Agnar Skrevet 16. juni 2005 Del Skrevet 16. juni 2005 Kanskje det er håp om at det vanvittige prosjektet på Kalda Kari ikkje blir realisert allikevel. Les: www.sognavis.no/lokale_nyhende/article1632263.ece Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Anonymous Skrevet 16. juni 2005 Del Skrevet 16. juni 2005 http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/4830410.html sikkert stor sjanse for at "de store bygutta" kan komme opp med noe konstruktivt til bygde-norge. Enkelt å sitte i oslogryta å bestemme over bygdene!!! Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
pjacklam Skrevet 16. juni 2005 Del Skrevet 16. juni 2005 http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/4830410.html sikkert stor sjanse for at "de store bygutta" kan komme opp med noe konstruktivt til bygde-norge. Enkelt å sitte i oslogryta å bestemme over bygdene!!! Det som i alle fall er enkelt er å forklare avslaget med at Direktoratet for naturforvaltning ligger i Oslo - underforstått at de derfor ikke vet noe om hvordan det er å leve utenfor Oslo by. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Erik Skrevet 16. juni 2005 Del Skrevet 16. juni 2005 Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Stuttjukken Skrevet 17. juni 2005 Del Skrevet 17. juni 2005 Kaldakari, Kalda Kari, vonar ho er kald nok for dei utbyggjingskåte for helikopter, kafé og kanskje gondol, slik at planane vert skrinnlagt. Eg har drive på med stirydding og stimerking i liten målestokk, men dette er altfor voldsamt og realiera i sårbar bre-natur. Idéen om Kaldakari kom for ein del år sidan. Kanskje samfunnet etterkvart er så absurd at veitastrendingane må ty til slike tiltak for og overleva. Det må gå an og tilretteleggja for folk i utgangsstrok, slik at dei kan skaffa seg levemåten i denne bygda utan slike drastiske tiltak. Veitastrendingane prøver å få dette til, då tradisjonell jordbruk ikkje kastar nok av seg lenger til og leva av. Det skal ikkje slåast hendene av veitastrendingane, men det trengst tiltak slik at veitastrendingane kan livnæra seg godt utan slike prosjekt. Absurd samfunn, ja. Helsing Stuttjukken. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Anonymous Skrevet 17. juni 2005 Del Skrevet 17. juni 2005 Det som i alle fall er enkelt er å forklare avslaget med at Direktoratet for naturforvaltning ligger i Oslo - underforstått at de derfor ikke vet noe om hvordan det er å leve utenfor Oslo by. Hei! Direktoraet ligger i Trondheim! Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
pjacklam Skrevet 17. juni 2005 Del Skrevet 17. juni 2005 Hei! Direktoraet ligger i Trondheim! Ser man det. Jeg antok at Gjest visste hvor direktoratet lå og bare fulgte opp uten å sjekke nærmere. Peter Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Carl S. Bj Skrevet 20. juni 2005 Del Skrevet 20. juni 2005 Det som i alle fall er enkelt er å forklare avslaget med at Direktoratet for naturforvaltning ligger i Oslo - underforstått at de derfor ikke vet noe om hvordan det er å leve utenfor Oslo by. Det går nå an å sitte utenfor Oslogryta og synes Kalda-Kariprosjektet, heis til Skåla etc. er på trynet. Det er snarere å drite på draget og rive ned det imaget som vi burde satse norsk reiselivsutvikling på. Rewnt objektivt vil jo helikopterlandingsplass 100 m utafor grensen til nasjonalparken ha store effekter inne i parken da. Det er klart - man kan tjene penger på mye. Men bør det at noe kan lønne seg økonomisk være eneste kriterium? Gamle Zappfe sa vel det meste i "Farvel Norge" i den henseende. Se http://www.adrenaline.no/vandre/2005/zapffe/index.htm - om du er så utafor at du ikke har "Barske glæder" i bokhylla Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Anonymous Skrevet 8. juli 2005 Del Skrevet 8. juli 2005 Har med interessse følgt debatten der nikkersadelen uffar seg over Kalda-Kari prosjektet, og ynskjer legge føringar for kva vi skal drive med på Veitastrond. Det kan vere grunn til å minne om at dette prosjektet i følgje underskriftsaksjon er støtta av over 90% av alle fastbuande i bygda. Prosjektet er vidare støtta av Luster Kommune, eit samstemt fylkesutval i SogFj, dei største partia i fylket, Bondelaget, Handikapforbundet reiselivet ( t.d. RBL , Noges Turistråd) og mange fleire. Med dykkar haldningar syner de ein suveren forakt for lokaldemokratiet. På Veitastrond veit vi svært godt kva helikopter er og kor lite dei bråkar, blant anna etter ei omfattande turistflyging i 2001 med mange 100 flygingar utan ei einaste klage. Når det gjeld tilråinga til Direktoratet så er dette eit "makkverk" fullt av faktiske feil. Det kan vere verdt å merke seg at juridisk avdeling i Luftfartstilsynet er komen med ein skarp reaksjon i fortold til tolkinga som Direktoratet har gjort av Motorferdeslslova/Luftfartslova. Det som Direktoratet skriv om Randsonene er og i høgste grad oppsiktsvekkande og heilt utan heimel i lovverket. Dette er er av Luster Kommune, brakt inn for USS. Følgjen av påstandane til Direktoratet vil vere at heile Veitastrond er verna. Eg trur at både de og Direktoratet må ta inn over dykk at ei grense, faktisk er ei grense og når det gjeld Nasjonalpaken. I følgje Direktoratet er Veitastrond i dag senter for klassisk tinde og breturisme i Noreg. Dersom dette er sant må det stå usedvanleg dårleg til med denne type turisme for her hjå oss er det knapt ein turist.. Mange av haldningane de målber vert i andre deler av landet kalla "naturvernfascisme", dette ordet skal eg ikkje bruke, men spar oss for lettvinte løysingar som at nokre ryggsekkturistar, ned ryggsekken full av knekkebrød og saftkonsentrat på nokon måte vil kunne få ei monarleg positiv betydning for utviklinga ibygda vår, som no diverre går den galne vegen. Ei direkte følgje av ei avslag frå Md vil vere at butikken vår stenger dørene til hausten Tykkjer ellers det er feigt at de ikkje kan skrive under fullt namn. Asbjørn Nes Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
kjellinge Skrevet 8. juli 2005 Del Skrevet 8. juli 2005 Kom ikkje her med det derre nikkersadel fjaset. Det blir berre for latterlig. At det på eit forum som dette blir uttrykt missnøye mot eit slikt prosjekt som de har på gong i Veitastrond er jo sjølvsagt. Dette er eit forum av natur-elskarar og -nytarar og langt dei fleste ynskjer helikopterduren ein viss plass når dei er på tur. At helikopter bråkar lite er pisspreik. Eg for min del tykkjer dette er eit tåpeleg prosjekt fordi uavhengig om det hadde vore midt i nasjonalparken eller så langt vekke frå den som mogleg. Dette er ein form for turisme eg ikkje kan fatta og begripa at me ynskjer å begynna med i Norge. Eg vil ikkje ha den her. EG drit i kva lokalpolitikarar og fylkets største parti måtte meina. Eg tykkjer helikopterturisme er ein uting. Det har vel komme fram eit og anna kring dette "faktum" at "heile" bygda står bak prosjektet. Press frå bygdas største kjeftar kan vel skremma mange til å meina noko anna enn dei eigentleg meiner. Å ikkje skrive sitt fulle navn på nettet er vel å rekne som fornuftig oppførsel. Å oppgi sin fulle identitet over alt på nettet vert ikkje sett på som så veldig lurt. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Agnar Skrevet 9. juli 2005 Forfatter Del Skrevet 9. juli 2005 Vanleg propagande frå Asbjørn Nes dette her. I mangel på saklege argument vert dei som er i mot prosjektet hans karakterisert som nikkersadel og rygsekkturidstar. At 90 % av dei fastbuande er for prosjektet er greit, men kva med dei 10 siste prosentane. Vi les i avisene at dei føler seg utstøtte, og tek ikkje lenger del i det sosiale livet i Veitastrond. Når 9 av 10 er for, den eine ikkje tørr å opne kjeften, og som du skriv det finst ikkje turistar i bygda, så er det vel ikkje så rart at det ikkje kom klage på turistflyging i 2001. Du nemner alle som er for prosjektet, men kanskje du skulle ta med dei som har gått i mot det òg. Ang. turistar i Veitastrond, det er berre ei veke sidan 38 gjekk over breen frå Fonn til Tungastølen. Ei turisthytte som nok har sett sine beste dagar. Og Tungastølen var ein gong viktig i utviklinga av breturismen, då DNT hadde base for avvikling av brekurs. Tenk om Veitastrondingane kunne ha satsa på utvikling av denne formen for turisme, slik som så mange andre bygder rundt breen har gjort. Det er berre å sjå på nabobygda Jostedalen, kva ein har fått til der. Det mest interessante er argumentet med butikken. No er det altso Kalda-Kari prosjektet som skal redde butikken. Det er vanskeleg å få det til å rime at desse turistane som skal bussast inn til Veitastrond, for så å bli frakta med helikopter opp i fjellet, skulle legge att så veldig mykje pengar i ein landsens daglegvare butikk. Det kan sjølvsagt bli litt handel alle dei dagane været er for dårleg til at helikopteret kan fly, slike dagar er vi som kjent velsigna med ganske ofte her på Vestlandet. Det skulle ellers vore interessant å vite korleis denne trafikken skal gje arbeidsplassar på Veitastrond. Er det venta at helikopterflygarane skal busette seg i bygda? Det er i det heile vanskeleg for oss som er i mot dette prosjektet å sjå at dette kan vere med å redde eit lite bygdesamfunn frå stagnasjon og fråflytting. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Anonymous Skrevet 10. juli 2005 Del Skrevet 10. juli 2005 Livet er vel kanskje for kort til å bruke tid på å svare feige "knehøner" som anonymt går til åtak på meg personleg i staden for å diskutere saka. Eg vil likevel avsetje tid til nokre komentarar. Det er trist å lese kva kjellinge skriv :"eg drit i kva lokalpolitikarane meiner ..." kjellinge seier i røynda med klare ord det vi har registrert lenge. Både DNT, Naturvernforbundet m.f. drit i lokaldemokratiet og om det bur folk på Veitastrond eller ikkje i framtid. Naturvernet skal styrast av ein elite hjå Fylkesmannen, DN og MD. Med slike haldningar er eg redd for at de må finne dykk i, enten de likar det eller ikkje, å bli stempla som naturvernfascistar. Til Agnar vil eg gjerne seie at turisthytta på Tungestølen er eigd av oslofolk, og det er lite vi kan gjere med det. Det er likevel ein realitet at DNT to gonger har vore spurde om dei vil overta hytta, men dei har begge gongene takka nei fordi det var økonomisk uinteressant. Meiner du då at veitastrendingane skulle overta hytta og dermed jobbe gratis for at du og dine likesinna skal nyte "stilla" ei veke om året. Kva så med Jostedalen. Det er svært urettferdig å samanlikne Jostedalen og Veitastrond. Jostedalen har namnet knytt til breen og vegen inn der er ein motorveg samanlikna med veitastrondsvegen. I konkuranse om stort sett det same produktet er vi dømde til å tape. Bereane på Veitastrond er dessutan som de kjenner til vanskeleg tilgjengelege. (kanskje vi skulle byggje ein bilveg inn Austerdalen og heilt fram til Odin og Tor for å konkurere med Nigardsbreen?) Men står det eigentleg så bra til i Jostedalen? I følgje statestikken vert barnetalet i i skulen i Jostedalen redusert frå 45 til 29 fram til 2004. De har tydlegvis registrert at styremedlem i Naturvernforbundet i SogFj gjekk ut i media med ei tåredryppande livshistorie tidlegare i vår. Dei aller fleste av påstandane vart seinare demanterte, med dette har de diverre ikkje fått med dykk. På Veitastrond registrerar vi ellers at garden der styremedlemet bur no ivrar sterkt for ei større kraftutbygging med "hylande turbinar" på den same stølen som ho var så ottefull for (under ugunstige verforhold) skulle bil forstyrra av helikopterklapp i det fjerne. Samstundes har ho invistert i den største ATVen som er å få kjøpt i landet. Til slutt: Eg kjenner mange kjekke turfolk. Sjløv om vi kan vere ueinige i sak, ser eg på mange av dei sopm "heil ved" , som ikkje treng skjule seg bak anonyme lesarinnlegg som dei brukar til å sverte personar og lokalmiljø. AN Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Anonymous Skrevet 10. juli 2005 Del Skrevet 10. juli 2005 Retting: Barnetalet i Jostedalen vert redusert frå i dag 45 til 29 i 2009, og dette er eit godt parameter på "helsetilstanden" i dalen. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
kjellinge Skrevet 10. juli 2005 Del Skrevet 10. juli 2005 hehe..trur ikkje du er verdt å bruka tid på heller - du er ein artig kar. heh. - kor fant du åtak på deg personleg ? Tviler veldig på at me ynskjer eit samfunn der nokon skal diktera kva meinigar andre skal ha. Argumentasjonen til lokalpolikarane kan eg gjerne høyra på, men eg drit i kva dei meiner i den forstand at eg lyt nesten gjera opp mi eiga meining. Du kan vel kalla meg både knehøne og naturvernfascist eg tar vel ikkje det så tungt. Men det er vel og noko av dei sterkaste argumenta du har prestert til no, så du har nok ikkje så mykje å fara med. Spørsmålet du kanskje kan svare på er kor mange arbeidsplassar dette skal gje Veitastrond ? Kor mykje kan dette auka omsetjinga på butikken de trur de skal redda med helikopter flyging til kaldakari ? Kva med å dokumentere dei gode effektane du tydeleg vis meiner dette prosjektet har ? Du kjem stadig tilbake til dette at me er annonyme (noko eg har grunngjeve så godt eg kan) og at me svertar personar og lokalmiljø. Dette er jo berre vås - ingen har sverta verken deg eller lokalmiljøet ditt. Kva er det du siktar til ? Du derimot har kalla oss for nikkersadel, knehøner og naturvernfacistar Veitastrond klarar vist godt å sverte seg sjølv. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Agnar Skrevet 21. oktober 2005 Forfatter Del Skrevet 21. oktober 2005 Rask reaksjon frå den nye miljøvernministeren. Då er dette prosjektet lagt på is ein gong for alle, og folket i Veitastrond kan konsentrere seg om noko meir positivt for bygda. http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article1790739.ece Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
ods Skrevet 21. oktober 2005 Del Skrevet 21. oktober 2005 Gud skje lov. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
thrill Skrevet 21. oktober 2005 Del Skrevet 21. oktober 2005 Rask reaksjon frå den nye miljøvernministeren. Då er dette prosjektet lagt på is ein gong for alle, og folket i Veitastrond kan konsentrere seg om noko meir positivt for bygda. Eg trudde folket på Veitastrondi såg på dette som positivt for bygda. Mi meining får de ikkje, til meir eg set meg inn i saka, til meir kompleks framstår ho. Uansett, taktisk av Hareide og utsetja saka til ei ny regjering. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Anonymous Skrevet 21. oktober 2005 Del Skrevet 21. oktober 2005 Ja dette var vel flott dere. En stor seier for alle mann regner jeg med. Foreslår at vi nå legger ned bygdenorge en gang for alle og kun holder åpent en par måneder om sommeren så de urbane byfolk kan få seg en uke i fjellet. Da kan jo bygdefolket stå klare på stabburet i bunad og servere rømmegrøt og kanskje spille opp noen folketoner for dem. At Hareide ikke ga svar viser jo hvor utrolig feig han er. Enkelt å gi ansvaret over til de rød-grønne som vil ha små problemer med å avbefolke bygde-norge... amen--- Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Alek Skrevet 22. oktober 2005 Del Skrevet 22. oktober 2005 ja for alle bygder går vel dukken hvis de ikke får drive komersiell luftfart over sine naturommråder. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Anonymous Skrevet 24. oktober 2005 Del Skrevet 24. oktober 2005 kanskje litt på sida av debatten,men dette lesarinlegget står på trykk i Sogn Avis i morgon som eit svar på "leiaren" laurdag: I skuggen av Kalda-Kari Sogn Avis er på leiarplass laurdag ute og hoverar og feirar sigeren over Kalda-Kari. No når dette prosjektet omsider er over vil det kome fram mange nye og spanande prosjekt og den negative utviklinga på Veitastrond vil snu, meiner Sogn Avis. Eg trur diverre Sogn Avis tek feil – sørgjeleg feil. Ei tilnærma samla bygd har støtta Prosjekt Kalda-Kari, men dette prosjektet har på ingen måte stått i vegen for andre idear og prosjekt. I røynda har mest alt arbeidet med prosjektet vorte utførd av Bjørn Skovly og underteikna. Saman har vi truleg lagt ned 5-6 000 gratis dugnadstimar. Eg har i tillegg dei 10 siste åra (fram til mars 2005) vore leiar i Bygdalaget. Her har vi i praksis ikkje arbeidd med Kalda-Kari Prosjektet i det heile, men der i mot med ei rekke større og mindre prosjekt, blant anna kjøp av luftputebåt, bygdekveldar og liknande . Veitastrond Bygdalag var og vertskap for det såkalla Naturbruksprosjektet til Fylkesmannen. Eg hadde her gleda av å vere med å mobilisere heile bygda og på første samlinga møtte over 50 personar som alle ynskte å vere med å skape noko nytt i bygda. Diverre må vi etter to års arbeid berre konstatere at dette prosjektet (som så mange andre tilsvarande prosjekt) ikkje har skapt ein einaste ny arbeidsplass på Veitastrond. Etter mitt syn blir det heilt feil å legge skulda på Kalda-Kari Prosjektet for denne fiaskoen. Bjørn Skovly flytta til Veitastrond for om lag 10 år sidan. Med sin kreativitet, arbeidskapasitet og kunnskap har han på desse åra gjort svært mykje for lokalsamfunnet. Han har i tillegg til å etablere og bygt opp Sognefjordnet vore styreformann i ei rekke ulike selskap.. Han har og dei siste åra vore aktiv i bygdalaget og er no leiar. Vi kan ikkje forvente at han i framtida vil bruke like mykje av si fritid på uløna gratisarbeid for lokalsamfunnet som han har gjort fram til i dag. Det er med ei viss undring vi i Sogn Avis på laurdag las at ordføraren vår, Torodd Urnes, ikkje er skuffa over avslaget frå miljøvernministeren, men der i mot presiserar han (og er glad for ?) at Luster Kommune ikkje har brukt ei krone på Kalda-Kari Prosjektet. Veitastrendingane har tvert i mot spandert utallege måltid og helikopterturar på politikarane i samband med ulike møte. Dette står i grell kontrast til måten Kommunen opptrer på i forhold til andre bygder og prosjekt, t.d. Breheimsenteret , Handspikvegen, Harastølen, Gullringen og mange , mange fleire. Då kan det sjå ut som millionane sit heller laust. Det er mange som meiner at dersom Kalda-Kari Prosjektet hadde vore lokalisert i Jostedalen (heimbygda til næringssjefen) ville Kommunen sin velfylte pengebinge vore vidopen. Men no kan det altså sjå ut som dette prosjektet er over for godt. Den nye miljøvernministeren frå den raudgrøne distriktsregjeringa brukte berre fire dagar på å seie nei til Kalda-Kari. Og dersom de tek dykk tid til å lese heile avslaget vil de sjå at ho ikkje berre seier nei til Kalda-Kari , men og nei til all kommersiell turisme på Veitastrond. Miljøvernministeren har i realiteten gjort randsonene og dei såkalla inngrepsfrie sonene til ein del av Nasjonalparken. Dette vil og truleg setje ein effektiv bom for dei planlagde kraftanlegga i bygda. Det einaste vi no kan drive med på Veitastrond er såkalla grøn økoturisme som betyr mykje arbeid for ei luseløn. Dette vil aldri kunne få eit omfang som vil kunne påverke utviklinga i bygda. Kalda-Kari Prosjektet har alltid vore eit prosjekt med mykje mediefokus – på godt og vondt. Prosjektet er truleg over og blitslampane vert sløkte. Til nyttår stenger butikken ”vår”. Om nokre få år vert skulen vår lagt ned og bygda får døy i fred. Vi får håpe at sigersvinen som de no nyt hjå Fylkesmannen og i Naturvernforbundet, ikkje har alt for mykje bismak. Asbjørn Nes Siter Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.