Gå til innhold
  • Bli medlem

Kosetur til Knivskjellodden.


Stuttjukken

Anbefalte innlegg

Ein sommardag i 1989 var eg på Magerøya for første gong. Eg var på ein 2-vekers tur i Nord-Norge for å oppleva landsdelen åleine. Eg er frå Hordaland, men budde på den tid nært Trondheim. Eg reiste med alt mogleg unnateke fly, for eg ville OPPLEVA HEILE Nord-Norge, frå Helgeland til Aust-Finnmark. Overnatting skjedde i hytter, pensjonat, telt (2 netter i Lofoten), i salongen på Hurtigruta og ute under open himmel (Honningsvåg i midnattsol). Dagen før reiste eg med Hurtigruta ("Polarlys") frå Kirkenes, og opplevde den fantastiske Finnmarkskysten. Tidleg om morgonen gjekk eg i land i Honningsvåg. Alt var stengt, og det var like godt å starta dagen med ein spasertur opp den snaue lia opp til høgda over Honnings-våg, med fint utsyn. Magerøya er nord for tregrensa, og med unnatak av bittelitt kratt og planta bjørk, rogn, m.m. i hagane i Honningsvåg, er det ingen skog her ute mot nord.

Seinare på dagen bar det av garde med Nordkapp-bussen. Ca. 5 km. før Nordkapp, gjekk eg av bussen. Dei andre passasjerane i bussen vart overraska. Ikkje så rart, då dei var på veg til sitt store mål i livet, nemleg å koma til Nordkapp. Då vil det sjokkera at nokon går av bussen før målet. Målet, ja, dei skulle berre ha visst at eg skulle lenger nord enn dei. Vêret var fint, men var det trygt for havskodde? For sikkerhets skuld tok eg med meg det eg trengte om det skodda skulle koma snikande frå havet. Havskodde i dette området er i periodar om sommaren meir regelen enn unnataket. I Finnmark veit dei kva det tyder, og er vant til det.

Det bar bortover dei snaue heiane i horisonten, og det meste av Magerøyplatået er 250-400 m.o.h. Nord for tregrensa er terrenget like karrig som over det høgaste på Valdresflya, minst 1000 meter høgare, men grønt var det mellom steinrøysane. Det bar ut mot kantane der næringskysten møter ein med loddrette stup, der ein ser ned på bølgjene frå havet som piskar friskt omkring klippene i sjøen nedanfor stupet. Det minnar sterkt om å stå oppå kanten på fuglefjellet Runde på Sunn-møre. Utanfor ligg furet på Tunes og dei små høgreiste øyane ved Gjesvær. (Fruholmen fyr nord i Måsøy er ikkje langt unna). Det bar nordover langs kanten, og nye stup og klipper nedanfor dukka opp, heile vegen eit imponerande syn. Det må nemnast at er havskodda her, må ein halda seg unna stupet. I dag meiner eg det er merka turløype frå bilvegen til Knivskjellodden, og den følgjer det trygge terrenget skal eg tru kartet.

Det bar så nordover heia som byrja å smalna av etterkvart som Knivskjelleodden nærma seg. Her møtte eg små reinflokkar no og då. Dei såg på meg, og rusla vidare. Dei fleste har nok sett bilete av Norkapp, som eit platå som stupar rett i havet. Her ser ein Nordkapp frå vest, akkurat slik som bileta i turistreklamen, men no ser ein resten av landskapet rundt, og skuet vert dermed langt flottare. Det bar så ned på austsida av ryggen og ned til sjøen. Så var det berre å rusla utover langs stranda til ein var ytst på Knivskjellodden. Ein skulle ikkje tru det, kanskje, men det er rik flora her ute, grønt og frodig innimellom etter forventningane. Vel ute på odden, har eg Nordishavet langt på veg rundt meg, i vest, nord og aust. Småbåtane driv forbi på havet utanfor, endå lenger nord. Så ser eg austover mot Nordkapp, men no ser eg noko bak som sig ut på nordsida av Nordkapp (venstre sida). Det er faktisk Kinnarodden (Nordkyn), nordlegaste fastland ein ser, og dermed får ein bekrefta at Knivskjellodden er lenger nord enn Nordkapp, sidan ein ser sørlegare landskap lenger bak. Dei tørre tala på posisjon kjenner ein jo, og dei finn ein på kartet, om eg ikkje hugsar feil: Nordkapp, 71.10.21, Knivskjellodden 71.11.08, Kinnarodden (Nordkyn), 71.08.00, alt i nordleg breidde. (Bjørnøya og Svalbard neste, men der har eg ikkje vore endå).

Returen gjekk inn att langs stranda og inst i bukta. Det bar opp dalsøkket og direkte søraustover att til bilvegen. Vêret held seg fint heile ettermiddagen/tidleg kvelden, noko eg fekk vita seinare at eg hadde vore uforskamma heldig med. Utover kvelden var det rett nok ein del skyer, men då eg var oppe ved vegen og venta på siste buss til Nordkapp, braut sola gjennom skydekket og danna eit gyllent skjer over havflata nordafor. Bussen kom, og dermed var det min tur til å følgja turiststraumen. Vel framme på Nordkapp, vandra eg rundt ute og inne blant attraksjonane og souvenirane (postkort, isbjørn og reinsdyr i plysj, m.m.). Ivo Caprino-filmen måtte eg få med meg. Ei i beteningen (sunnmøring, faktisk) sa at ho vona at midnattsola vart å sjå i natt, då havskodda hadde lagt stabilt her ute om nettene sidan lenge før jonsok, og no var det 20. juli, og snart slutt for midnattsol på Nordkapp dette året. Denne natta var det klarvêr nord for skydekket, og kl. 23.30 kom sola under skyene. Då vart det midnattsol på Nordkapp denne natta, og det er faktisk sjeldan der ute i havgapet. (Eg har vore 2 gonger til på Nordkapp, den eine av dei i tett havskodde, sjølvsagt).

Så gjekk bussen attende til Honningsvåg, og det vart ei natt ute i midnattsola under open himmel. Morgonen etter stod bussturen til Hammerfest for tur. Unn deg ein real Nord-Norge-tur som dette er ein smakebit frå, og gløym ikkje Lofoten og Vesterålen. Denne turen gav meg eit så sterk kjærleiksforhold til Nord-Norge at eg året etterpå flytta nordover til Sortland i Vesterålen, og budde der i 3 år etterpå. Æ angre ittje! God tur til Knivskjellodden og Nordkapp!

Helsing Stuttjukken.

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.