Agnar Skrevet 23. juni 2005 Skrevet 23. juni 2005 I går var det bokslepp for ei ny turbok, med 267 turforslag frå heile Sogn og Fjordane. Boka er illustrert med masse flotte bilder, og omtale av turane. Alle turrutene er teikna inn på flyfoto av turmåla. Stor variasjon i vanskegrad, frå Fanaråken til øyvandring på kysten. Litt tung å ha med i sekken, men ei flott bok som gir inspirasjon til dei som vil utforske dette fylket. Les meir her: www.bt.no/kultur/litteratur/article379262 Siter
Svein Skrevet 23. juni 2005 Skrevet 23. juni 2005 Bok etter samme prinsipp som "Fotturer på Sunnmøre" og "skiturer i Sunnmørsalpane - fjella vest for Hjørundfjorden" (Iriss forlag) virker det som. Bruk av flyfoto er genialt til ruteillustrasjon, får gjerne andre/bedre bildevinkler også. Dette vi virker absolutt som ei spennende bok... Stor er den også med sine 600 sider... finner kanskje noen grensefjell mot Sunnmøre også i den Siter
Agnar Skrevet 23. juni 2005 Forfatter Skrevet 23. juni 2005 ... Stor er den også med sine 600 sider... finner kanskje noen grensefjell mot Sunnmøre også i den Det gjer du, veit du. Flofjellet i Stryn, og Honndalsrokkjen, f.eks. Frå sistnemnde har du fin utsikt rett til Ålesund. Siter
Svein Skrevet 23. juni 2005 Skrevet 23. juni 2005 Flofjellet i Stryn, og Honndalsrokkjen, f.eks. Frå sistnemnde har du fin utsikt rett til Ålesund. Vært der og sett hjem... Ser den godt fra Hatlane, i enden av Hjørundfjorden. Elegant Siter
Stuttjukken Skrevet 23. juni 2005 Skrevet 23. juni 2005 Eg har tenkt å kjøpa boka "Opptur", Agnar. Eg høyrde om den for ei tid tilbake, og har fått litt tid til å gleda meg til boka kom ut. Forfattaren av boka, Anne Rudsengen, austlending som gjorde vestlending av seg, er ingen kven som helst. Ho arbeider hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Miljøvernavdelinga, på Leikanger i Sogn. Etter at Stølsheimen Landskapsvernområde vart oppretta, har ho arbeidd med forvaltninga av dette området og andre verneområde i Sogn og Fjordane. Ho har vore og er ein aktiv brukar av naturen i fylket, og er ein solid ressurs slik. På 1990-talet vart eg innkalla til møte med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, for å snakka med henne. Ho held på og utarbeida ein "Forvaltningsplan for Stølsheimen Landskapsvernområde" (kan tingast hjå Fylkesmannen der). Sidan oppsynsmannen for verneområdet, Nils Kvamme, kjende til meg, ba ho meg koma med biletmateriale frå Stølsheimen, som eg sat på. Allereie den gongen hadde eg halde på med fotoprosjektet midt i Stølsheimen i nokre år, (byrja i 1994, og no vonar eg heimesida mi snart er på nettet). Nokre bilete av meg vart brukt i planen. Under møtet opplevde eg at eg snakka med ei oppegåande og engasjert kvinne, levande oppteken av arbeidet sitt og naturen i Sogn og Fjordane. Sjølv om ho er tilflyttar, sit ho på meir kunnskap om naturen i Sogn og Fjordane enn mange som har budd der heile livet. For orden skuld nemner eg at eg ikkje har noko med biletmaterialet i boka hennar og gjera, og eg gler meg til og kjøpa den og sjå boka. Helsing Stuttjukken. Siter
Agnar Skrevet 23. juni 2005 Forfatter Skrevet 23. juni 2005 I kappittelet om Vik er det fleire turar inn mot Fresvikbreen og Stølsheimen, så her vil du nok kjenne deg igjenn. Anne er ein flott person, og har gjort ein kjempejobb med den nye boka. Ho arbeider i dag i Direktoratet for naturforvaltning, i Statens naturoppsyn. Der har ho ansvaret for oppsynet med Jostedalsbreen Nasjonalpark, pluss nokre mindre naturreservat. Siter
Stuttjukken Skrevet 23. juni 2005 Skrevet 23. juni 2005 Stemmer det, Agnar, for eg gløymde å notera at ho har skifta arbeid. Helsing Stuttjukken. Siter
Tom Skrevet 30. juni 2005 Skrevet 30. juni 2005 Dette høres veldig flott ut. Den ønsker jeg meg. Siter
jarle Skrevet 1. juli 2005 Skrevet 1. juli 2005 vil ha! vil ha! men i konkurranse med klatretau, klatresko, jakt, osv ligg nok bøker eit stykke bak,,, noen som har lyst å bli mine finansielle velgjørere? Siter
Stuttjukken Skrevet 2. juli 2005 Skrevet 2. juli 2005 Jarle, eg har allereie vore innom Arna Bokhandel på Øyrane Torg i Arna, og no tingar dei denne boka inn til butikken. Den kjem om nokre dagar. Boka er dyr (ca. 450 kr.), men me som VIL ha boka diskuterer ikkje pris her. Boka er verd kvar krone. Helsing Stuttjukken. Siter
jarle Skrevet 2. juli 2005 Skrevet 2. juli 2005 kontoen min seier 42.50, eg får lønn den 12. juli... så vert uansett ikkje med det første,,, Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.