Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Brigsdalsbreen, ja, og ein tenkjer på solrike sommardagar, der bilar og turbussar rullar av garde innover til kaféen i Brigsdalen. Store flokkar med turistar renn av garde i strie straumar oppover den svingete grusvegen. Hesteskyssane fartar att og fram over ei av dei mest fotograferte bruene i Norge, med ei vilter og brusande elv under full i breslam. Folk går langs brevatnet og (for langt) inn mot breen som reiser seg bratt oppover, og kalvar i vatnet og lagar litt bølgjer, i noko mindre omfang enn tsunami-bølgjene i Indonesia m.fl. land. Breen varslar klart at den kan koma med så store isblokker, at bølgjene lokalt kan verta vel så store som den, her lokalt. Og hordar av turistar applauderer ved stranda då neste isblokk landa i vatnet. Sola er varm i det straumar av turistar går ned att til bilane og bussane.

----

Knip att augo, tøm hovudet heilt og tenk på absolutt ingenting. Lytt etter stillheita, og kopla heilt ut. Ta augene sakte opp att og tenk på noko kvitt. (Først no kjem stemningsrapporten).

----

Eg har vore ein einaste gong til Brigsdalsbreen. Det var ingen solrik sommardag, med hesteskyss og store straumar av turistar. Denne dagen var det heilt overskya. Dagen var kort, alt anna enn full-lys, og kvelden kom tidleg. På stille vegar bar det frå Olden og innover i Oldedalen. Det var nestan ikkje trafikk, kun ein og annan trailar på veg frå det godt kjende "Olden"-vatnet på flaske og nokre småbilar frå Rustøyane og Åbrekk innanfor vatnet. Liane her inne er blant dei mest høgreiste i landet, og Oldevatnet er ikkje mange metrane over havet. Rundt reiser liane seg frå Yri- og Gytri-gardane mot Cesilie-kruna og Myklebustbreen på vestsida av vatnet. På begge sider av vatnet når liane opp mot toppar omkring 1800 m.o.h. Jostedalsbreen er ikkje langt unna. Skyene er mørke og gøymer dei høgste fjella. Det er opphaldver nede i dalen under dei mørke fjellsidene. Nede er det bart, men snøen ligg oppe i liane. Undersida av skyene er ullen og uklar, då det truleg snøar lett under dei, men snøen turkar opp og kjem ikkje heilt ned. Eg er på tur til vener i Velsvikja (nært Volda) på Sunnmøre, og unnar meg avstikkaren inn i Brigsdalen, denne grå dagen i byrjinga av desember(!).

Vel inne i Brigsdalen vart bilen parkert. Det var heilt stille. Det bar oppover vegen og innover på stien vidare mot Brigsdalsbreen. Litt nysnø på bakken avslørte at eg var åleine her inne no. Ingen hestskyss som spring ut i fossane, med gedigne amerikanske søksmål som resultat. Ikkje ein turist, kaféen var stengt og det var mørkt innanfor vindauga der stativa med postkort kunne skimtast. Brst det var vart det endå stillare. Det byrja å snøa, meir og meir, men like stilt. Det duknakka bjørkekrattet vart mindre og mindre, og skuringstripa berg kom fram. No var ikkje breen langt unna. Ikkje ein lyd, ingen fuglesong, men fullkomen stillheit denne desemberdagen. Det einaste teiknet til liv var eigne spor i snøen. Det snødde tettare og sikten vart dårlegare. Med eitt var eg framme, og der reiste Brigsdals-breen seg i all sin velde oppover og forsvann inn i skydekket som ein himmelstige. Breen reiste seg opp med sprekker og klumpete framtoning. Nysnøen la sitt slør over alt som var oppovervendt. Under brefronten kom blåisen til syne, der nysnøen ikkje nådde. Og for ein blåfarge som eg aldri har sett i ein bre, verken før eller sidan. Blåisen lyste opp på underleg vis denne desemberdagen, og trollbatt meg der eg stod åleine inne i den kvite stillheita av ein is-katedral. Brigsdalsbreen var så absolutt pynta til jul. Eg er ingen brevandrar og har ingen brerøynsle, men opplevde slik kontakt med breen som eg ikkje kunne tru var mogleg, og det utan å ta på breen. Stemninga var heilt fortryllande, der eg opplevde ærefrykt.

Korte desemberdagar varar ikkje lenge, og snart måtte eg returnera. Denne naturopplevinga gjorde eit sterkt inntrykk på meg, og har fulgt meg sidan. Opplevinga hadde vore umogleg i turistsesongen. Vent til ein skya desemberdag. Sjølv held turen fram til Sunnmøre, der eg vende tilbake til vegen over Standalseidet og utover ytre Hjørundfjorden (for meg Norges vakraste fjord), der tindelandskapet over Trandalen mot Hundeidvika reiste seg opp i himmelen ein annan skya desemberdag.

Det er kun ein ting å sei. Opplev den lysande blåisen Brigsdalsbreen åleine ein grå og skya desemberdag. Notert av den vonlause romantikaren, og i skrivande stund er det vår og lenge til desember.

Helsing Stuttjukken.

Annonse
Skrevet

Nydelig skildring, Stuttjukken. Det var lett å føle stemningen selv om jeg ikke har vært i Briksdalen på den årstiden du skildrer. Men selv i den verste turistsesongen kan en finne stille og ensomme steder inne i Olden. En tur innover Kattanakken er en flott opplevelse. Den smale ryggen med Kjøtabreen og Melkevollbreen dypt under en på hver side av ryggen, er spektakulær. Her kan en sitte på avstand å betrakte turistflokkene nede ved Briksdalsbreen. Likeså turen opp til Oldeskaret, en fjellside så bratt at de fleste vil si at det ikke er mulig at der går det en sti. Eller en tur opp til Flatsteinbu og videre ut på stupet med Brenndalsbreen flere hundre loddrette høydemeter under deg. Vi satt en gang og lunsjet på stupkanten mens storbreen stadig sendte sine skred av ismasser ned på Brenndalsbreen. Dette er det flotteste lunsjsted jeg noen gang har opplevet, utbrøt min kone.

Skrevet

Ja, det er nydelig derinne. Vel er Briksdalsbreen vestlandets Besseggen - overeksponert, kommersialisert og overtrafikkert. Men det gjelder kun "japseruta" langs stabbesteinene, over brua og fram til brefronten. Gå noen skritt til, og det er heldigvis her som ellers i fjellnorge - du blir fort alene...

Vi var i Olden indianersommeren i -97. Formålet var slektsgranskning, for å lete opp slektninger av kona, Yri-folket innerst langs Oldevatnet. Landskapet der inne slår nesten pusten ut av oss "flatlendinger" :wink: . En kveld gikk vi opp på en knappenålsliten urgammel setervang, i henget oppunder Ceciliekruna. Der satt vi stilltiende på et sva i markblomstenga, og så slagskyggen av storfjella bak oss langsomt fylle dalen, for så å krype opp fjellsidene på motsatt side av vatnet. Vassflata ble delt i to, en tindrende jadegrønn del, en annen djupblå og skyggelagt. Et intenst lakselys strøk himmelranda mot øst, der turkise brekapper glitret over orange stupvegger, mens kritthvite regnbueskimrende brudeslør av vann hvisket fjernt gjennom kveldsstilla... Slik ble vi sittende, og så dagen blø ut over Kattanakken - helt til den siste stripe av lys tonet ut på silkesnøflatene høgt der oppe under østhimmelen. Like etterpå rullet en ovstor fullmåne inn på himmelflata over Briksdalsbreen, mens måltrosten jublet langs skyggeblå stupbratte bjørkelier...

Takknemlige og nesten andektige, ruslet vi omsider i kveldskjøligheten tilbake til dalen, og bar med oss en angende bukett av tjyrublomst og blåklokker. En fullendt sommerdag var tilendebragt, og jeg glemmer den aldri –

Skrevet
Trauste bønder som deg er det mange av både ved myr og tjern.

Ikke ved de myrene og tjennene jeg går ved! Bli med meg en tåkelagt frostig novemberdag over fløtene innpå Endelausa (et av fylkets største myrkomplekser), så kan du telle hvor mange andre du ser... Å nei du, der er du alene i verden. Og stillheten er total - vágt anes kun lyden av høstens første snøkorn som ryr ut av gråa, og faller pustlett på frosne løv av rogn og fjellbjørk. Inni en tørrhol ryter spinkelt grammeisas tørre sang, og kanskje tar du opp en orrhane utpå dagen. Men ingen å se, ingen å høre. Og ingen mobiltelefon. Bare en stor altoppslukende stillhet..

Gjest Anonymous
Skrevet

Eg fører på breen i briksdalen, og har ein teori på kva som laga lyd. Det er trolla som tissar blått tiss utover breen...for å gi turistar og andre den andektige opplevinga av BLÅis :lol:

Breførardama :shock:

PS! Dette trur i alle fall alle turistane eg har m på breen...hehe

  • 5 måneder senere...
Skrevet

No er me i november. Om ca. 1 månad og utover er tida der, berre for å minna om det. De som vil oppleva denne trolske førjulstemninga ved brefronten i Brigsdalsbreen i snøvêr, bør byrja å tenkja på det i desse dagar. Denne årstida med dei kortaste dagane er forholdsvis kort, og det må stemma med vêret og snøforholda. Det skal kun vera litt nysnø, maks. 10-15 cm, slik at det både høver å gå til fots, og at blåisen er intakt utan å vera gøymd av nysnø som piskar seg inn på alle sider av isblokkene. Om det er opphaldsvêr elles i Nordfjord, skal de vera snøvêr ved breen, slik at de kan sjå breen stiga bratt opp og inn i ein sky av mystikk. Denne naturopplevinga er nestan like avgrensa i tid som opninga av Speilsalen og Blåsalen i Trollheimen. Når dagen kjem må ein vera der inne ved Brigsdalsbreen. Les første innlegget i tråden, så forstår de kva eg meinar. Dette er ein så trolsk oppleving, at ein føler maktene i himmelrommet utøver krefter like over deg, gjennom lyden av knakinga frå breen i det stille snøvêret i det underfundige desemberlyset. Eg har opplevd det. No er det dykkar tur. Etter at sommarturistane har reist, førebur no Jostedalsbreen denne naturstemninga for sine utvalde, nemleg dykk på Fjellforum og dykk som les dette.

Skriv inn på denne tråden når de har vore der. Dette gløymer de aldri.................

Helsing Stuttjukken.

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.