Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Som ringevakt med tilnærma fast arbeidstid i posten har det ikkje akkurat vore mykje fritid dei siste vekene,,, irritasjonen var difor halvvegs der då eg fekk fri fredag, men ikkje laurdag... der rauk den sjansen til ein litt lenger tur,,,
Men er det sol i Bergenstraktene lyt ein nytte seg av ho i år... så eg tok joggeturen til gullfjellstoppen kvelden før som oppvarming, og pakka sekken for å prøve meg på eit fjell eg aldri har toppa til fots før; Fuglafjellet på Kvamskogen, det høgaste i området...
Ruta til Arnt Flatmo har vore studert før, og ein rask titt var nok til å skjøne omtrent kor eg skulle, så då var det berre å legge i veg oppover Steinskvanndalen (sparar 30 kr på å parkere ved vegen...) forbi nervøse kalvar, og dumme sauar,,, alltid like lurt å flykte langs stien eg går på...
Opp Gråurdaskaret var det passe snøfritt, og det gjekk greitt å komme seg opp... og vel oppe dukka ei einsam rype fram under helleren som ligg der oppe, og spaserte litt smånervøs avgarde.
No vel oppe i snøen, som forøvrig er fast og fin, var det berre å spasere innover mot nye bratter, og einaste problemet var ei snøbru som heldigvis seg å være heilt trygg,,, Denne vart unngått på nedturen...
Med såpass med snø som det er no er nok turen lettare enn ellers, sidan eg tildels kunne spasere rett frå fonna og over på kantar som tydleigvis låg eit stykke over bakken,,, det er tildels ganske bratt, men alt gjekk fint, og vel over dei verste kneikene viste det seg å vere mykje kortare til målet enn forventa,,, vel oppe tok eg nokre bilete som viste seg å vere betre enn frykta då eg fekk dei inn på dataen,,,
vel nede i dalen att var det tid for å skifte tilbake til den glimrande batikkfarga hærens helsetrøye, kjøp på fretex,og farga av ei venninne, og sjølvsagt solkrem,,, kanskje litt seint når eg nesten er av snøen att??
men ein flott tur hadde det vore,,,
det er dog verd å merke seg at elvene på kvamskogen er store no, sidan snøen smeltar i høgda for tida... difor var eg glad eg hadde med meg stauren min då eg måtte vasse over ei elv på veg ned att...
alt i alt ein herlig fridag, og eg må få anbefale turen til andre lokale heltar og heltinner!

Vis rapporten i Turkartet

Annonse
Skrevet

Fuglafjellet har jeg vært på en del ganger, men da helst på skitur fra Kvamskogen. Jeg har da som oftest gått over Myklavatnet og gått videre til Såtalendafjellet (1260 moh). Nedkjøringen herfra mot Kvamskogen er upåklagelig.

Fuglafjellet (1334 moh) er det høyeste fjellet i området og gir upåklagelig utsikt i alle retninger. En høstdag, til fots naturlig nok, med særdeles klar luft så jeg en bre mot nord-nordvest. Den gangen trodde jeg det var Jostedalsbreen eller Jostefonni. Eller var det kanskje Fresvikbreen :D Er det noen som har en idé om hva man ser derfra :)

Forøvrig likte jeg skiterrenget på nordsiden av RV7 over Kvamskogen mye bedre enn sørsiden.

Skrevet

Og så heiter det ikkje Såtalendafjellet... Samningene kallar det Såta, og kvemmingane kaller det Iendefjell (dvs iendefjell)...

I samme sleng kan eg vel legge til at eg blir oppgitt når folk kaller Byrkjeseter for Bjerkeseter...

Og selvsagt er det best på nordsiden, er ikkje for ingenting at hytta vår ligg på den sida,,, var første gongen min til fots på Fugalfjellet, før har eg berre gått på ski, då over Myklavatn osv...

Ein kan sjølvsagt gå til Fuglafjellet nesten denne vegen og... Opp Sunnvordalen, evt over Botnanuten, Goddalseggjene, Fotasperrnuten og SKolapp til toppen av Gråurdaskaret og innover langs ruta eg gjekk igår...

Den Ultimate turen må vel vere Fuglafjellet og Tveitakvitingen på ein dag?

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.