Gå til innhold
  • Bli medlem

På eventyr på Fanafjellet


kvitebjørnen

Anbefalte innlegg

«Det går buss tilbake halv fire, halv fem og fem,» såg eg i Skyss-appen mens eg sat i bussen på veg til Fanafjellet. Eg hadde tre toppar som mål for turen i dag: Hamresåta, Sveåsen og Lauvåsen. Ingen av dei hadde eg vore på før, noko som også var grunnen til at eg skulle dit i dag.  Så eg såg fram til å få lagt inn tre nye toppar i samlinga mi på Bergentopp 200.

Klokka var halv eitt då eg gjekk av bussen på Fanaseter. Stien eg skulle gå på hadde eg vore så vidt innom før, men den gongen måtte eg snu på grunn av at eg blei for våt på føtene.  No gjekk eg derimot med nye sko og gamasjar, så eg satsa på at det ville gå betre denne gongen.
 
Det låg enno ein god del snø igjen denne marsdagen. Men først og fremst var det mykje is. Særleg på stien. Eg synest det er veldig flott i furuskogen bak parkeringsplassen ved Fanaseter, og all isen i dag var eigentelg ganske fin han òg.  Men eg hadde dessverre ikkje broddar, så det gjaldt å vere litt forsiktig med kor eg sat føtene.
 

Alle stiane på Fanafjellet er utruleg gjørmete. Mykje meir enn andre stader. Eg har alltid lurt på korfor det er sånn. Sjølv om det var mest is i dag, så var det likevel plussgrader og rennande vatn under isen. Men det gjekk no greitt å komme seg nedover stien for det.
 
Hamresåta var første mål. Eg følgde derfor stien nedover til eg kom til ei myr med nokre strømledningar over. Her måtte eg ifølge kartet ta av frå stien for å komme opp på Hamresåta. Men det viste seg at det faktisk gjekk ein bitte liten sti der likevel. Stien var delvis dekka av snø, så det var ikkje så lett å sjå at det eigentleg var ein sti. Men stien tok meg akkurat dit eg skulle: til topps på Hamresåta.
 
No var det på tide å ta fram Norgeskart-appen for å finne ut heilt sikkert at eg var på rett stad. Eg skulle jo tross alt legge ut denne toppen på nettsida mi, så då er kvalitetssikring viktig. Men dessverre var det ikkje noka dekning på mobildata her, så då eg starta Norgeskartet gjaldt å reagere så fort som mogleg. Appen slettar karta dine automatisk etter to veker, fordi Statens kartverk krev at den skal gjere det. Du må deretter laste ned nøyaktig dei same karta på nytt, noko som ikkje er lett utan dekning. Eg lurer på om det er fordi kartverket er vonde og vil at folk skal gå seg vil at dei krev det. Eller om dei berre har inngått samarbeid med statseigde Telenor for å få folk til å bruke meir datatrafikk. Eg kan ikkje sjå nokon annan grunn til at dei skal krevje det. Men eg reagerte i alle fall raskt nok, og rakk å trykke på «avbryt sletting» før dei viktigaste karta mine forsvann. Og, ja, som venta var eg på rett plass.
 

Eg hadde trudd at Hamresåta var ein stad der knapt noko menneske hadde sat sin fot, men eg blei ganske overraska over å få sjå at her sto det ein benk. Og ikkje berre det, det var til og med postkasse her med «gjestebok».  Så eg sat meg ned på benken og tok ein liten rast.
hamres1.jpg 
 
Joya Alpine Grip er utruleg deilege sko å gå i. Men det er også alt. Elles er dei ikkje noko å skryte av. Produsenten hevder at dei er vatntette, men det var dei berre i éi uke. Dei bruker nemlig Proof Tex, og det er noko herk. Mykje dårlegare enn Gore Tex. Så no sat eg her på denne benken, med klissvåte sko og bytta til tørre sokkar.
 

Samtidig bladde eg litt i gjesteboka. Her var det ei som skreiv at ho anbefalte den nye turstien rundt Jordavatnet. Det var jo nettopp rundt Jordavatnet eg hadde tenkt å gå, og eg hadde rekna med at det ikkje var nokon sti der. Men kunne eg gå på sti, var det jo desto betre.
 
Men eg såg ingen sti vidare frå Hamresåta. Så eg la heller i veg nedover rett frå der eg var. Kor utruleg mykje tyngre det eigentleg er å gå der det ikkje er sti. Ikkje berre er det meir vegetasjon og meir ulendt terreng å bryte seg gjennom. Men du kan fort bli nøydt til å snu for å gå tilbake og finne ein betre veg.

Det skjedde med meg då eg var nesten nede ved Jordavatnet. Eg kom til ei skråning full av einekratt. No er det vel ikkje så mange flått ute i mars, men eg føretrekk likevel å gå utanom dei verste kratta. Og hadde eg gått ned denne bakken, så måtte eg berre ha gått opp igjen ein ny bakke rett etter på. Nei, då var det betre å gå litt tilbake igjen, og heller gå opp på toppen av ryggen. Då ville eg både sleppe alle einekratta, og også den ekstra turen ned og opp. Som sagt så gjort, og jammen fann eg ikkje også ein sti oppå denne ryggen.
 
Vel tilbake på sti, gjekk det mykje raskare å gå igjen. Eg var snart framme på eit markert trigonometrisk punkt som heiter Teraleitet. Dette er ein fin plass, men eg hadde ikkje tid til å ta pause no. Eg var våt på føtene igjen, og det begynte å bli kaldt. Så det var eigentlig på tide å komme seg vidare.  Kanskje burde eg også skippe Sveåsen for å komme raskare heim.
 
Men då kom eg plutseleg til ein liten bakke, der stien verkeleg hadde ei gigantisk mengde is på seg. Her kunne ein ikkje ein gong ha gått ned med verdas beste broddar. Men det var greitt nok, eg kunne jo berre gå på sida av stien for der var det ikkje is. Sia det var litt bratt, sat eg handa ned på graset for å støtte meg, mens eg gjekk forsiktig ned bakken.
 
Men under graset var det ingenting. Handa mi gjekk rett gjennom graset, og eg falt sideveges ned i ein liten sprekk. Rett ned på ein liten trestubbe som smalt inn i sida på brystet mitt.
 

Den trestubben gav meg eit skikkeleg slag. Det tok nokre sekund før eg klarte å reise meg igjen, mens eg tenkte stygge tankar om den personen som hadde hogd dette treet. Og dette blei fallet som fekk begeret til å flyte over: Det blei ikkje nokon Sveås på meg i dag.
 
Derimot skulle eg definitivt opp på Lauvåsen. Og då eg kom til foten av Lauvåsen, så såg eg at stien delte seg. Den største stien gjekk mot høgre, på nordsida av åsen, langs bredda av Jordavatnet. Men den merka stien gjekk mot venstre. Eg følgde ingen av dei, men gjekk rett fram opp på Lauvåsen i staden for.
 
Det viste seg at Lauvåsen er delt i to. To forskjellige, ganske markerte toppar.  Eller kanskje det eigentleg er to forskjellige åsar. Uansett, så var ikkje toppunktet på den toppen eg kom opp på først. Til gjengjeld var det veldig fint her. Men eg var sliten og våt på føtene, så eg orka ikkje å utforske denne toppen også. Det var berre å gå vidare, ned på andre sida av toppen, også opp igjen på den neste. Til mi store overrasking, så trefte eg på stien igjen i dalen mellom desse toppane.
 
Vel oppe på toppen av Lauvåsen var det mange høge tre og dårleg utsikt. Eg tok nokre bilde her, men snudde deretter og gjekk ned igjen med ein gong. På veg ned fekk eg endeleg utnytta snøen for alt han er verd. Det som er så gøy med å gå tur om vinteren, er at du kan ake når du skal ned! I alle fall når det ikkje er nokon andre i nærleiken. Det var stort sett ikkje så mykje snø igjen denne dagen, men i bakken opp til Lauvåsen låg det faktisk ein del. Så då blei det aking!
lauvas1.jpg
 
Då eg var nede i dalen igjen, så følgde eg stien vidare. Og eg må få seie at i den litle dalen mellom dei to Lauvås-toppane, så var det utruleg flott! Ved enden av dalen tok stien ein skarp høgresving, og gjekk så ned til Jordavatnet igjen.
 
Då eg kom til vatnet, var eg verkeleg blaut på føtene. Det var omtrent 20 minutt til klokka var halv fire. Viss eg hadde flaks, så ville eg rekke bussen som gjekk då. Viss ikkje, så måtte eg vente ein time på den neste, noko som ikkje var særleg fristande med kalde og våte føter! Men spørsmålet no var kor lang tid eg eigentleg hadde på meg før bussen gjekk. Eg visste berre at han gjekk ca. halv fire, men eg hugsa ikkje det nøyaktige klokkeslettet. Det kunne godt ha vore både ti på halv eller ti over halv. Ettersom eg ikkje hadde med meg noko rutehefte, var det på tide å opne Skyss-appen for å finne det ut.
 
Men det var fortsatt ikkje dekning for mobildata. Eg prøvde å gå inn på «sist brukte»-funksjonen i appen, men han virka som vanleg ikkje. Her sto det nemleg ingenting. Skyss-appen er plagsamt amatørmessig laga. Han er veldig nyttig, men samtidig full av feil og manglar. Det er ein skandale at Skyss ikkje har fått laga noko betre enn dette!
 

Så då var det berre å gamble. Eg begynte å gå oppover på den store (og gjørmete) stien som gjekk tilbake til Fanaseter, og viss eg hadde flaks så ville eg rekke bussen. Eg prøvde å springe litt, men det var ikkje lett med så mykje is. Då eg kom så langt opp at eg høyrde biltrafikken, blei eg skikkeleg nervøs kvar gong eg høyrde ein stor bil som fór forbi. Og då eg endeleg var ute på parkeringsplassen, så kunne eg endeleg laupe dei siste metrane bort til busstoppet.
 
Eg sto og venta på busstoppet i fem minutt, redd for at eg ikkje hadde rekt det. Men då kom bussen endeleg. Glad og fornøgd kunne eg sette meg inn i varmen.
 
Etterpå viste det seg at turen hadde gitt meg både ribbeinsbrot og forkjøling. Men det var nesten verd det. Dette var ein veldig fin tur, og eg ser fram til å komme tilbake til dette området ein annan gong.

Vis rapporten i Turkartet

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Utrolig bra nettside du har laget. Midt i blinken for folk som bor i Bergen. Ble inspirert når jeg leste om de forskjellige toppene.

 

Håper du fort blir frisk igjen og klar for nye fjelltopper i Bergen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.