Gå til innhold
  • Bli medlem

I fotefari åt Gjest Baardsen, tett på Fresvikbreen.


Stuttjukken

Anbefalte innlegg

Det var tidleg haustmorgon i Sogndal. Eg hadde overnatta hjå ein kamerat, og drog no med snøggbåten frå Fjøra (Sogndal) til Vangsnes. Drosjen til Fresvik var tinga. Vel framme på stølen Engi (300 m.o.h.) i Fresvik, skein soli mildt og fint oppe i brefallet i Fresvikbreen ovanfor Huldabotnen (Storedalen). Eit kjøleg drag gjekk gjennom Tundalen, og var med på å halda tempoet litt oppe. Det trongst då turen var lang. Skogen gav seg fort i Tundalen, og stien var lettgått. Vel inne i dalbotnen ventar oppstigningen frå 750 til 1350 m.o.h. På veg opp av Tundalen kom ein opp i solskinet og varmen. Den gamle buførevegen svinga seg oppover lenge. Vel oppe i Rjupaskarv, 1350 m.o.h., endra landskapet seg totalt. Fresvikbreen sende ut brearmane sine i mange retningar. Det var stein og snaufjell utan gras. Skulle tru ein var ved Jostedalsbreen eller på Svalbard her oppe i einsemdi. Brearmane Grytaskarvbreen og Langafonni vart kryssa den solrike septemberdagen. Begge brearmane er trygge for fri ferdsel utan tau, i motsetnad til sjølve hovudbreen (Fresvikbreen), nokre hundre meter unna. Eit fortyllande is- og bre-landskap breidde seg utover rundt meg. At denne vetle Fresvikbreen kunne omgje seg med så mykje "arktisk" landskap. I sør reiser Langafjellet seg, 1511 m.o.h., og bak den ligg Handadalseggi, 1431 m.o.h. På Handadalseggi er det eit fleire hundre meter langt fangstgjerde, brukt for over 1000 år sidan. Fangstfolk skremde reinen langs desse steingjerdene og fulgde gjerdet mot stupet og datt utfor. Dei daude dyra vart drege ned til Nærøyfjorden. Kanskje var denne verksemdi grunnen til namna Drego, Dregalii og Dyrdal. Gamle fangsgjerde er det fleire av her inne, og somme av dei forsvinn inni Fresvikbreen. Dette tyder at breen var mindre eller borte i denne tida. Elles må det nemnast at Langafjellet har flott utsyn mot Fresvikbreen, og litt nord for fjellet utsyn ned på Sognefjorden og Sogndal Flyplass på Haukåsen (der TV2 sin Farmen 3 vart spelt inn).

Etter at Fresvikbreen vart passert, bar det ned ein flott fjelldal. Etter at den store Fresvikvarden var passert bar det ned i ein stadig grønare dal. I kveldinga var Fresvik-Jordalen nådd, med sine mange stølar. I den siste rest av sollys og raude skyer var det berre å sjå mot det staselege Blåfjellet, 1548 m.o.h. Vel nede til Fresvik-stølen Øvstedalen, 870 m.o.h., var det berre å rusla nedover grusvegen nedover dalen forbi stølane til eg var ned att til bilen, som har stått der sidan dagen før. Då gjekk eg over fjellet og ned til Dyrdal i Nærøyfjorden, og tok ferja til Kaupanger, og drog til Sogndal.

Gjest Baardsen held fram nedover Jordalen, og gjekk over Naoli (Nåli) til Sivle (der diktaren Per Sivle ættar frå) og Stalheim. Det gjorde Dag Lindebjerg med film-teamet óg, som vart send ut på NRK for ei tid tilbake.

God tur til eit område utan tilretteleggjing, og med lite ferdsel. Her får de vera åleine om de vil. (Snakk til om de vil vita meir om dette området. Det er mykje eg ikkje veit, og eg har ikkje gått innover Fresvikbreen endå (det gjer eg ikkje åleine), men eg kan fortelja det eg veit).

Julia, ta med deg Morten til Jordalen og Fresvikbreen. Etter Lærdalstunnelen er turen kort frå Skrautvål, og nokre minutt forbi Gudvangen, på fylkesgrensa, køyrer de opp til høgre (mot nord). Der ventar eventyret. For å ha nemnt det; frå mange toppar på Fresvikhalvøya mot Nærøyfjorden, ser de mykje av Jotunheimen der ute frå, og Jotunheimen ser flott ut derifrå. Ta bilete til den fine heimesida dykkar.

Helsing Stuttjukken.

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Det er fine sykkelruter og trekkja innover frå Nærøydalen og innover Jordalen, samt frå Stalheim og innover Brekkedalen, med veg over Tverraldskardet og ned i Jordalen. Ein kan sykla inn det eine dalføret og ned att det andre. Det er lite biltrafikk, men for bilistane har vegane bomavgift ovanfor gardane. Dessutan kan ein sykla frå Vik/Vangsnes og innover langs fjorden forbi Feios til Fresvik, og opp til stølen Engi. Det er fleire uopplyste tunnelar, så hugs lykt.

Fresvikbreen har nok lite sprekkar inne over platået, men det er godt med sprekker i brefalla, noko eg har sett både nede frå Engi, og frå Langafjellet, 1511 m.o.h. Dei fleste brevandrarane her går over til den kvasse ryggen (som ein tind) på austsida, nemleg Huldakyrkja ovanfor Huldabotnen. Eg ville ikkje teke sjansen på å gå åleine over breen, i motsetnad til at ein kan gjera det på den gamle buførevegen sør for breen. Kartet fortel at Fresvikbreen er 1648 m.o.h. breen har minka kraftig dei siste åra, og er nok lågare no. Det spørst om ikkje at ein her har det same fenomenet, som med Galdhøpiggen, og den tidlegare høgaste Glittertind, med breen oppå fjellet. Litt vest for breen ligg fjellet Nummestolane, 1640 m.o.h., på austsida av Seljadalen i Vik. Tiner ein ned Fresvikbreen, trur eg Nummestolane er det høgaste faste fjellet vest for Nærøyfjorden. Det er mange som, i motsetnad til meg, kjenner til sjølve Fresvikbreen. Kontakt Torstein Hønsi i Vik, han som har heimesida på søkjeordet "Vikjavev", med støls- og fjell-bilete frå området. Du kan óg kontakta Svein Ulvund på Voss, med heimesida på søkjeordet "Voss Now", der du kan finna fram bilete frå Fresvikbreen og Huldakyrkja (og høgdene rundt Nærøyfjorden, Vossefjella, Bergensbanen, m.m.). Desse kan leda deg vidare til fleire som kjenner Fresvikbreen. Sjekk óg ut heimesida til Grunde Engan med søkje-ordet "Sognafoto". Så har de arbeid i timar med å sjekka ut desse sidene, sider som eg ser på fast. Skal ein til Fresvikbreen på ski om vinteren, går dei fleste frå nordenden av Vikjafjellet (Fossestølen, om vegen er brøytt over fjellet), og inntil Muravatnet, over isen, over ved Svelgavatnet nord for Blåfjell, ned i Øvstedalen, opp att mot nordaust til Fresvikvarden og opp fjellsida nord for dalen og inn på breplatået ein stad. Ein kan gå på ski frå Nåsen i Jordalen, og innover heile dalføret. Ein kan gå frå Skard i Fresvik, over Jordalskardet, Langafjellet (1511), Rjupeskarv/Gryteskarv og opp på breen vest for Syringane. Alle vinterrutene er lange. Sjå Arnt Flatmo sine bilete frå skituren Vikjafjellet - Fresvikbreen, heimeside med søkjeord "Hordaland mountain".

Dei fleste som går frå Jordalen til Dyrdal ved Nærøyfjorden, går frå Leitevatnet ovanfor Fresvik-stølen Øvstedalen, og byrjar på buførevegen austover, forlet denne tidleg og går forbi Styvisdalsvatna, ned Styvisdalen sør for Handadalseggi med nemnte steinmur av eit fangstgjerde, og forbi Hjølmo, Drego og Dregalii til Dyrdal ved Nærøyfjorden, (avhengig av båt- eller ferje-anløp). Eg gjekk ikkje den vegen. Tenkte at ruta eg gjekk skulle vera hemmeleg..................nei, eg berre tulla. Eg gjekk opp frå Breiddalen støl og fulgde buførevegen mot Bakka ved Nærøy-fjorden til Vardane, toppen av Rimstigen. Så gjekk opp på Vasseteggi i nord, 1474 m.o.h., fulgde ryggen austover forbi eit bogastille og ned på Rimstigfjellet ved fjorden, 1296 m.o.h. Det bar vidare ned ryggen mot nord til inn i Breiskredklovi attmed Breiskrednosi, med liknande utsyn som Kjell-Inge har som bilete frå profilen sin. Der er det eit mektig utsyn ned i Nærøyfjorden. Så var det å kryssa platået nordover og gå ned den bratte fjellsida til stølen Vassete. Nedgangen er ikkje god pga. langsgåande hamrar ovanfor Vassete, men opningar finns sørvest for stølen, (gå like aust for bekken på kartet). Frå Vassete er det god stølsveg nedover dalen forbi Hjølmo og Drego til Dyrdal. Vassete er ei svært vakker naturperle, og verd å oppleva.

Andre turtips i området er følgjande:

-Vikjadalen i Jordalen - Ennebakken - Seljadalen i Vik.

-Tenoldlii eller Grønsberg i Vik - Rambera (1623 m.o.h.) - Nummestolane (1640).

-Toppane Blåfjell (1548) og Tverrbotnanuten (1611).

-Dyrdal - Torisstølen (ovanfor Drego) - Handadalen - Jordalskardet - Fresvik.

-Bakka ved Nærøyfjorden - Rimstigen - Vardane - Breidalen/Jordalen.

-Nåsen i Jordalen - Berdalen - Muravatnet/Vollafjellet - Gravvotn - Fyrjadn - Vik.

-Holo i Myrkdalen - Grungane - Dueskardet - Ytredalsvatnet - Urdaskardet - Nåsen.

-Feios - Feiosdalføret mot Svartavatnet under nordsida av Fresvikbreen.

-Jordalen-garden - Slettedalen - Giljanipi (1501) - Bakkanosi (1398). Osv.

Eg har prøvd den første og sjuande rute ovanfor, samt små brotsykker på nokre av dei andre, men har tenkt å gå meir her inne. Sist eg var i området, var i slutten av oktober i fjor. Då gjekk eg frå grusvegen frå Vikjafjellet og austover mot Muravatnet, og over i Kvanndalen på vestsida av Muravatnet. Det var ca. 10 cm. nysnø, sol og fint vêr, og flott utsyn ned i Sognefjorden.

Julia, Fresvikhalvøya ligg fjellstøtt der i vest den, så den er nok der når de får tid til ein tur der til. Eg gler meg til boka dykkar kjem ut.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jordalen har mange eigarar. Samanlikna med store dalar på Austlandet, er Jordalen eit kort dalføre på vel 2 mil. Likevel forsyner 3 kommunar seg av dalen, og tidlegare var det 4 kommunar i Jordalen.

-Strekningen Nærøydalen - Jordalen gard - Nåsen gard - Sendo (støl) og Kaostaidn (Kåstein støl) ligg i Voss kommune.

-Strekningen Røyrdotten - Breiddalen (buføreveg over Rimstigen til Bakka ved Nærøyfjorden) ligg i Aurland kommune.

-Strekningen Nedstedalen - Preststølen - Øvstedalen - Vikjadalen ligg i Vik kommune.

Før låg strekningen Nedstedalen - Preststølen - Øvstedalen i Leikanger kommune, då Fresvik og Feios høyrde til Leikanger, fram til at bygdene med fjella deira vart overført til Vik for nokre år sidan. Vikjadalen har lenge høyrt til Vik, til bl.a. storgarden Vange i Flatbygdi i Vik, der dei truleg framleis bufører gjeldkyrne (kyr som ikkje mjølkar) sine over Enne(-bakken) til Vikjadalen. Voss ligg i hordaland, og dei andre kommunane i Sogn. Då Fresvikjene buførte i Fresvik-Jordalen (gamle Leikanger sin del av Jordalen), var breen mykje større enn no, og slik opplevde nok Gjest Baardsen det óg. I dag er kryssinga av brearmen Grytaskarvbreen på berre 2-300 meter. Før var det nok snakk om over det doble, og truleg fleire brearmar, mot dei 2 i dag, og den andre er Langafonnbreen som heng bratt ned mot eit vatn. Langafonnbreen kan vera skummel og kryssa når snøfonna er steinhard etter nattefrost, dersom vatnet er ope. Det går godt an å mista festet og ramla nedover i vatnet. Anten får ein gå når snøfonna er mjuk i varmen, eller ha med isøks og stegjern her. Då stølsdrifta var i gong for lenge sidan, ramla ein hest ned i ein sprekk i Grytaskarvbreen, og kom fram ut av lang tid etterpå. Litt har eg fått høyra frå Fresvikjene.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...
Gjest Anonymous

Hei Stuttjukken.

Hvor er du fra som har så god kjennskap til dette området. Jeg bor i Oslo men har vært i området mange ganger siden jeg var liten gutt. Både fjellvandring og rypejakt, dratt med av fattern. Veldig rart at du skriver om dette området som jeg alltid har ansett som et fjernt sted for andre enn lokale folk.

Hilsen Terje Nummedal

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Terje Nummedal. Er du frå Nummedal i Seljadalen eller ein annan stad i Vik, eller kanskje frå Strónde? Eg kjem i frå nabokommunen til Vik, mot sørvest, nemleg frå Modalen på hi sio av Stølsheimen. Jordalen og fjella innover Fresvikhalvøya har eg kjent til lenge, og etterkvart som eg var i stand til å klara meg åleine i fjellet, drog eg fleire turar inn der i siste halvdel av 1990-åra. Eg har fleire turplanar i området der inne. De bur i Oslo, kvar hen? (Har sjølv budd på Sinsen og Uranienborg, nokre år. Gå gjerne inn på profil, der de finn e-post, m.m.). De finn nokre tema frå meg her inne, mest knytt til Stølsheimen.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...
Gjest Anonymous

Fresvikbreen er no ikkje farle. Tek meg ein lett joggetur over dan på sommarhalvåret ilag me hunden. E ikkje farlige sprikke dar. Du ser dei på lang acstand. Passelige hinder:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.