Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Annonse
Gjest Anonymous
Skrevet

Man regner vanligvis ikke med sykkelføre på Rallarveien før ca 1.juli. Dersom du prøver deg i begynnelsen av juni må du forberede deg på en del trilling over snøfelt/snøfonner.

På den annen side; tenk positivt, du kommer garantert til å slippe å sykle i kø, slik folk gjør i helgene i august!

Her kan du daglig sjekke snøforhold på Finse:

http://www.bergens-tidende.no/kamera/article.jhtml?articleID=24451

Gjest Anonymous
Skrevet

ja, regner egentlig med det? hvor pleier det å ligge med mest snø? går utifra at finse-fagernut er spesielt utsatt, men så lenge det ikke er for mye snø i nedoverbakkene tror jeg at jeg skal klare meg.

hvordan er veien mellom myrdal og voss (kun syklet finse-flåm)?

Skrevet

Litt info om strekningen Myrdal - Voss:

Det er ikke mulig å sykle fra Myrdal og retning Voss, men derimot fra Upsete og videre gjennom Raundalen til Voss.

Du må derfor ta et lokaltog fra Myrdal til Upsete, og sykle videre herfra!

__________________

Rune.

Gjest Anonymous
Skrevet

Kristian, sykkelturen fra Uppsete til Voss er fin de første fem kilometerne, senere er den strengt tatt litt kjedelig. Men den er i det minste lettsyklet!

Gjest Anonymous
Skrevet

Grunnen til at jeg vil fra myrdal til voss er at jeg ønsker å fortsette til bergen når jeg har nådd voss, men hvis det er knotete kan jeg heller sykle flåm - bergen. myrdal - flåm er jo og forsåvidt den mest gøyale delen av veien..

Skrevet

Såvidt jeg vet, går det ingen "gamlevei" mellom Flåm og Gudvangen. Å haike med sykkel er ikke særlig enkelt!

Det du kan gjøre, er å ta en turist - cruisebåt som går mellom Flåm og Gudvangen sommerstid, for å unngå denne tunnelen.

En annen mulighet, er å ta Expressbåten fra enten Flåm eller Aurland tilbake til Bergen. Da får du hele Sognefjorden med på kjøpet!

_________________

Rune.

  • 3 uker senere...
Skrevet

om du regner den asfalterte veien fra voss til mjølfjell ungdomsherberge som rallarveg kan du sykle store deler av veien til upsete no. var på skitur 17. mai og vil ikkje anbefale å prøve seg på sykkel mellom ungdomsherberget og upsete enno...

du kan jo f eks sykle frå finse til flåm, og ta ein båt (altså gamlevegen flåm-gudvangen), og sykle opp den frykta stalheimskleiva (tour de france snart,,, kleiva er kanskje kategori 2?? litt kort??)

voss bergen er jo sikkert ekstra artig...

Skrevet

Korleis ein kjem seg fram med sykkel mellom Flåm og Gudvangen er nemnt, ser eg. Det er å tilføya at ferja mellom Flåm og Gudvangen har ein avgang tur-retur heile året, og dei andre ferjeavgangane heile året. Det betyr at syklistar frå Rallarvegen til Flåm har ei ferje dei kan ta utover heile hausten til Rallarvegen snøar ned, om det så skulle verta så seint som i november, for den saks skuld. Elles nemner eg at heilårs-avgangen med ferja går med liten båt nokre månader om vinteren. Skulle det vera is i Nærøyfjorden inn til Gudvangen, går båten ein runde på Aurlands-fjorden og går til kaien i Undredal istadenfor Gudvangen. Det går buss frå Undredal til Gudvangen (og vidare i fast rute til Voss) når båten ikkje kjem inn til Gudvangen pga. is. Bussen frå Gudvangen til Voss, etter ferje- eller båt-turen går heile året, og inngår i Nutshell-turen som det er tilbod om heile året, med ein avgang i begge retningar om vinteren, og mange avganger om sommaren. Om sommaren er det mykje folk og baggasje, men om vinteren når bussen må gå mellom Undredal og Gudvangen i tillegg er det sjeldan så mykje folk at det ikkje er plass til ein sykkel, men Rallarvegen er iallfall stengd på den tida av året , då det er is i Nærøyfjorden. Underteikna har sjølv køyrt nemnde bussrute nokre gonger ein vinter.

Helsing Stuttjukken.

Skrevet

Går det buss hvor man kan ta med sykler fra Stalheim hotell til Flåm. Det hadde jo vært helt sinnsykt å sykle tilbake fra oppi Flåmsdalen, via ferge til Gudvangen og opp Nærøydalen. Veien Lærdal Aurland er også classic, men der er det nok for mye stigning for kvinner.

Skrevet

Når det gjeld sykkeltransport " i frao Stalhaim té Flåm, faor ain håyra mé skysskar´n pao bussen", (lokalt uttalt). Syklar ein "né Klaivæ" (Stalheimskleiva) til første ferja frå Gudvangen, når det er sommarruter på ferja, er ein i Flåm om føremiddagen. Då er det berre å trakka seg oppover Flåmsdalen.

Kva med å sykla "né pao Vangjen" (til Voss) om morgonen. (Det er mogleg å ta toget frå Voss til Myrdal). Så er det berre å sykla seg innover i Raundalen forbi den flotte trekyrkja innanfor Urdland, vidare forbi Skiple-tunet, Reimegrend, Mjølfjell og Mjølfjell Ungdomsherberge, og vidare på grusveg over Vieren og Langvasstølen til Upsete. Send sykkelen med toget til Myrdal. Sjølv går du stien opp frå Upsete og gjennom Gravahalsen, ned den uimotståelege Ugjerdsdalen (flott teltplass!), og gå rundt Urdshovd mot stupet over botnen av Flåmsdalen. Kanskje høyrer ein gjenklang frå plata som Flåmstoget set på for turistane med huldremusikk i Kjosfossen, (eg har faktisk opplevd å høyrar akkurat det!, og slik musikk på fjelltur er ikkje akkurat vanleg). Dermed er turen kort opp til Myrdal stasjon, der sykkelen ventar. Då står det att å velja om ein vil sykla ned Flåmsdalen, eller innover Moldådalen til Hallingskeid, og vidare til Finse og Haugastøl. (Frå Gravahalsen er det mogleg å gå inn til Kaldavasshytta for overnatting (ingen proviant), og gå over Vossaskavlen til Hallingskeid dagen etter, og kanskje finna att sykkelen på Hallingskeid stasjon, om du sender sykkelen der til).

Er ein i området ved Stalheim, kan ein sykla på grusvegane i Brekkedalen og Jordalen, eller frå Oppheim og inn i Oppheimsdalen. Der er det flotte og rolege grusvegar for sykling, forbi ei mengd med stølar. Set sykkelen frå deg og trekk opp i dei vakre fjella der inne. Har ein allereie sykla rallarvegen, og har tid til overs, er dette eit tips.

Om oppstigningen frå Aurland eller Lærdal til Nalfarhøgdi (ca. 1300 m.o.h.) er for stor for kvinner har eg følgjande å sei om. Det fjellet som kvinner ikkje hadde klart å sykla opp hadde vore så høgt at tyngda av fjellet hadde fått jordskorpa til å kollapsa heilt, og til det er Mt. Everest mange tusen meter for låg, heilt utan hensyn til kvaliteten på lufta, med tanke på okygeninnhald, m.m. (Eg flirte litt då eg las det, Tom).

Helsing Stuttjukken.

Skrevet
Om oppstigningen frå Aurland eller Lærdal til Nalfarhøgdi (ca. 1300 m.o.h.) er for stor for kvinner har eg følgjande å sei om. Det fjellet som kvinner ikkje hadde klart å sykla opp hadde vore så høgt at tyngda av fjellet hadde fått jordskorpa til å kollapsa heilt

Hehe, du har visst ikke kjent de samme kvinnene som jeg :)

Jeg har forresten kjørt innover stølsveiene innenfor Stalheim, og overnattet i telt på den innerste stølen. Det er så vakkert at det ikke finnes ord.

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.