Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Prøver meg på ein turrapport etter å ha hatt stor glede av å lesa andre sine rapportar.
Har og snekkra saman ein liten video/bilde rapport fra vår miniekspedisjon I ei travel helg.

Link:




Me hadde i nokre dagar snakka om å få teke oss ein tur hvis været skulle bli nokon lunde bra.
Etter skulen fredag var Sindre meir enn klar så me pakka pulken og skia i bilen med kurs for fjellet.
(ikkje alle rundt middagsbordet var like begeistra for planen vår)
Nordvest frisk bris og -5 grader var det som møtte oss! Her var det berre å komme i gang før me vart kalde.
Planen var å gå 2-3 km med feller under telemarkskia til Vassdalen. Turen er lett med stigning på 150høgdemeter. Teltplass blei opparbeid i ei skråning med godt feste for snøpluggane og i le for vinden.
Før teltet var oppe måtte hodelyktene fram i mørket som seig fort på etter Kl:1600.
Så snart telt og pikkpakk var på plass vart 111’en frest i gang for no var kakao og kaffisuget prikært!! Snøgrop med sitteplass og bålplass fiksa Sindre og den medbrakte veden vart lagt på plass.

Da lyset på Siplo Skisenter vart synlig bak åskammen vart nyskjerrigheten for stor og plutselig var me på tur nedover med ski og hodelykter. Gjengen i bakken dreiv med klargjering for sesongåpning og Sindre fekk seg ein tur i den nypreppa flombelyste bakken.

Tilbake i leiren vart 111’en fyrt opp igjen for snøsmelting/vannkoking medan bålet vart tent.
Real turmaten naut me framfor bålet i den koselege gropa vår og måltidet vart avslutta med ein sjokoladebit og kakao.
I 8 tiden når bålet nærma seg utbrent var det på tide å trekka inn i teltet. 111’en gav super varme resten av kvelden medan dagen og morgondagen som skulle innehalde handballkamp vart diskutert.
Kl:2215 sløkte me lyset og ikkje lenge etter sovna begge til lyden av snøen som dreiv mot teltduken.
Neste morgon starta Kl:0800 med primusen på bånn gass. Frukosten inneheldt havregrynsgrøt, polarbrød, kaffi og kakao. Etter ca 2 timar var leiren riven og rydda. Pulken vart spent fast og turen ned til bilen gikk fort unna.

I bilen heim var det enighet om at turen hadde vore "gigabra" :cool: . Det vart også avtalt at det ikkje skulle bli lenge til neste ekspedisjon. Vel heime vart utstyr rydda og hengt til tørk før avreise til handballkamp.
Søndags kvelden etter ein fin dag på Siplo Skisenter vart alt turutstyr klargjort og lagt på plass for neste tur :)

Vis rapporten i Turkartet

Annonse
Skrevet
Flott rapport og fin film :)

Det er bare å klemme på med flere turer og rapporter :D

Takk for det Kjell Gunnar :)

Turane e ikkje noko problem men rapporten blir som regel presentert på husk rundt et leirbål eller liknande i staden for å bli nedskreven!

Har eit rimeleg stort arkiv med bilder og video fra tidligare turar som kanskje skulle vore satt i system.

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.