingedalen og held fram mot sør til den stoppar. Skiferbeltet strekkjer seg mot Voss, og har si kjerne der, og Voss har mange skiferbrot.

Det er mykje mystikk inne ved Raudberget. Der inne budde jule-reia (troll-folk), og rett før jul tok jule-reia ut og heimsøkte bygdene i Eksingedalen og Modalen i vintermørket.

Raudberget lyser faktisk av seg sjølv, pga. av serpentinfargen som gjer den flammande guloransje (på nært hald). Det er ikkje slik at sola skin akkurat på Raudberget, medan resten av fjellet er i skuggen under skyene. Ta turen inn der ein dag med skikkeleg gråvêr og regn utan skodde, og Raudberget lyser som berre det, uansett.

Elles er det fleire stader med Raudberg ikkje langt unna. Køyrer ein E 16 frå Dale til Voss, kan ein ta av ved skiltet mot Steine. Køyr opp der og følg vegen innover forbi fleire stølar til vegen endar i Lauvdalen (bomveg, kostar noko). Dermed er det berre å rusla innover dalen 2-3 km. til stølen Raudberg. Der er det andre bergartar som rår grunnen. I berget rundt her og urdane under er det eit raudlilla skjer. Området her høver å passera på tur mellom Geitle mellom Evanger og Bulken og over fjellet til Volahytta. Eit fint alternativ for turar til Volahytta utanfor dei merka stiane, gjerne som ein start på turen innover i Stølsheimen. Det andre Raudberget ser de 2 dagar etter.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takker for svaret ditt, Stuttjukken. Mye innteresant her. Det med at Raudberget lyser i seg selv, har jeg selvsagt fått med meg da jeg går en del i fjellorådene omkring der (ca 10-15 døgn i året). Har aldri vert på toppen av berget, men i løpet av høsten vil den tid også komme :P Turet der senest 3 dager denne uken og da var det overskyet/delvis overskyet med noe regnbyger. Hvor tror du solen slapp igjennom skyene? Jo på Rudberget selvsagt, og det nesten hele tiden, og i hvert fall store deler av de 2 dagene jeg hadde "berget" i sikte! Har gått mye på Vikafjellet de siste 10 årene og det er helt umulig å legge merke til dette fjellet, samt å bli betatt av lyset fra fjellet som "ruster" Det er helt klart at fjellet tiltrekker seg blikket fra oss og andre fjellvandrere i områdene rundt, men prøv å følg med på det med solen, så skal du se.... Det med mystikken inne ved berget og troll-folket, vet du mer om dette eller hvor en kan finne slik historie?

I fjor ble det tur fra Volavannet til Tvindestølen via Piksvannet, men der så jeg ingen raudberg. Men Tvindestølen var en opplevese i seg selv. Fantastisk flott med en beliggenhet uten sidestykke. Må oppleves!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det stemmer at de ikkje såg noko raudberg frå Volavatnet. Sjå kartet og ta utgangspunkt i sørenden av Volavatnet. Der finn de stølen Volo (Vålo). Det går ein sti møt sørvest og under Svolahelleren, og ned ein sidedal til Raudberg. Dermed ber det nedover mot Lauvdalen, Steine og Geitle på E 16.

Dette med at solgløtta står "stand-bye" på Raudberget har med vindoppdriften frå dei høgare fjella sørvest for Raudberget å gjera. Nemleg Skjerjavatnet med Skjerjevasshovden, Askjellsfjellet og Gavlafjellet, alle over 1200 m.o.h. Snøen ligg mykje lenger utover sommaren ved Skjerjavatnet og fjella der, slik at det er eit lokalt kuldehol der borte. Vindoppdriften riv i skydekket, slik at solgløtta treff Raudberget ofte. Dette er mest vanleg på sørvest vind, då Raudberget ligg i lengderetninga nordaust for Skjerjavatnet. Elles er Skjerjavatnet det største vatnet i Stølsheimen, ca. 1 mil langt, somme år med drivis til slutten av august. Prøv deg ein tur frå Nygard i Modalen, og gå opp via Krosstølen og Viermyrdalen til vestsida av Skjerjavatnet, vel oppe på høgda kjem Raudberget fram, klarare enn "lysfontena" som prinsessa snakkar om, og brenn der i nordaust. Dermed er det berre å passera Skjerjavatnet og Askjelssdalen og gå inn til Selhamar og Raudberget. Elles kan eg tipsa om ein tur frå Fjellanger, midt i Eksingedalen. Gå inn dalføret mot nordaust, passer Fjellangsstølen, gå over høgda aust for Trollavatnet (her bur Stølsheimen-Trollet), og de ser rett inn til Raudberget på ein mystisk måte. Hald fram om Lonevågdalen og Belaskardet, (eller Beinhellerdalen om Skjerjavatnet har for høg vasstand), gå over demningen i Askjellsdalen og trekk over høgda og ned i Vetle-Askjellsdalen. Så er turen kort til Raudberget.

Sjå innom den uferdige heimesida mi. Der ser de bilete av Raudberget med det nemnte solgløttet, teke på slutten av det siste ekstrem-tordenvêret i Stølsheimen, i byrjinga av august i 1995, (Raudberget 2. jpg). Biletet ligg under Biletarkiv, Vik kommune, frå Arnafjorden mot Stølsheimen. Der finn de fleire bilete frå Selhamar - Raudberget - området. Eitt bilete viser såvidt det grøne olivinfarga berget på vestsida av Raudberget, (Raudberget 3. jpg).

http://www.stoelsheimen.no

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.