Gå til innhold
  • Bli medlem

Jordalen/Nærøydalen


Gjest Anonymous

Anbefalte innlegg

Annonse

Eg ser på bilete nr. 35 og nr. 48, der det er skrive Fresvikbreen. Den mørke fjelltoppen der er Tverrbotnanuten, 1611 m.o.h. Fresvikbreen er straks til høgre for det, slik bilete 48 viser. Eg såg litt nærare på bilete nr. 49. Eg er ikkje sikker, men det anar meg at dette kan vera Grånosi (sørvestre), 1566 m.o.h., med Bleia, 1717 m.o.h. i venstre kant bak i biletet. Fjella ligg sør for Frønningen/Revsnes/Lærdalsfjorden, aust for Aurlandsfjorden, og nordvest for fjellvegen Aurland - Lærdal (oppå Lærdalstunnelen). Sjølvsagt kan eg nok ein gong vera heilt på jordet.

Nok ein gong flotte bilete frå di hand, Arnt. Å, Troll, den gode bikkja di er så god, at............... Neste gong de er i området, ta turen frå Leitevatnet innanfor Øvstedalen i Fresvik-Jordalen. Litt forbi Fresvikvarden (der har de vore før) går de opp fjellsida i sør og innover dalsøkket i austleg retning. Gå austover til Handadalseggi, 1431 m.o.h., og sjå på det imponerande fangstgjerdet av stein der ute. Returner via Langafjellet, 1511 m.o.h., og gå nordover mot stupet, med utsyn ned på Sognefjorden og mot Sogndal flyplass på Haukåsen. Så fort som de går, rekk de mykje meir enn dette, når de er der inne.

Helsing Stuttjukken, etter ein kosetur i Ygnisdalen og Pyttane i går.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anonymous
Den mørke fjelltoppen der er Tverrbotnanuten, 1611 m.o.h. Fresvikbreen er straks til høgre for det, slik bilete 48 viser.

Stemmer. Jeg oppdaget det tidl. i dag. Takk for bekreftelse.

Eg er ikkje sikker, men det anar meg at dette kan vera Grånosi (sørvestre), 1566 m.o.h., med Bleia, 1717 m.o.h. i venstre kant bak i biletet

Vi er nok på rett kurs, men jeg har ikke klart å bevise det ved hjelp av terrengdetaljer.

Jeg er akkurat nå mest opptatt av å finne ut av de nye høydemålingene som sendte Giljabotnnipa fra 1501m til 1499m (og som reduserte primærfaktoren med 122m!) Dvs. at den må nå forholde seg til Vassetnipa (1501m) istedet for Smørbotnnuten. Alt dette hadde vært greit hadde det ikke vært for at jeg er "bomsikker" (GPS) på at Giljabotnnipa er ca. 1507m.

(puzzles for nerds. stuff that matters...)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg kan nok ikkje bevisa at eg har rett, eg heller, Arnt. Eg har ikkje gått Nærøydalsryggen, men eg har som nemnt gått på Langafjellet og Handadalseggi i nord, og elles har eg gått over Store Breen (buførevegen opptil 1570 m.o.h.), Skammadalshøgdi og Jordalsskavlen på Underdalshalvøyi. Då ser ein mot det same flellområdet mellom Aurland og Lærdal.

Når det gjelt Tverrbotnanuten, er den eit velkjend landemerke for meg, sett frå mange stader sørvest for fjellet. Den svarte gavlen i Tverrbotnanuten som så vidt kom fram på bileta dine var ikkje å ta feil av. Ein kveld eg var i Fresvik-Jordalen for ein del år sidan, gløda kveldssola fint i fjellsida under Tverrbotnanuten, då eg var oppe ved Leitevatnet (andre kallar vatnet for Jashaugvatnet, etter den frodige og steile Jashaugen innom vatnet, ved bøførevegen mot Fresvikvarden og Fresvik. I 1997 gjekk eg buførevegen frå Fresvik og over i Jordalen, ein flott tur forbi breklattane under Fresvikbreen. Dagen før gjekk eg frå Breiddalen i Jordalen, over Vasseteggi (1474 m.o.h.), ned på Rimstigfjellet, bort i kløva ved Breiskrednosi (utsyn Nærøyfjorden), nord att og ned i Vassetdalen til Drego og Dyrdal i Nærøyfjorden, (ferje til Kaupanger).

På kartet står det berre høgda 1501 m.o.h., fjellet som heiter Giljabottsnipa. De målte høgda til 1507 m.o.h. Interessant, det kan henda at de har rett der óg.

De har sikkert lagt merke til at Kjell-Inge på forumet er godt kjend her inne. I tillegg skal de få eit namn til av meg. Ei klasseveninne frå folkeskulen (Modalen) var på geitasti på Røyrdotten innanfor Nåsen i Jordalen i nokre år. Ho fortalde om ei Nelly Nora Naasen, som er godt kjende i fjella omkring Jordalen og Nærøyfjorden. Eg høyrde for nokre år sidan at ho brukte å ta turen til Tverrbotnanuten kvar sommar. Ho kan sikkert fortelja deg ein del.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anonymous
men eg har som nemnt gått på Langafjellet og Handadalseggi i nord, og elles har eg gått over Store Breen (buførevegen opptil 1570 m.o.h.), Skammadalshøgdi og Jordalsskavlen på Underdalshalvøyi. Då ser ein mot det same flellområdet mellom Aurland og Lærdal.

Sikle.. Alt dette skal gjøres.

Vet du noe om Styvisdalseggi? Mener å ha hørt at en må rappelere ned på eggen. Men er en først på eggen - kommer en ned noe annet sted?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjekk tilsvarande tur 3.juli men Jordalsnuten måtte venta. Sparar nokre godbitar til seinare turar :-) Gjekk rett opp på Vardanosi frå Jordalen. Me tok i tillegg turen innom Fetanipa og Bakkanosi. Fantastisk utsikt frå dei toppane. Som også gjer seg på snø. På Bakkanosi var me heldige nok til at skavelen var smelta akkurat den meteren me trengde for å komma ut på kanten....Returnerte ned Lyngskaret og Slettedalen. Brukte omlag 6 timar på den turen. Kanskje ioverkant med snø :-)

Styvidalseggi er ein annan godbit eg har sett att, men eg veit ikkje om ein treng rapell nokon plass der. Ser greit ut frå avstand. Men det er mogleg det er litt problematisk nokre hundre meter etter 1445 punktet. Har også fundert på om det ikkje er mogleg å gå ned/opp frå Vassete-Hjølmo området, tykkjer det ser slik ut nede i frå dalen men veit det ikkje.

Tverrbotnnut er grei å gå både via Jashaugen og Smørbotn. Eller Kolsetebotn for den del, spessielt om ein vil ha med seg Smørbotnnut også.

Kan skriva under på at fangsanlegga på Handadalseggi er imponerande. Men det er kanskje ikkje den mest spennande steinrøysa eg har gått i...men for all del totalt verdt turen. Forøvrig traff eg der mitt bevis på at sauer er dumme, då eg traff på ein skalle som måtte ha minst ein km uansett retning til næraste grastust. Men kem pokker veit, ho skulle vel gjedna sjå på fangstanlegget.

Sjekka gps-loggen frå Gjiljabotnnipa og den viser 1506 på toppen så eg ser ikkje vekk frå at du har rett (men eg venta ikkje på noko stabile målingar sidan slikt opptar meg lite, og sidan det var ein utriveleg plass å vera i ganske stiv kuling)

Turar i Fresvikjordalen området skuffar aldri....

post-433-133474395248_thumb.jpg

post-433-133474395253_thumb.jpg

post-433-133474395257_thumb.jpg

post-433-133474395261_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anonymous

Takk for interessante opplysninger, både til Stutt'en og kjellinge.

Jeg regner med at det blir mange flere turer i området.

Fint også å få indikasjon på at Giljabotnnipa høyst sannsynlig er over 1499m.

Arnt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg tør ikkje lova noko om det er greitt å ta seg opp frå Hjølmo eller Vassetvatnet til Styvisdalseggi, men det såg iallfall bratt ut oppover. Skogen veks høgt oppover fjellsida nord for Vassetvatnet. Ta deg ein tur over fjellet frå Breidalen i Jordalen, og trekk over Vardane, Vasseteggi og Rimstigfjellet og Skogafjellet, og sjå tvers dalen mot Styvisdalseggi. PS., flott bogastille aust for Vasseteggi, (høgde 1474 m.o.h.), mellom Vassbotnvatnet (i nord) og Skardsvotni (Rimstigen). Elles kan de gå inn i Styvisdalen eller ut på Handadalseggi, og sjå Styvisdalseggi frå nord. Eggja frå Smørbotnanuten til Styvisdalseggi ser ut til å vera "sperra" med eit stup ein stad på eggja. Står ein på Handadalseggi fortonar fjellrekkja Styvisdalseggi - Smørbotnanuten - Tverrbotnanuten som eit fascinerande skue rundt Styvisdalen. Styvi ligg på sørsida av Nærøyfjorden, men dei beitte dyra og stølte i dalføra innanfor Dyrdal på nordsida av Nærøyfjorden. Difor er det Styvi-namn på begge sider av fjorden. Styvisdalen er greitt å nå både frå Dyrdal og frå Leitevatnet i Fresvik-Jordalen. Jordalen kontra Fresvik-Jordalen? Den delen av Jordalen der Fresvik er grunneigarar er Fresvik-Jordalen. Dette gjeld strekninga der stølane Nedstedalen - Preststølen - Øvstedalen ligg, og er det same som den delen av Jordalen som i følgje kartet høyrer til Leikanger. Bygdene Feios og Fresvik med fjella og Fresvikbreen vart overført Vik kommune for ein del år sidan, alt som Leikanger kommune hadde på sørsida av Sognefjorden og vest for Aurlandsfjorden. Frønningen vart overført Lærdal kommune, men ligg aust for Aurlandsfjorden. Lengst nordvest er Vikjadalen, som høyrer til bl.a. Vange i Vik i Sogn. Eg trur dei faktisk bufører gjeldkyrne frå Seljedalen i Vik, over Hang og Ennebakken til Vikjadalen framleis, i staden for å køyra dei rundt via Vinjo og Stalheim. Også dette er ein flott tur, Arnt, ein tur eg gjekk i 1996.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anonymous

Denne helgen fortsatte jeg hvor jeg slapp sist, og besøkte Fyresnipa, Uraskarfjellet og Viksetnipa. Bilder her:

http://impact.ii.uib.no/arnt/Peaks/fyresnipa.html

Jeg kunne tenke meg litt hjelp med bilde #30. Det kan sees i større sammenheng på bilde #28. Det skulle kanskje være opplagt, men jeg klarte (i første omgang) ikke å komme til et resultat. Ålfotbreen "is just a hunch". Bildet er tatt fra Fyresnipa.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anonymous
Jeg kunne tenke meg litt hjelp med bilde #30. Det kan sees i større sammenheng på bilde #28. Det skulle kanskje være opplagt, men jeg klarte (i første omgang) ikke å komme til et resultat. Ålfotbreen "is just a hunch". Bildet er tatt fra Fyresnipa.

Litt mer "mysing" set ut til å peke til Keipen-Plogen-Saga massivet vest for Ålfotbreen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

De nemnte bilete 28 og 30 i nemnte biletserie frå Fyresnipa. Før eg hadde lese innlegget ditt over her, slo det meg at de hadde teke bilete av Plogen i Svelgen (Bremanger). Vidare mot høgre ser de litt av sjølve Ålfotbreen, før Høyanger-fjella skygger for resten. Ta turen til Sundagsfjellet, om de ikkje har vore der, og sjå det same mykje friare. Sjølv ser eg dei same toppane når eg ruslar over Taket, 1211 m.o.h. (Stølsheimens Tak) vest for Steinslandsvatnet i Modalen, eller frå Brydalsfjellet ovanfor Ortnevik i Sogn. På bilete 28 har de faktisk 2 Keipen på biletet. Lengst til høgre er Keipen innanfor Esefjorden i Balestrand, med Bjørnabreen under, og Langafonni (Langedalsbreen) litt lenger til venstre. Desse småbreane er eigentleg bre-satelittar i lengderetninga mot sørvest frå Jostedalsbreen, kun avskore av Gaularfjellet. (Litt høgare fjell i Balestrand, og utan Gaularfjellet hadde Jostedalsbreen halde fram mot Lånefjorden mellom Høyanger og Balestrand, men det er ikkje slik).

Framleis flotte bilete, Arnt.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anonymous
På bilete 28 har de faktisk 2 Keipen på biletet. Lengst til høgre er Keipen innanfor Esefjorden i Balestrand, med Bjørnabreen under, og Langafonni (Langedalsbreen) litt lenger til venstre. Desse småbreane er eigentleg bre-satelittar i lengderetninga mot sørvest frå Jostedalsbreen, kun avskore av Gaularfjellet.

Da er vi på linje. Takkf for info. Kjente igjen det bratte fjellet over Høyanger. Har også flyfoto av Langedalsbreen. Det du kaller Keipen - er det punkt 1464m? Er det Geitaryggen (mot Tjugatoten) vi ser lengst til høyre? Jeg er blitt fortalt at en ikke kommer over der uten klatring. Jeg ser etter en fin turvariant (med litt "luft" kanskje), over Balestrand.

Sundagsfjellet står enda for tur. Det har bare vært godværsdager på lørdager i det siste. Kan jo ikke bestige Sundagsfjellet på en lørdag :P

Arnt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Toppen 1464 m.o.h. er toppen av Bjørnabreen. (Noko anna namn der veit eg ikkje). Keipen er toppen rett aust for, til høgre for hakket i fjellet, keipahakket, og er 1399 m.o.h. Lenger nede i fjellsida under Bjørnabreen, ikkje synleg på biletet, er den artige og utstikkande stein-tinden Gulleplet. Dette ser flottast ut frå Hjellseng, like før Esebotnen, på veg frå Dragsvik til Balestrand. Eg har vore på Tjugatoten ein gong for mange år sidan. Skal ein vidare er tausikring påkrevd innover langs Geitaryggen. Geitaryggen byrjar nok i høgre biletkant, ja. Keipen har eg ikkje vore på. Elles har eg vore på Raudmelen, Saurdalseggi og Igdedalseggi i Balestrand-fjelli. Dette var i 1982-85.

Stemmer det, Arnt, skal de gå til Sundagsfjellet, må de gå på ein sundag så klart, hehe.

Endeleg vart det eit bilete frå rette sida av Tverrbotnanuten. No ser de at den er eit godt merke og korrigera for utsynet etter.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er alltid like flott i midtre Sogn, slik bileta til Arnt viser. Få stader i Norge dannar fjellandskapet så vakre kulissar som nettopp rundt Balestrand. Det er no 20 år (åh, hjelp) sidan eg var russ i Balestrand, og første helga i august går turen til Balestrand for å treffa att nokre av tidlegare studiekameratar. Tillet vêret det, vert det kanskje turar i området Vik - Vangsnes - Feios - Fresvik etter denne helga. Der er mykje flott fjell som eg vil sjå nærare på. Vangsnesmarki, Feios-dalstrøka mot Fresvikbreen, kanskje ein tur sør for Fresvik. Eg får sjå, men eg vonar det vert noko av det.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Jeg er akkurat nå mest opptatt av å finne ut av de nye høydemålingene som sendte Giljabotnnipa fra 1501m til 1499m (og som reduserte primærfaktoren med 122m!) Dvs. at den må nå forholde seg til Vassetnipa (1501m) istedet for Smørbotnnuten. Alt dette hadde vært greit hadde det ikke vært for at jeg er "bomsikker" (GPS) på at Giljabotnnipa er ca. 1507m.

(puzzles for nerds. stuff that matters...)

Ein gamal diskusjon, men for eventuelt interesserte...

Eg var på Giljabotnnipa i helga og målte høgden med gps. I løpet av dei ti minuttane eg var på toppen viste gps'en aldri mindre enn 1503, stort sett viste den 1505-06.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.