dr_cyanid Skrevet 19. mars 2006 Skrevet 19. mars 2006 Hei, Vi har tenkt oss på påskeferie på en hytte i Sogn, like ved Bjordal. Vi håper å få oss noen turer på ski i Stølsheimen dersom dette er mulig da. Slik jeg har forstått er det mulig å kjøre fra Bjordal og oppover til Stølsheimen. Men Stuttkjukken skrev noe om at det kan være vinterstengt på denne strekningen. Vet noen om dette gjelder også i påsken? Vi nærmer jo oss tross alt mai måned da... Uansett ønsker vi å komme oss på tur. Enten det er til fots eller på ski. Så vi er veldig mottagelige for tips både om fotturer i Bjordal-området og eventuelle mulige skiturer. Siter
Stuttjukken Skrevet 20. mars 2006 Forfatter Skrevet 20. mars 2006 No veit eg ikkje kva dei gjer med vegen etter at dei nye tunnelane kom på plass på Sognesida. Før i tida vart ikkje vegen brøytt, men snøen låg i vegen til den forsvant av seg sjølv for det meste, (etter at vegen mellom Instefjord og Oppedal var ferdig i 1990). Eg trur likevel at vegen er brøytt eit stykke oppover, i beste fall til Hestfossen, der ein sideveg går inn til Årsdalsvatnet. Derifrå er det greitt å rusla opp Fridalen, og trekkja innover fjellet på ski. Det er lite snø i fjellet i år, og kven veit, så kanskje dei brøyter over fjellet likevel. Elles nemner eg at vegen er open så godt som heile vinteren frå Matre til Stordalen på andre sida av fjellet. Aktuelle skiturmål i dette området er vestover mot Vestre Stølsvatnet - Myrestølen - Årnesstølen, og gjerne vidare til Indre Oppedal. Ver obs. på at snøen er borte i låglandet i desse kystfjella nordvest i Stølsheimen. Elles kan ein rusla forbi Nystølen og trekkja innover mot Geitenakken, Fjellvatna, og gjerne vidare over Årsdalsryggen til Vardadalsbu. Unngå alle regulerte vatn, for i år er ikkje isen trygg på nokon av dei. Elles kan ein gå vestover frå Stordalen mot Dukestølen og Kringla (E 39). Køyrer de innover til Ortnevik, kan de bera skiene fram i Brydalen og rusla oppover mot Brydalsfjellet, og få eit flott nedrenn attende. Frå Brydalsfjellet ser de rett i Jotunheimen. Turmoglegheitene er mange i området. Skulle eg få vita om vegen skal opna til påske, noterer eg det her. Fotturtips er å rusla opp skogsvegen i Bjordal si austside, og halda fram på stølsvegen oppover og gå innover til Systølen, ein av dei aller vakraste stølane i Stølsheimen. Det er ei perle av dei sjeldne. Helsing Stuttjukken. Siter
dr_cyanid Skrevet 24. mars 2006 Skrevet 24. mars 2006 Takk for gode tips og forslag! Flott om du gir en lyd her på forumet angående veien dersom du får høre noe. Siter
Stuttjukken Skrevet 25. mars 2006 Forfatter Skrevet 25. mars 2006 Eg har sjølv tenkt på ein dagskitur i området om høvet er der, kanskje omkring påske. Helsing Stuttjukken. Siter
Stuttjukken Skrevet 10. april 2006 Forfatter Skrevet 10. april 2006 For tida er vegen Matre - Stordalen - Bjordal open frå Matre til Stordalen Fjellstove, samt forbi Stordalsstølen hytteområde til like nedanfor demningen ved Krokavatnet. Vidare ser det ut som om snøen i vegen er nedkøyrt, og er pakka ned i vegen. Om den er halvvegs brøyta eller om det kune er nokre maskinspor, sjekka eg ikkje. Uansett er vegen stengd over høgda vidare mot Bjordal ved Sognefjorden. Den KAN vera open til Hestfossen vegskifte nedanfor Årsdalsvatnet, men bommen kan óg vera nede innanfor gardane på Førde. Det har eigentleg liten betydning. Ver OBS at vegen frå innanfor gardane på Fossen og Stordalen er nattestengd. Klokkeslett er å lesa på skiltet innanfor Matre i Masfjorden. Elles er det lite snø omkring Stordalen (20-50 cm., der det er litt nysnø på overflata), men skal de innover mot Vardadalsbu mot aust, vil nok snømengda auka mykje innover. Helsing Stuttjukken. Siter
baardemann Skrevet 3. september 2008 Skrevet 3. september 2008 Tenkte å finne bra fiskestader på vegen Matre - Stordalen - Nystølen - Årsdalen - Førde/Hest/Osland/Bjordal som er nemnd ovanfor. Kva for vatn i rimeleg gåavstand frå vegen (1 - 2 timar) er bra å fiske i ?? Er det best å freiste lukka på vest- eller austsida av vegen?? Siter
Harahund Skrevet 1. desember 2008 Skrevet 1. desember 2008 Tenkte å finne bra fiskestader på vegen Matre - Stordalen - Nystølen - Årsdalen - Førde/Hest/Osland/Bjordal som er nemnd ovanfor. Kva for vatn i rimeleg gåavstand frå vegen (1 - 2 timar) er bra å fiske i ?? Er det best å freiste lukka på vest- eller austsida av vegen?? Begger sider kan være bra. Vest: Myrestølsvann, kvannrødvann mfl Øst: Spongavann, Fjellstuen mot Fagerdalen - her er noen småvann med riktig fin fisk Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.