Gå til innhold
  • Bli medlem

Skitur i Øvre Frafjordheiane(Varmekroheia-Kjerag) 22.05 2005


Ragnar

Anbefalte innlegg

Starta litt seint på kjøreturen oppover søndags formiddag. Var oppe ved Øygardstøl kvart over ett, etter ein fin tur over fjellet frå Sirdal.

Varmekroheia
Det var lite/ingenting med snø nede ved Øygardstølen, så det frista lite å bære skia oppover mot Kjerag. Det blei difor til at eg gjekk innover anleggsvegen mot Akslaråtjørna/Store Tjodanvatnet eit par kilometer lenger oppe. Her var det også godt med snø. Gjekk så vidare mot linkstasjonen oppe på Varmekroheia. Måtte gå eit stykke rundt ein bekkedal, men kom opp på toppen kvart på tre. Her blåste det godt! Bak den eine hytteveggen var det imiddlertid ganske varmt i sola, og nistepakken blei opna.

Mot Kjerag
Vidare tenkte eg meg mot sommaruta som går mellom Langavatn turisthytte og Kjerag, og alt etter forholda, følge den i den eine eller andre retningen. Landskapet i dette området er ikkje alltid like lett å ta seg fram i, med ein mengde med kryssane smådalar og bekkedalar. Det er også mange bratte skrenter. Utfrå kartet såg det greit ut å kome ned mellom vatn 1076 og 1081. Det viste seg lettare tenkt enn gjort, då det her var svært bratt ned. Fann imiddlertid ein stad der det bare var 4 meter ned, litt for langt til at eg ville hoppe! Litt irriterane å måtte gå samme veg tilbake, så eg prøvde meg ned ein snøbakke ned til vatn 1076. Det viste seg å vera greit. Vidare måtte ein del av vatnet kryssast, då det var umogleg å gå langs land. Isen såg grei ut og det var eit godt snølag over overvatnet. Det var ingen problem å gå over, men lite kjekt å gå åleine over slik is...

Sommarruta mot Kjerag går ned eit lite, men litt bratt parti, og eg tenkte eg vill sjekka ut om det var greit å ta seg ned her. Området der stien gjekk ned var delvis avsmelta og det var lett å ta seg ned. Det kan kanskje vera betre å gå opp/ned ca 100-150 meter lenger søraust, der det er litt slakare og antydning til ein liten rygg (synleg på kartet).

Vidare mot Kjerag tok eg opp sida vis-a-vi nedstigninga og ikkje nedover mot vatn 1018. Oppover var det antydning til skispor, så det har sikkert gått andre her for ikkje så altfor lenge sidan. Gjekk eit stykke for å krysse bekkedal og deretter vidare mot pkt 1132. Deretter ganske direkte nedover mot der Kjeragbolten, og kryssa over den siste bekkedalen like ovanfor (Her krysser også den nye sommarruta mot Flørli)

Kjerag
På kjerag var det stille og roleg, då turgåarane var på veg tilbake. Ikkje spesielt mykje snø, men fonna framfor bolten var ganske stor. Flott med mykje vatn i fossane. Og suget med å kikke over kanten er artig. Det er laaaangt ned...
Tilbake mot Øygardstøl var det greit å gå på ski i starten. I den første nedoverbakken var det bra med snø, og eg kunne stå på ski ned mesteparten av bakken (det var ei snøfonn heilt ned, men den såg eg ikkje før eg var nede). Herfrå og ned var det med ski på sekken, sjølv om det var nokre snøfenner nedover.

Tok snarvegen til svingane ovanfor Øygardstøl og sklei ned snøfeltet som låg der det siste stykket. Traska så opp nesten 2km på vegen opp til bilen.

Kjempeartig tur!

Nokon som forresten har gått Langavatn - Kjerag vinterstid (jan-april)?

post-5-133474391631_thumb.jpg

post-5-133474391641_thumb.jpg

post-5-133474391648_thumb.jpg

post-5-133474391654_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse
Gjest Anonymous

Kjekt med bilder fra områder der jeg ferdes.

Jeg har gått i området en del ganger. Som en kommentar til ditt veivalg, så er det mulig fra toppen av Storådalen (Der du kom ned en bratt skrent.) å holde høyden utover mot Kjerrag. Sommerstien går nede i dalen fordi det er en del søkk hvor snøen ligger, og det er fare for å falle gjennom.

Jeg tar normalt også turen gjennom skaret og ned til Øygardstølen, men har aldri sklidd ned på fonna. Det er for bratt for meg...

En liten historie fra stedet:

Jeg er fortalt (fra folk som burde ha greie på det) at Lyse Kraft folk nå har forbud mot å kjøre ned mot Kjerrag på scooter. I tett tåke tok de det litt med ro, og stoppet for å se seg rundt. Da sto scooteren med forparten på stupet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.