Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Sakset fra Hardanger Folkeblad:

Willy Solberg var på tur mot Kyrkjenuten laurdag saman med kona Marit Solberg. På Steintjørna venta ho medan han gjekk oppover ein slak bakke for å finne ein lun stad. Willy Solberg er turleiar i Odda/ Ullensvang turlag og lommekjent i området. Men all snøen i fjellet har laga livsfarlege feller for turgåarar.

Før han visste ordet av det for han på hovudet ned i ei sprekke. Opp ned hang han mellom snøen og fjellet. Berre skia heldt han oppe.

-Heldigvis var eg ikkje aleine og heldigvis hadde eg skia på, seier Solberg som framleis er svært rysta av opplevinga.

-Det var ei djup sprekke, eg såg ikkje botnen. Ho var om lag ei meter brei. Eg hang omlag to meter ned, Marit fekk såvidt tak i skistaven. Eg fekk lirka av meg skia, fekk feste med sokkane og vart dregen opp etter skistavane. Eg hadde aldri komme meg opp aleine.

No ynskjer Solberg på det sterkaste å oppmode andre om å vere svært varsame i fjellet i år. Snøen lagar tynne bruer over sprekkene, slik at dei ikkje er moglege å sjå. Solberg meiner snøbrua over sprekka han fall ned i, var omlag tretti centimeter tjukk.

-Når ein går rundt Tjoaminne oppmodar eg om å gå til hytta og ikkje ned på Steinavatnet. Det er mange fine nedfarter her, men ein ser ikkje konturane i terrenget med dei store snømengdene i år, seier Solberg.

Truleg har store snømengder kombinert med ein mild vinter ført til at snøen slepper frå fjellet, sig ut og dannar sprekker. Små stup vert ikkje synlege med nysnøen oppå og konturane vert flata ut. Solberg er kjent med at fleire har hatt likande opplevingar området ved Steinavatnet, spesielt langs vatnet.

-Dersom folk går utanom løypene, bør ein halde avstand frå kvarandre. Hadde me gått saman ville me begge ramla nedi, seier Willy Solberg.

8)

Har selv holdt på å falle ned i snøsprekker når jeg har klatret opp bratte skråninger. Særlig ble jeg skremt da jeg skulle opp ved en demning for etpar uker siden. Så vær forsiktige, folkens! God påske!

--------------------------------------------------------------------------------

Annonse

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.