Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Annonse
Skrevet

Fryktelig tungt og solid, altså for hundekjørere. Komplettfritid har noe liknene - bare mye dyrere. Fint å se noe som ikke selges på g-sport.

Uansett så er det artig å se hva svenskene får til. De tenker ofte heftig når de lager klær (Klättermusen).

Skrevet

Buksa ser konge ut. Ho er blant anna sydd av Schöller soft shell - eit materiale eg har gode røynsler med, men som færre og færre produsentar brukar i dag. Vidare er det massevis av lommer. Trur eg må vurdera ei slik til neste vinter!

Eg tykkjer elles godt om produsentar med ein miljøprofil.

  • 7 måneder senere...
Skrevet

Akkurat fått buksa no. Fyrsteinntrykket er svært bra. Om eit par år skal eg ha langtidserfaring også.

Den buksa så knall ut! Kan du gi tilbakemelding på hvordan den fungerer med litt høy aktivitet? Blir den tung og varm?

Skrevet

Synes dette ser ut som noe som er verdt å ta en titt på. Min Freke bukse(klattermusen) begynner å bli slitt og dette ser ut som en god(og ikke minst rimeligere) erstatning. Om noen kjøper oppfordres de sterkt til å legge ut sine erfaringer!

Skrevet

No har eg fått prøvd buksa på to skiturar. Lurdag var det rundt null grader og snøvær, altså forhold der vatntette klede er kjekt, men likefullt vert veldig klamme. I dag vart det topptur i nokre kuldegrader og til dels mykje vind med snødrev, ansiktmaskevær.

Buksa er vatntett, på godt og vondt. Glidelåsane til bakluka (for å drite utan å ta av seg jakka) er tovegs og går nesten ned til kneet. Ved å åpne desse nedanfrå, er det mogleg å få til effektiv lufting. Det øverste partiet på buksa er også litt meir luftig, og overgangen til dette stoffet kjem nedanfor hoftebeltet til sekken, så dette stenger ikkje luftstrømmen så mykje som på mange andre bukser. Stoffet er passe stivt slik at det vert ståande luft innanfor sjølv om vinden rufsar godt. Det bråkar derimot så mykje når ein går at jegeren gjerne vil ha eit anna stoff.

Lårlommene har god plass til votter eller feller utan at eg merkar så godt at eg har desse lommene der. Dei er riktignok litt trang i åpningen.

Ettersom buksa når så høgt, vert ikkje selane så lange, i tillegg til at dei går i kryss bak. Dette fører til at dei sit godt på plass utan ramle til sides. Desse fungerer betre enn det meste eg har prøvd, også av tilsvarande høge selebukser.

Det eg ikkje er så fornøgd med er nedkanten på strumpene. Desse er ordentleg vide. Det er sjølvsagt kjekt for dei som skal ha dei utanpå kraftige støvler. Det eg derimot savner, er ein moglegheit for å stramme desse inn noko. Det er riktignok hemper til å tre gjennom ein strikk, så får eg sjå om eg får til noko som fungerer.

Skrevet

Eg fekk mi bukse sist helg, men har ikkje fått testa ho til anna enn ein tur i ruskete haustvér. Fyrsteinntrykket er på alle måtar veldig positivt og gledar meg til å bruka ho skikkeleg.

Det eg kan seia så langt er at det er gjennomført god kvalitet over heile lina. Heile fem lommer er noko eg har sakna på det meste anna eg har gått med tidlegare, men som Afe kommenterer så burde det vore noko meir stramming nede rundt skoen. Då hadde buksa fått eit utvida bruksområde - til dømes på sure haustdagar. Selane heng godt på skuldrane sjølv om ein går utan sekk.

Når det gjeld pusting så skal det seiast at buksa er laga av eit kraftig materiale. Då ventar eg ikkje all verda til pusting, men stoffet er mindre klamt enn Klättermusen sitt. Eg har så langt berre gått med buksa rett på skinnet.

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.